onsdag, april 17, 2013

Lenge sidan...


Vips så gjekk dagane litt fort her...
Me har det vel alle slik av og til.

Tida strekk ikkje alltid til.

Men kveldane blir lysare og lysare.
Då kjennes det iallefall ut som ein har lengre kveld...


Bileta i dag er frå den fiine nye panna mi,
som me fekk til jul.

Perfekt til lapskaus.
Le creuset 10liter...

Håpar på litt rolegare dagar framover.
Sjølv om det blir Bergenstur i helga.
Kjekt!

Gledar meg...
Skal feire eldsteguten sin 22års dag.
Hipp hurra!





fredag, mars 29, 2013

Fine dagar...


Fine dagar,
både i fjellet og heime..

Me er litt både her og der.

Med fjellet så nært er det lett å ta dagsturar,
opp i solskinnet...


Nedste bilete er frå hyttelivet forrige helg...
Langt frå alt,
utan mobildekning,
utan staum,
utan vatn...
det er heller ikkje radiodekning...
merkeleg nok...

Men MED ekte familietid!
Me skal nok oppatt.

Kos deg der du er!

tysdag, mars 26, 2013

Påskefri

Litt stille her nokre dagar.
Men veldig kjekt å sjå at nokon kikkar innom her...

Me har vore i fjellheimen,
herlege ljose dagar, med sol frå skyfri himmel...


Men alltid godt å kome heim,
søskenbarn er på besøk...
Det er stas.

Me satsar på fleire turar opp i fjellheimen i løpet av påsken.
Men i dag ventar eit lass med klede som må vaskast!

Håpar du har ein fin påske,
anten du er heime eller på fjellet!



onsdag, mars 20, 2013

Eit glimt frå stova...

 



Eit lite glimt frå stova.
 
Fridagen vår i dag,
det vart ein laaang biltur,
og nesten oppkast...
...og litt shopping.
 
Var liksom så mykje eg skulle ha,
men når eg kjem fram så har eg gløymt halvparten.
Kjem att med ingenting av det eg skulle.
Ja, ja..
Sånn er det vel...
 
 
 
 
 
Men me var ein tur innom eit gartneri.
Det er så kjekt!
Fekk med oss litt forskjellig,
noko til bordet og noko til trappa utanfor...
 
Det er jo snart påske!
Jippi!
 
Men nett nokre dagar att på jobb fyrst...


laurdag, mars 16, 2013

Fin helg til deg


Me fekk ei lita langhelg,
med planleggingsdag i barnehagen...
..fri fredag.
Kos

Men det meste av fredagen gjekk til opphopa arbeid...
Vasking av kjøkken,
stove...
Phu..

Det er sååå utruleg mykje støv som klarar å virvle seg opp
når sola og ljoset strålar inn vindauga.
For ikkje å snakke om vindauga...
DET må bli neste helg...

Lettare å gå ut og nyta sola...




Vårkjensle hjå oss i dag...

Fin helg til deg!
Ikkje berre vaska...
kosa deg litt òg...

Klem

onsdag, mars 13, 2013

Eit ljos


Ein fin liten vase,
kan bli ein 
fin liten 
lysestake...



Ein fin lysholdar frå Kremmerhuset...
Diggar fargen inni...


Her blir lite og ingenting gjort i dag...
...kanskje..

Håpar sola kjem til oss.

Ha ein fin fin dag der ute...

 ...og slapp av.



onsdag, mars 06, 2013

Hagearbeid



I dag har me vore heima.
Rydda litt i hagen,
i kjellaren..
vaska bilen
(innvendig)

Og avslutta med lunsj i sola...

Litt sånn vårkjensle...

Håpar du har hatt det fint òg...


tysdag, mars 05, 2013

...


Alltid like kjekt,
 når sola kjem attende...

Dette er knipsa fyrste gong eg såg sola skine inn i heimen i år.
Når sola kjem omtrent midt på dagen, 
er det sjeldan ein er heime...

Ååh endeleg!
Berre alle de der ute som er heilt utan sol i nokre månader,
forstår kva eg meinar...
Fyrst i eit lite minutt,
så ti,
så kanskje ein time...

Litt etter litt kjem våren mot oss...

Men fyrst skal me nyte litt av det som er att
av vinteren...

Ha ein fin ettermiddag!
Og..
Tusen takk til alle snille som har vore innom til meg igjen!

laurdag, mars 02, 2013

Patina



Hei, eg må innrømme at eg ikkje er heilt nøgd med denne mobilblogginga...
Bileta blir feil,
teksten kjem feil...

Eg får det liksom ikkje heilt til...

Eg meinar,
me sender folk til Mars...(iallefall snart)

Ja ja, godt ikkje eg skal vera med på det.
Hihi

Men uansett,
eg var på Patina på Evanger for nokre dagar sidan.
Utruleg kjekk butikk/kafe!
No seier eg ikkje berre dette fordi systra mi er ei av Patinadamene...

Men rett og slett fordi eg meinar det!
Dei har utruleg god smak! Litt før tida...
Litt for trendy for vesle Voss?

Kanskje godt at dei ligg litt nærara Bergen...
Dei har masse nytt og litt brukt,
økologisk mat, te og ulik spennande kaffi 
og den beste kaffe-latten eg har smakt).

Så om du lurar på å stoppe ved vesle Evanger,
ikkje nøl...

Opningstider og anna finn du her.

Skikkeleg reklameinnlegg dette!

(no håpar eg berre nokon les bloggen min..hihi)


Ha ein flott dag, alle
Eg skal prøve å gjere minst mogeleg...

tysdag, februar 26, 2013

Eit funn!



Så fin krukke som eg fant på Fretex! 
I vinterferien fekk eg ein liten tur på
Shopping...

Men no er vinterferien for lengst over for oss. Men framleis godt med ein fridag i veka.
Blir Vossatur for meg i dag og...
Fin dag til deg!



onsdag, februar 20, 2013

Heime att






Då var me heime att.
Nokre nydelege dagar hjå mamma på Voss. 
Me var ein tur i Herresåsen på ski, og der var det heilt supre forhold for born og vaksne!


Om du bur nær Voss, anbefalar eg alle å ta turen dit.

I dag må me ein tur på nedover-ski.
Men hjå oss er det iskaldt og vind...
Håpar det er stille på fjellet...


Ha ein flott dag, du og!

søndag, februar 17, 2013

Vinterferie ★


No har me pakka,
Og er klare for nokre
dagar hjå bestemor...


Herleg med vinterferie!

Jippi!!





Der gjekk det! Altså blogging frå mobilen! 
Altså...eg fekk ny mobil i fjor haust, og etter det gjekk det nedenom og heim med bruk av både kamera og datamaskin her heima. No brukar eg berre mobilen! Til nesten all nettbruk og ikkje minst å ta bilete. Verda opna seg på ein ny og enklare måte...


Ja det er berre å innrømme, eg var så sta at eg sa til meg sjølv at om eg ikkje klarte å blogge frå mobilen så kunne det vera det samme... så eg logga meg inn på Instagram, og fekk iallfall dele litt der... Men i dag fekk eg til å bruke mobilen til å poste dette!! Ein liten prosess som eg ikkje skal gå inn på her...
Alt er altså bra, om nokon lurte på det ♥

Me får sjå no då, om det kjem fleire innlegg framover... ♡ 
Gledar meg faktisk!

Fin fin søndag til deg! ★

Kanskje det går no?

Grunnen til at eg har vore vekke så lenge, er ganske enkelt at eg ikkje får til å blogge frå mobilen...!! Grusomt irriterande!