søndag, august 30, 2009

"Ny" lampeskjerm

Det går jammen ei stund mellom innlegga no om dagen!! Men det er dessverre bloggen som må vike når kvardagen vert for hektisk... Med skuleoppstart og all planlegging og møter osv....osv...Det ser ikkje ut til å ta slutt. Men eg veit jo at det roar seg litt uti september...phu heldigvis!Eg får ikkje gjort dei store sprella med interiøret mitt heller. Men som bileta viser i dag, så har eg endeleg fått opp lampeskjermen som eg har gleda meg til! Dette er skjermen til ein brukt stålampe som eg kjøpte i fjor...(det ligg eit innlegg om den her inne ein stad...). Heile tida såg eg for meg den skjermen over spisebordet vårt i stova.
Og no er den komen på plass. Med litt kreativitet og oppfinnsamheit (må jo berre seie det som det er...). For lampeledningen med lyspæra i er frå ei gamal julestjerne (slike som heng i vindauga), eg fjerna (lett) stjerna og vips hadde eg ein ledning utan skjerm. Men å henge denne skjermen på ein ledning er ikkje lett, så eg hengde berre skjermen frå kroken i taket, med tynn ståltråd, slik at det ser ut som den heng i ein ledning (på litt avstand iallefall...hihi). Men lyset virkar og det er topp!Om nokon hugsar så hadde eg eit turkis bord her før, det er flytta ut i hagehytta vår. På den måten får eg litt forandring. Bordet på bilete er nymåla i sommar...og er kjøpt på loppis då den lokale barnehagen skulle leggast ned.

Det har skjedd mykje i bloggverda ser eg når eg les bloggane på runden min. Mine tankar går til Mali-mo-familien som har opplevd noko av det verste ein familie kan. Eg tenner eit ljos for dei, og alle andre der ute som har mista nokon dei var glad i....
Ha ein god sundag alle saman!


laurdag, august 22, 2009

"Nytt" rom...

Så kom dagen hjå oss òg, at vetlatrulto måtte ut av soverommet til mammo og pappen. Det har teke si tid, ikkje fordi me manglar soverom, for me har fire stk...Men det eine har eg brukt til kontor i fleire år...Og tanken var jo heile tida at vetlemor skulle få dette til sitt rom.
Det har teke si tid....Men etter Osloturen i august med besøk hjå eit lite søskenbarn med eige rom....fekk mor fart på sakene. Eg tenkte ut ein plan som innebar at eg fortsatt har datakroken min på soverommet til vetlemor.

På IKEA har dei slike fine wire-gardinoppheng...Som de ser på dei øvste bileta...eg hengde opp ei gardin, for å skjerme datakroken litt...

Ei stor og god pute på golvet må til...

Sengeteppet kjøpte eg i Danmark for 4-5 år sidan, men det er framleis like fint...Så ein kikk bak gardina, der sitt eg...hihi


Dette er kun midlertidig, altså! Planen er å bygge på huset slik at me får plass til eit kontor nede i fyrste etasjen...Men foreløpig fungerar det sånn nokolunde.
Vetletrulto er så kry over sitt eige rom, at ho bryr seg ikkje om datakroken min...enn så lenge...

Synes fargane var så fine saman...me har lyse grå tregolv på soverommet, og saman med den nye puta (frå Ikea) og plastmatta eg hadde frå før...vart det ganske fint, synes eg...


Ikkje så mykje i bokhylla enno, men bøkene har, inntil nyleg, fått altfor hard behandling til å ligge framme...
Og med nytt rom kjem nye leggerutinar! No les me bok og seier godnatt, så legg ho seg til å sove heilt sjølv...Og det er heilt herleg!

Men snart får ho HEILE rommet til disposisjon! Me skal nemleg flytte datakroken så snart alle kablar og opplegg for ditt og datt kjem på plass...Men som alle veit, slike ting kan ta tid. Men eg synes den foreløpige løysinga fungerar for ei stund iallefall...
Over til kva som skjer i dag: Her sit eg i datakroken, medan boremaskina (min kjære mann lagar nytt hol i pipa, til ny ovn) går for fullt i stova, vetlatrulto har lukka seg inne på storesyster sitt rom med Ole Brumm på DVD, og storesyster MÅTTE sjå noko på TV i stova...De vil ikkje tru for eit bråk det er her! Men det er ei anna historie...
Håpar de har ein litt mindre bråkete laurdag...!

måndag, august 17, 2009

Blåbær...

Eg kan nok ikkje skryte på meg så veldig mange blåbær i haust. Sølv om det vart litt fleire enn på bilete, vart det ikkje meir enn at storebror og vetlatrulto åt dei opp samme kvelden...

Men no er ikkje blåbær det verste du kan ete for mykje av! Trultemor åt tre små skåler og var strålande fornøgd...ho hadde jo plukka dei sjølv...


Men eg kunne tenke meg å gå på mange fleire blåbærturar...men no er kvardagen komen til oss. Og ei travle veke ligg alt bak oss... Men hausten er heldigvis ikkje over enno...

Men me lever lenge på ein blåbærtur og to! Sjølv om ikkje fangsten havna i frysen...hihi.
Eg hadde store planar om å vise bilete frå turen, men eg har litt tull med tur-kameraet mitt. Dumt, men men...

tysdag, august 11, 2009

Ein liten dokkekommode....



Eg fant ein søt liten dokkekommode på eit bruktmarked når me var i Danmark. Den er akkurat passe stor til små dokkeklær, smykker eller anna smått. Eg synes den var så søt, har ikkje hjarta til å male den...glansbileta var allereide klistra på. Den stod berre å venta på meg...25,-kr var vel ikkje mykje for eit slikt lite sjarmtroll??
Foreløpig står den i hytta i hagen...men det er mest for å vera trygg for ivrige små barnehender ...hihi...jodå ho skal få den tilslutt, berre ikkje nett no, eg trur ho er litt liten til å forstå at mammo ikkje likar at slike ting går sund...haha...
Me er på veg til Oslo, og blir nok vekke eit par dager. Men eg takkar stort for alle kjekke kommentarar!! Eg kjem sterkt tilbake litt seinare...
Ha ei fin veke vidare!

søndag, august 09, 2009

Litt baking...




Ingenting er som nybakte brød/rundstykker ein sundagsmorgon etter ei travel helg! Her har det gått rimeleg hardt for seg i helga, med dugnadsarbeid både natt og dag... For min del vart det natta...og det merkast iallefall ein dag og to etterpå.
I bygda vår går kvart år startskuddet for ein av verdas hardaste konkurransar, nemleg Norseman xtreme triathlon. Dette er ikkje løpet for pyser, men derimot kun for dei aller sterkaste blandt oss...(les; ikkje meg...altså...haha). Men sidan startskuddet går kl 05.00 om natta, og sjekking av syklar og innsjekking av alt anna føregår i timane FØR....så kan det nesten verta for mykje for ei stakkar dugnadsjel...Men kjekt var det likevel, sjølv om eg stod opp kl 01.20...(det er vel heller då nokon av oss legg seg...).
Men no er helga over og me gler oss over Kitchen Aid`en som meir enn gjerne bakar litt for oss...hihi
I dag skal me legge panel inne i hyttetaket, for der er endeleg kome opp isolasjon! Jippi! Og me er eit steg nærmare eit isolert lite hus i hagen...
Ha ein fin fin sundag!!

måndag, august 03, 2009

Me MÅ jo finna på noko sjølv om det regnar.... Og når ein er liten kan det vera stor stas med ein storebror...iallefall når han har så mange flotte leiker! Det er jo strengt tatt lenge sidan storebror på 18 år har leika med togbanen sin....
Men difor er det ekstra stas for mor at all sparinga på desse leikene endeleg har svart seg! Jippi! For det var berre å hente kassa med togbane på kottet, vaske av den litt støv, og vips så hadde vetla trultemor noko å pusle med leeenge....


Sidan ho enno ikkje har eige rom, må all leiken føregå midt i stova....


Men det gjer liksom ingenting, for ein togbane i tre er jo så fin! Kan ikkje huske at eg synes det når storebroren leika med dei i stova...
Men tidene endrar seg, heldigvis....