onsdag, desember 31, 2008

Godt nytt år!




Ynskjer alle mine lesarar og andre som kikkar innom
eit riktig godt nytt år i vente!
Eg vil samtidig takke så utruleg mykje alle som
har kommentert og skrive så mykje
fint til meg her på bloggen!
Tusen takk!
(håpar me snakkast i det nye året òg...)
Stoor klem frå meg!

måndag, desember 29, 2008

Ei lita jolahelsing....


Ein lett blanding av bilete i dag. Litt frå 1.juledag og då må me tidleg opp å bake litt...


Eg stressa ikkje med for mykje bordpynt i år, eg fant faktisk nokre greiner med Lerke (frå i fjor...haha...) i kjellaren..hihi...dei verka like fine i år...så kunne dei nye ligge på trappa å pynte litt der. Dei vart bordpynten i år saman med ei julekule eg fekk i fjor og ein fin svibel og litt lys...



Og sidan me har ei overaktiv frøken her i huset som leikar: "fyrst på bordet..." kvar gong eg prøver å dekke eit fint bord...hihi....var det ikkje så enkelt å ha noko der...Og juletrepynten har krype lenger og lenger oppover treet....for ho dansar rundt treet fleire gonger for dagen og då riv ho gjerne med seg den pynten som er finast....


Men elles har me hatt ei kjempefin jul så langt! Til og med nissen har vore her....og det var stas kan du tru...! Me håpar me får ei fredfull veke til...

Kosa dekan massa alle saman der ute!
No skal eg bake litt igjen...









tysdag, desember 23, 2008

No kan jola berre kome...




Slik ser spiret vårt ut! Ekte vintages frå "skrotebutikken" her omkring....


Så var jolatreet kome i hus og ferdig pynta! Eg hadde eigentleg tenkt at i år skulle me vente med å ta inn treet til vetlatrultemor sov...Men etter sterkt press frå dei eldste ungane, så måtte mor gje etter... Og du kan tru vetlatrulte storkosa seg med å vera med å pynte! Ho dansa og spratt og smilte som ei sol!
Og i år har me ikkje så veldig stort tre, slik at me etter litt omrokkering av bord...kunne plassere treet midt på golvet!! Jippi!! Er eg riktig heldig kan det hende eg får nokon med rundt juletreet i år!?...
Pynten hjå oss er ei salig blandig av ting eg har laga, ungane har laga og ting me har fått som slekt og vener har laga, og sjølvsagt ispedd litt kjøpepynt frå Ikea, blant anna...hihi...Men det er like koseleg å ta fram tinga år etter år...(og kjekkare blir det trur eg...)


Og no sit eg her og nyt dei ferske kakene eg har baka! Nydelege Sara Bernhard-kaker...som var superenkle å lage...eg fant eit tips inne på ein blogg (hugsar slett ikkje kvar...??Hjelp...) Men bloggen linka til krem.no og der var kakene...berre prøv!Nam nam...
No håpar eg alle der ute får
ein riktig hyggjeleg jolakveld
i morgo!!!
Ynskjer ei god Jol til alle!!
Klem frå meg...

søndag, desember 21, 2008

Freden senkar seg (snart)....

Eg sa jo at eg likar litt halv-gammal julepynt, og no har eg vore å henta nokon av julekulene mine. Eg hadde planlagt at desse skulle få ligga slik i ei skål og berre pynt opp med dei sterke fagare sine...MEN så fekk den vetle nissejenta vår auge på desse flotte fargerike "ballane"...og resten treng eg ikkje fortelje, men at det vart noko som liknar snøball-krig inne i stova det kan eg love...haha...Heldigvis er desse kulen såpass lette at dei knuste ikkje, litt skade vart det, men ikkje så mykje som forventa etter eit "kuleregn".... (Beklagar, men det var verkeleg ikkje meininga at fotografen skulle kome med på bloggen i dag...haha...inni kulene...)

Etter ein kikk på bloggar i dag tidleg, så kom eg plutseleg på at jammen så har eg fått ei utmerking og ei utfordring både her og der i den siste tida!!! Eg må berre beklaga at eg ikkje har reagert! Men slik er det...eg blir kjempeglad for utmerkingane! Og utfordringane brukar eg å ta på strak arm...hihi..MEN det er slik at i denne juletida så virkar ikkje hovudet mitt lika godt som vanleg (hmmm...?) Så eg hugsar rett og slett ikkje kvar alt kjem i frå....


Men de skal vita det alle der ute at eg takkar og bukkar hjarteleg for alle utmerkingane og utfordringane!!!
Tuuusen takk!!
Det betyr verkeleg noko at det finnes nokon der ute som bryr seg om min vetle blogg...
Ha ein strålande 4.søndag i advent!

laurdag, desember 20, 2008

Endå eit juletre...


Eit juletre er komen inn, og eit anna har vandra ut...hihi..ja det utan nåler er skifta ut med ein meir praktisk variant for dei som har små troll i huset...haha. Denne gongen var ikkje ideèn min... eg har henta litt inspirasjon frå siste nr av Boligliv....Treet er klippt ut i stoff og festa på veggen med "klister"....det skal få henge ei stund, så får eg sjå om det vert litt mykje når sjølvaste jolatreet skal i hus....(men det skjer ikkje før vetlejolaftan her hjå oss...)


Eg måtte berre ta med ein liten førjulspresang som vetla trultemor fekk då ho var med på jolahandel...Eit aldeles nydeleg koppesett frå IKEA! Synes fargane er heilt herlege...Skulle hatt slike i vanleg storleik òg...

Snart tilbake...tudelidu...

torsdag, desember 18, 2008

Jolasong...

Kva er vel jula utan jolasongar?? Eg må seie eg er ein av dei som frå og med 1. desember kvart einaste år nynnar/syng nesten uavbrutt på ein av alle våre fine jolasongar...


Ja du kan lure på kven som orkar å bu med meg?? Du har rett om du gjetta ein tolmodig mann...hihi...Han spurde rett ut her ein tidleg morgon, midt inni "Mitt hjerte alltid vanker..." : Om det var slik at eg var blitt skikkeleg religiøs? Religiøs?? hmmm...kva skal eg seie...Me feirar jo jol og gler oss til det...Men eg veit ikkje om eg vil kalle meg sjølv religiøs....Men når eg tenkte gjennom saken så kunne det jo faktisk ha noko med tekstane på alle jolesongane eg syng om dagen..?? Eg måtte le litt... Han høyrer jo faktisk etter når eg syng då! Ha ha....

Eg var så heldig å finne eit slikt fint gamalt songhefte på jobb her ein dag...og det berre måtte bli med heim (på lån sjølvsagt...). På den måten fekk eg utvida reportoaret mitt litt denne jula...(det er jo ikkje alle jolasongane eg går rundt å kan utanat...hihi)
Ei hektisk veke er snart blitt til helg, og eg gler meg stort til jolafri! Mykje skal klaffe siste veka, diverse avslutningar og framføringar, gåveinnkjøp...handling av mat og ikkje minst at alle mine kjære (hybelguten) kjem trygt heim til jul! (Eg klarar visst ikkje bestemme meg for jul eller jol...?)
Ja ja eg håpar òg på litt dagsljos snart, slik at eg kan fotografere litt rundtomkring. Jula snik seg sakte men sikkert inn i krokane her òg... Men framleis er det mørkt når eg reiser og mørkt når eg kjem att...
Ha ei kjekk siste innspurt damer!!
Klem...

søndag, desember 14, 2008

Søndag...


Så var denne helga snart over òg... I går vart me på ein liten handletur og fekk unnagjort alt småplukk som stod att. Inkludert å kjøpe sviblar....det må eg ha til jul! Eg hadde nokon allereide, som er var så flink å lagre kaldt leenge, men så i starten av desember berre måtte eg ta dei inn i varmen...og då går det som det MÅ gå...dei sprett ut! Men det er jo eigentleg berre kjempekosleg då! Og gjev meg ein god grunn til å kjøpe fleire...hihi...




Den svarte vasen øverst her vart òg med meg heim, synes den var utruleg fin! Og oppi der passa det akkurat med ein nyinnkjøpt svibel...(som vart med inn i varmen med ein gong...)

Om nokon lurar på når eg skal til å bake til jul, så lurar eg litt sjølv òg..haha...i år veit er rett og slett ikkje om eg gidd! Ja eg seier det rett ut...
Men eg har faktisk laga litt pepperkaker...ny oppskrift i år..og den var IKKJE så god som eg trudde...difor ligg halve deigen i kjøleskapet og eg lurar på om den berre skal få ligge der litt til...haha..
Kanskje, men berre kanskje eg skal lage litt berlinerkransar....og risbollar...(det vert iallefall oppete...) Men ellers kjem eg til å sitja her i gyngestolen min å drikka litt kaffi og sjå ut på den lette snøen og berre nyta freden på ein søndag...trur eg...tjihi...
Håpar du heller ikkje er av dei som stressar!!
Ikkje gløym å kos deg iallefall!!

onsdag, desember 10, 2008

Ny sopp i hus...

Kanskje ikkje så veldig innbydande overskrift, men men i dag var eg ikkje meir oppfinnsam...haha. Men eg har altså fått ny sopp, eg fant desse søte små klype-soppane på den lokale landhandlaren, der dei forresten av maaassse fin gammal vintage julepynt...(som eg nesten har kjøpt alt av...hihi). Eg elskar julepynt frå 50-60-og tidleg 70-tal....

Eg har festa dei litt rundomkring..men dei landar nok saman med konglene trur eg, til slutt...





Ellers har me hatt eit strålande vintervêr her omkring, med litt lett snødryss og kulde som held snøen der den skal...Dette hjelper både på foto-lyset innomhus og på humøret utomhus... Synes det er utruleg lite snø som skal til før alt er så mykje ljosare og trivlegare! Tilogmed det å kome seg ut ein tur etter jobb er lettare, når det ikkje er så bekmørkt og svart....


..Og trultemor likar seg i snøen, me har ein bitteliten bakke i hagen som er akkurat passeleg å sende ho åleine ned på akebrett...og ho hyler av fryd!
Håpar jolestemninga er på veg inn i heimane rundtomkring!! Tenkte eg skulle bake litt snart...berre ventar litt på motivasjonen og den rette oppskrifta...hihi..
Tudelidu!!




laurdag, desember 06, 2008

Ein god idè!

No viser eg bilete av noko eg fekk til bursdagen min. Eg har ikkje laga det sjølv med andre ord...Mi storasyster er så utruleg kreativ! Mange bloggar der ute har bokstavar frå heile alfabetet til pynt i husa sine, og no var det jammen på tide eg fekk nokre fine bokstavar eg òg!


Men desse er laga i noko så enkelt som papp!! Utruleg lurt!! Spør du meg! storasystra mi har klypt ut bokstavar og limt på ein fin tapetrest...synes dette var kjempelurt!

Tusen takk for både ideèn og at du lagde slike til meg!!


Ei fin helg til alle der ute!!
Ikkje gløym å tenne det andre ljoset i morgon....

torsdag, desember 04, 2008

Min eigen dag...

Den var litt djup...neidå det er ikkje bursdagen min i dag..hihi...men eg har nettopp hatt bursdag! Difor eit aldri så lite opphald på bloggefronten...


Eg er sååå glad for å kunne nyte ein fridag i veka! Og akkurat denne dagen ser ut til å verta min travlaste...(nesten) kvar veke framover. For når i allverda skal me klare å gjera alt det kjekke då?? Eg forstår ikkje korleis alle de damer som jobbar 100% klarar å få det ihop...??


Ikkje at eg har tenkt å vaske verken veggar eller tak...(gulp...heilt sant) Eg synes verkeleg det er bedre å gjera det når lyset er betre og ikkje stå inne i mørket å skrubbe! Nei, MEN når vårsola blenkjer i bakkane...hihi....då kan vaskelysta kome over ein stakkar nedstøva ein her i huset...(meg)

..og det er jo mykje kjekkare å vaske når ein faktisk kan SJÅ at det er blitt reinare...eller?? Er eg heilt på jordet??...Mørketida skal nytast i stearinljos og ikkje noko spot-light her hjå oss...


Og baka då...det er eg ikkje begynt med enno..men til bursdagen min fekk eg ei veldig kjekk bakebok, som hadde nokre flotte oppskrifter av bla. havrekjeks! Og det har eg lyst å bake i år...trur nok det blir ein omgang med pepperkaker òg...kanskje eit pepperkakehus...?


Baketradisjonane her i huset har ofta begrensa seg til kvite kakemenn..nam..pepperkaker og kokosmakroner...Men når det omtrent berre er EG som likar desse kakene, så kanskje eg må utvide (utvikle?) baketradisjonen i år...eg har som sagt ikkje heilt bestemt meg enno...


Bileta i dag er henta frå NOKRE av presangane eg fekk til min 36-(gulp-igjen...)årsdag! Herlege gåver som verkeleg traff meg der dei skulle...Tusen takk!..og sjølvsagt og til dei som ikkje fekk gåvene avbilda her...(veldig dårleg ljos her om ettermiddagen...vert lite med fotografering..)


Ei fin veke vidare til alle!!







søndag, november 30, 2008

Er i farta...

Ja er me ikkje alle det no?..I farta altså...? Eg er iallefall! Og mykje får ein gjort om ein berre tek beslutningar på løpande bånd...Eg er blitt ein ekspert i å handle raskt og effektivt for tida..hihi..For eg sa jo at ALLE julepakker skulle vera klare til 1.des!! Og eg har faktisk (nesten) klart det!! Og det er neimen ikkje verst synes eg!


No i helga har me vore aktive nok. Turen til hybelguten vår (som eg tenkte på forrige helg...hmmm) den tok me på laurdag. Trur det er godt når mor og far kjem og ordnar litt i (kaoset??) sakene...handlar litt mat og tek oss litt tid saman. Han er stor, men ikkje SÅ stor! Har trass alt ikkje vore heime på 14 dagar og er ikkje venta heim neste helg heller...travle tider for store gutar... Ellers i heimen har deler av sundagen gått med til ein tur i skogen. Difor bilete av dei herlege konglene...kongler er berre nydeleg synes eg! Å plukke dei saman med vetlatrollet meinte eg var ein smal sak og riktig koseleg...men kvar kongle eg plukka oppi bøtta, kast ho utav...hihi..var sikkert morro for ho...men men...baljen vart full tilslutt og mor nøgd med turen likavel.


Eldstejenta har hatt sitt eige juleverkstad med bestemora, og resultatet vart nokre nydeleg fine englar til å henge på "juletreet" vårt...hihi...det vart faktisk ikkje så verst det heller...

Nokre av grankvistane me tok med frå skogen havna i ei bøtte med vatn inne i stova...ei lita motvekt til det treet UTAN nåler som står i andre enden av stova!! HAHA...

Og etter ein tur i kyrkja (konfirmant-ljosmesse) med eldstejenta, var tida inne for å tenne ljos heime òg .... for håp og glede!!
Me kosar oss i mørket med tende ljos...det gjer vel du òg??
Snakkast snart!

torsdag, november 27, 2008

To Molly with love!

Ord vert fattige... Molly har ein sterk og gripande historie, eg er viss på at ho ikkje er åleine der ute...

tysdag, november 25, 2008

Finnes det grenser for gjenbruk...??

Dette er då mitt juletre i år...haha!...Neidå, sjølvsagt ikkje...det MÅ jo finnes grenser for gjenbruk?? Eller?? Eg har faktisk teke treet inn i stova og plassert det fint til pynt...hihi..For min del kunne det godt ha vore juletreet i år (faktisk!). Men me er jo (heldigvis) fleire her i huset då...

Og heilt riktig, det er eit gamalt juletre, som nokon ein gong for (eg tippar...) fleire år sidan har kasta ut...Eg og trultemor var på tur i skogen ein dag og samla mose...Då eg fekk auga på detta heilt utvaska juletreet, det var så blank-skurt og fin farge på...

Difor har det no fått sin renessanse i vår stove...Sjølv mannen i huset gjekk med på det..(men han er jo vant med litt av kvart..hihi). Kanskje det kjem litt pynt på det når jule nærmar seg? Kanskje litt lys eller noko anna...men no står det slik og er pynt i massevis heilt sjølv...
"Det snør det snør tiddelibom...."
Tusen takk for koselege kommentarar
i det siste!!
Snakkast snart...





søndag, november 23, 2008

Roleg søndag...

Me har hatt ein roleg søndag hjå oss. Det er godt med slike dagar der ein berre kan pusle på med rydding og ordning her og der...I dag fekk eg tid til å lage slike små fine glas med lys og mose i...synes dei har sett så fine ut på alle bloggane eg har besøkt i det siste...(mange som har sånne...)
Så fekk eg omsider hengt opp adventskalenderen! Den kom på ei rist av ståltråd...eller kva eg skal kalle det? Me har brukt slike til å lage kaninbur ein gong i tida...men i dag har altså ei slik rist fått plass på skapet i stova med pakker på...tjhi..synes det vart ganske fint eg...MEN eg har ein kalender til som må få plass ein stad...Må tenkje litt på det....(den observante vil sjå at eg manglar nokre pakkar...men dei er på veg...)

Som de ser så har det kome ein engel til oss..hihi...han kom og flytte like godt inn i stallen, som jo enno er ganske så tom...

Engelen står der med sitt lure smil...eg trur han veit noko som me ikkje veit...hihi...Ser iallefall sånn ut! Den er laga for mange år sidan av guten i huset...eg synes den er veldig søt, den har følgt oss kvar jul sidan...
No håpar eg alle har hatt ei fin helg der dei er!!
Snakkast snart att...