tysdag, februar 26, 2013

Eit funn!



Så fin krukke som eg fant på Fretex! 
I vinterferien fekk eg ein liten tur på
Shopping...

Men no er vinterferien for lengst over for oss. Men framleis godt med ein fridag i veka.
Blir Vossatur for meg i dag og...
Fin dag til deg!



onsdag, februar 20, 2013

Heime att






Då var me heime att.
Nokre nydelege dagar hjå mamma på Voss. 
Me var ein tur i Herresåsen på ski, og der var det heilt supre forhold for born og vaksne!


Om du bur nær Voss, anbefalar eg alle å ta turen dit.

I dag må me ein tur på nedover-ski.
Men hjå oss er det iskaldt og vind...
Håpar det er stille på fjellet...


Ha ein flott dag, du og!

søndag, februar 17, 2013

Vinterferie ★


No har me pakka,
Og er klare for nokre
dagar hjå bestemor...


Herleg med vinterferie!

Jippi!!





Der gjekk det! Altså blogging frå mobilen! 
Altså...eg fekk ny mobil i fjor haust, og etter det gjekk det nedenom og heim med bruk av både kamera og datamaskin her heima. No brukar eg berre mobilen! Til nesten all nettbruk og ikkje minst å ta bilete. Verda opna seg på ein ny og enklare måte...


Ja det er berre å innrømme, eg var så sta at eg sa til meg sjølv at om eg ikkje klarte å blogge frå mobilen så kunne det vera det samme... så eg logga meg inn på Instagram, og fekk iallfall dele litt der... Men i dag fekk eg til å bruke mobilen til å poste dette!! Ein liten prosess som eg ikkje skal gå inn på her...
Alt er altså bra, om nokon lurte på det ♥

Me får sjå no då, om det kjem fleire innlegg framover... ♡ 
Gledar meg faktisk!

Fin fin søndag til deg! ★

Kanskje det går no?

Grunnen til at eg har vore vekke så lenge, er ganske enkelt at eg ikkje får til å blogge frå mobilen...!! Grusomt irriterande!