onsdag, mai 30, 2007

problem..

Har stooore problemer med bloggen om dagen...... får ikkje logga meg på...

måndag, mai 28, 2007

Tøfler ferdig...

Ja, det går unna her... no er tøflepar nr 5 ferdig òg! Bilete viser det fyrste paret eg laga, saman med nokre små nusselege baby-tøfler...kanskje eg skal gje dei vekk? Sjølvsagt kunne eg ikkje hekle desse tøflene utan å gjere ein feil, som du ser så skal det vera knapp i dei største, men den ser ut til å kome på sama sida.... gløymde å speilvende...men pytt pytt det gjer vel ingenting...Dei er varme og gode likevel. Skal legg inn meir tøflebilder etterkvart....

Dei er forresten hekla i eit svært billig garn frå Europris...5,- pr nøste! og det går omtrent 1 1/2 nøste til eit par! Det vert ein rimeleg presang.....kanskje....

onsdag, mai 16, 2007

Hekleteppe ferdig...

Hei igjen! Det skjer så mykje rundt meg no at eg klarar ikkje oppdater bloggen slik eg vil. Eg har ei jente som ikkje er frisk, og eg går rundt å vaggar og er høggravid.... men hekleteppet som var lappana eg har teke bilete av, det er ferdig for lengst! Difor må eg berre legge det inn fyrst. Det vart ikkje så stort som eg ville, men eg har rett og slett ikkje tolmodigheit til å lage det større! Blir fort kjedeleg å bruke dei same fargane...men eg synes det vart fint. Kanskje det er akkurat stort nok til å bruke som vognteppe?





Men eg sa eg hadde hekledilla..... eg har igrunnen ein del tepper no.....



Og her er eit til....

Som du ser så kan eg berre hekle "bestemorruter"....men dei er fine dei. Fargane eg har brukt i dei to siste er ganske tilfeldig, for sidan teppa vart litt store, måtte jo garnet vera litt billegare....og då hadde dei ikkje så mykje å velga i. Men neste gong skal eg hekle noko anna....har tenkt litt på tøfler....me får sjå...