søndag, februar 27, 2011

Heimelaga "strikkelampe"...

 Kva kan ein ikkje bruke ein øydelagt genser til??
Kanskje litt styggfin?
Eg likar den.
Medan mannen i huset måtte lage middag, laga eg ein lampe..hihi. Slik er det når inspirasjonen tek overhand, og ting berre MÅ setjast ut i livet med det same...

Dette er altså resten av gensaren som ved ein feil vart vaska ved altfor sterk varme...og dermed vart altfor liten.
Men for god til å kaste.



Eg hadde for lenge sidan kjøpt ein lampeskjerm som ikkje var særleg fin, difor tok eg av stoffet.
Skjelettet har vore i kjellaren sidan, berre venta på at eg skulle kome på kva eg skulle bruke det til.

Heilt til no.

Eg drog berre sjølve bolen på gensaren over lampeskjelettet, knytte fast i toppen og vips ein heilt spesiell designlampe!
 
Som ledning har eg brukt ledningen til ei gamal julestjerne (slik som heng i vindauga), den er festa inni lampen slik at den ikkje glir av.

Strikk er jo fortsatt hot...



Synes den passa fint over disken i kroken her på kjøkkenet vårt.

Har eigentleg veldig godt lys på kjøkkenet, men av og til vil eg ha berre litt lys...

Då passa denne lampa perfekt...

Hjå oss er det VINTERFERIE no, jippi!
Me skal jammen kose oss.
I morgo kjem vekas einaste dag med SOL, og då må me på ski!

Håpar..

Kjem snart att...




onsdag, februar 23, 2011

Blått er jo flott...


Dagen starta tidleg hjå oss, sjølv om eg og dokkemor har fri har me nok å gjera.
Fridag er handledag, vaskedag, ryddedag, strykedag,
..og ikkje minst kosedag!

Eg steiker vafler medan sola skin inn på kjøkkenet til oss...
Herleg..


Måtte nett vise denne heklabrikka som eg synes har så fin farge...
Passar så godt inntil puta eg hekla i fjor og den blå loppelampen min (om nokon hugsar den...).

Er liksom litt på leit for tida, etter nye fargekombinasjonar og ikkje minst litt inspirasjon...
Kanskje er det slik for deg òg??

søndag, februar 20, 2011

Eit lite tips...


Eg er ikkje god til å strikke, ikkje har eg orka lære meg det skikkeleg heller...
Eg kan endeleg strikke rett fram, men andre ting er litt gresk for meg.
Difor er dagens tips heilt genialt!
Eg er sikkert ikkje den einaste i bloggverda som har kome på dette altså...men men...

Ta ein gamal strikkegenser (som kanskje uheldigvis er kome saman med 60 grades klær i vaskemaskina...hmmm), finn nokre gamle syltetøyglas, klipp opp armane i passelege bitar...
tre dei på glasa, putt lys i valfri storleik oppi.

Vips, akkurat som i alle interiørblad no...
Strikking er hot..

Og endå kjekkare er det når me får det til UTAN å strikke..
(kunne sjølvsagt hekla trekk òg...)

 Eg synes dei vart fine, eg...

Eg sette oppi kubbelys frå Nille, kan ha te-lys i om ein vil...

Eg er såå glad når eg kan bruke ting omatt, på ein ny måte...

Og historia til denne genseren var eigentleg ganske trist. Det var eit uhell at den vart vaska for varmt, bestegensaren min! Eg tenkte eg skulle sy ei pute av den...men det tar så lang tid...(å finne fram symaskina..hihi).

Eg har ikkje festa gensaren på noko måte, kunne kanskje limt den på, men den heng fint.

Hjå oss er eldsteguten sendt avgarde att etter eit hyggjeleg besøk i heimen, og i morgo er det kvardag igjen.

Ha ein god start på veka!
Klem

laurdag, februar 19, 2011

Lys!

 

Endeleg var det vår tur!
SOLA kom inn glaset til oss i dag, for fyrste gong sidan midten av oktober...
Ikkje rart det vert glede i huset!
Iallefall hjå meg...

NO er endeleg vinteren slutt.
Det er iallefall bestemt, for når sola fyrst kjem, går vegen raskt mot lysare tider.

Eg sat stille i ti minutt...



 ute...



Eg er veldig glad i vinteren når den kjem, og at sola er vekke i nesten fire månader (!) gjer ikkje så mykje til dagleg. MEN når den fyrst kjem tilbake har eg lyst å juble!!

Det er fyrst då ein merkar kva ein har gått glipp av...

Vegen er ikkje lang til fjells, der sola er heile året, men det er kjekt å få den inn vindauga heime...

Det er ei hektisk helg i heimen, eldsteguten er heime ein svipptur på perm frå militæret.
Eg bakar bollar og rundstykker, kokar kaffi og prøver alt eg kan for at guten skal ha det bra...

Det er godt å ha alle mine under same tak ei lita stund.

Ha ei super helg alle som er innom!!
:)



måndag, februar 14, 2011

Ei tid for alt...


 Eg kan vel seie som Kari Bremnes; Det fins ei tid for alt...

Ei tid for bursdag til far i huset; hurra!
Ei tid for skikarusell, kjekt.
Ei tid for solfest i barnehagen, morro.
Ei tid for jobb.
Ei tid for morsdag...kjekt å bli hugsa...
Ei tid for fjelltur i strålande sol (og kald vind..).
Ei tid for trening...svett..
Ei tid for måling av kjøleskap...(veldig spontant..hahaha)
....det var berre det at all tida skulle finnas denne veka...

Difor vart det ingen tid til blogg..
Men slik er det.



Bilete frå den delen av Hardangervidda som er "heime" for oss...
Utruleg flott!

..Og ja, det går heilt fint å male kjøleskapet. Eg har brukt tavlemaling (hadde ein skvett att...), og slik ser det ut etter eitt strøk. Vurdere å male heile...iallefall gjenta med eit strøk eller to.
(PS eg har IKKJE grunna...DET hadde eg ikkje tid til..haha..)

Håpar du har det kjekt og travelt du òg!



søndag, februar 06, 2011

Ei fin helg

 Helga starta med bursdag for eldstejenta, 17 år, og tida går ALTFOR fort!
Kaker og kjekt besøk høyrer med.

Minstemor har delteke i sitt livs fyrste skirenn, eg var skeptisk til korleis det skulle gå, i og med at eg har gått på ski med ho før...
Men kven skulle tru at ho smilte og lo heile vegen! Skigåing var definitivt kjekkare med nr 53 på magen...
Haha...

Kjekt, når det var pølser i brød til premie for mistemor og pappen, og tur i skitrekket i premie for mammo...
Knallkjekt!

Ein bunt med Eskimo ullgarn er plukka fram til rein terapi på ein sundags føremiddag. Tenkte eg skulle hekle meg ei pute, er så utruleg mange flotte strikkaputer der ute i bloggverda. Mi vert hekla, av den enkle grunn at eg hadde heklenål str. 9 og ikkje strikkepinnar...



Sjølv om det er pudderføre og flotte forhold i fjellet, slit me med slaps og utruleg mykje vatn rundt huset her i bygda. Forholda ligg godt til rette for maling og pusling inne...godt me har utstyr til det òg.

Men no ventar neste bursdagsbarn på oss!
Hipp hurra for Britt!
Me er på veg...

Håpar du har hatt ei fin helg òg!

tysdag, februar 01, 2011

Heia Husfliden...

Ja, sant den er fin!? Ny drikkeflaske til heimen. Tenkte kanskje minstemor kunne få bruke den, men det kan jo hende eg òg må få låne den litt...


Mogeleg eg er litt treg, men eg har ikkje sett slike før..? Har sett same (gode gamle mjølkekartong-)mønsteret på klær, diverse bodyar og sånn, men altså ikkje drikkeflaskeutgåva.

Så fint den pyntar opp på disken.

Og ja, den kjem frå Husfliden, eg veit ikkje kva merke den har fordi eg har kasta alle lappar som følgde med (typisk). Men kanskje det er nokon der ute i bloggverda som veit?

Sidan sist, har det vore travlet. Og framfor oss ventar masse bursdagar...

Eldstejenta fyller år på torsdag, HURRA! Så i morgo blir det bakedag på meg og minstemor.