torsdag, desember 04, 2008

Min eigen dag...

Den var litt djup...neidå det er ikkje bursdagen min i dag..hihi...men eg har nettopp hatt bursdag! Difor eit aldri så lite opphald på bloggefronten...


Eg er sååå glad for å kunne nyte ein fridag i veka! Og akkurat denne dagen ser ut til å verta min travlaste...(nesten) kvar veke framover. For når i allverda skal me klare å gjera alt det kjekke då?? Eg forstår ikkje korleis alle de damer som jobbar 100% klarar å få det ihop...??


Ikkje at eg har tenkt å vaske verken veggar eller tak...(gulp...heilt sant) Eg synes verkeleg det er bedre å gjera det når lyset er betre og ikkje stå inne i mørket å skrubbe! Nei, MEN når vårsola blenkjer i bakkane...hihi....då kan vaskelysta kome over ein stakkar nedstøva ein her i huset...(meg)

..og det er jo mykje kjekkare å vaske når ein faktisk kan SJÅ at det er blitt reinare...eller?? Er eg heilt på jordet??...Mørketida skal nytast i stearinljos og ikkje noko spot-light her hjå oss...


Og baka då...det er eg ikkje begynt med enno..men til bursdagen min fekk eg ei veldig kjekk bakebok, som hadde nokre flotte oppskrifter av bla. havrekjeks! Og det har eg lyst å bake i år...trur nok det blir ein omgang med pepperkaker òg...kanskje eit pepperkakehus...?


Baketradisjonane her i huset har ofta begrensa seg til kvite kakemenn..nam..pepperkaker og kokosmakroner...Men når det omtrent berre er EG som likar desse kakene, så kanskje eg må utvide (utvikle?) baketradisjonen i år...eg har som sagt ikkje heilt bestemt meg enno...


Bileta i dag er henta frå NOKRE av presangane eg fekk til min 36-(gulp-igjen...)årsdag! Herlege gåver som verkeleg traff meg der dei skulle...Tusen takk!..og sjølvsagt og til dei som ikkje fekk gåvene avbilda her...(veldig dårleg ljos her om ettermiddagen...vert lite med fotografering..)


Ei fin veke vidare til alle!!







5 kommentarer:

Lille meg sa...

Gratulerer med overstått bursdag!
Flotte gaver har du fått også!
Fin kakeboks!
Jeg har også tenkt på å lage havremakroner, men har ikke kommet så langt enda. Får vel legge ut bilde når den tid kommer.
Pst: Jeg skjønner heller ikke hvordan de med full jobb klarer å få det i hop.....
Jeg er av dem som vasker på den mørke årstid, er arvelig belastet.
Min mamma vasket alltid huset på denne tiden. Unntaket for meg er gjesterommet, det tar jeg om sommeren, for i den mørke årstid overvintrer endel planter der inne.
Ha en fin førjulstid!:)

Dans på roser sa...

Hei!
Jeg er helt enig med deg angående vasking.
Det eneste som skrubbes litt ekstra her til jul, er kjøkken og bad. Mest fordi det trengs et par ganger i året, en "overhaling" av skuffer og skap, kjøkkenvifta og sånn.... =)
Den store skrubbingsen kan vi ta når vi har lys nok til å se møkka.

Vi kan jo egentlig bare skvette grønnsåpe i hjørnene og strø glitter på hybelkaninene, kan vi ikke?!?? Tuller.... =)
Nei, vi blir ikke hysteriske selv om det lakker mot jul.

Kose deg masse, og gratulerer med overstått bursdag! Kathrin.

mali-mo sa...

Gratulerer med overstått! Syns det så ut som flotte gaver og så fikk eg så lyst på kake!!!!! her har lillemalien bursdag snart så da blir det vel litt knask her og etterhvert.

Julevask tr jeg ike så tungt. Men jeg må ha litt grønnsåpe og salmiakklukt ofr at det skal bli jul!

Den gode feen sa...

Gratulerer kjempemasse med overstått! Ser ut til at du har fått fantastisk fine gåver!!!
Misunner deg den eine fridagen din. Inntil vidare går det fint for meg å jobbe 100%, men jammen er det travelt innimellom, og helgene er gull verdt. Ha ei super helg :)

Rosa sa...

Grattis med overstått! Kjempefine gåver du fekk (og eg dreg jo kjensel på kjøkkenhandkleet, for slikt har eg - berre med blå kløver :)

Jolavask? Nei, den heilt store vert det ikkje. Så får meg sjå når vårsola stikk fram, om vaskelysta kjem med solstrålane ;)

Ha ei god helg!