torsdag, mars 27, 2008

Litt vårstemning rundt huset vårt



Me er så heldig å bu tett på fin natur, og det manglar ikkje på fine motiv rundt huset. Og når sola blenkjer og det luktar vår då er det herleg å ta ein runde med kameraet!

Her i huset stressar me aldri så lite denne veka for til helga er det barnedåp hjå oss! Ja, eg veit me er litt trege, vetlajento er heile 9 1/2 mnd (!!) Og tida flyg avstad.... Men bedre seint enn aldri... Ja me har hatt nokre diskusjonar i heimen om dåp eller ikkje dåp...masse prinsipp er kasta på båten, og me gjer som me har gjort med dei andre to. Det vert jo enklare å konfirmera seg når dåpen liksom er gjort... og kjenner eg ungdommen rett så er konfirmasjon litt kjekt (masse kjekke gåver iallefall...ein må jo vera ærleg å berre innrømma det...). Så no står eg mildt sagt på hovudet med vasking og rydding og i morgo startar matlaginga. Det høyres fælt ut, men det er ikkje det, eg gledar meg til besøk av familien! Og håpar me kan få ein strålande dag, med masse god mat og kos! Eg driv å planlegg bordpynt og diverse anna smått...og det er jo berre kjekt, men eg har enno ikkje heilt funne ut korleis eg skal ha det...skal love å vise bilete seinare...

Tusen tusen takk for alle kommentarer! Eg kikkar innom dykk alle saman...Håpar de nyt våren! Det gjer eg, Klem

søndag, mars 23, 2008

Skap med ny farge...

Kan nett visa skapet mitt som har fått ny farge... Sidan eg kallar meg sjølv ein innredningsblogg (hihi), men det er visst mest kvist og muffins her inne for tida...(tjihi) Men eg malar litt innimellom, altså. Skapet vart ikkje kvitt denne gongen (men kanskje neste gong??), må nett prøva litt forskjellig, no har eg iallefall prøvd knall blå ei stund, og det vart litt mykje...Slik såg det ut før:Eg synes faktisk det var litt tøft med ein gong...fekk ei kjensle av å vera litt vågal...(hihi)


Men slik vart det altså no:

Litt prega av påske framleis, men eg synes denne fargen var rolegare og passa betre til alt anna her inne...Men som de ser, eg driv ikkje å pussar og sånn før eg målar...neidå her dreg me fram kosten akkurat der skapet står og målar i veg....

Litt påske att framleis...men ting har roa seg litt her, for eldstemann er reist åleine på hytta (!!). Jadå, det er 3 timar å gå på ski og ingen elektrisitet, så den guten er tøff! Men me har litt mobildekning, så me kan nå han og han oss om det er noko...(ellers hadde ikkje mor sove godt om natta, nei...). Vart ingen hyttetur på resten av familien, for det vart rett og slett for kaldt. Nede i -20 på fjellet her, så me ventar til ei helg i april tenker eg, når det er godt å sitje i hytteveggen og sola varmar litt meir! Men frisk luft og skiturar det har me likevel!

Klem

Oppskrift...

Lova Lille meg å legge ut oppskrifta på gulrotmuffinsane eg viste bilete av tidlegare... eg er jo litt treg, men her er den endeleg:

Gulrotmuffins:

250g gulrøter
saft og skall av ei sitron
100g valnøtter (hakka)
200g kveitemjøl
2 ss bakepulver (store)
1/2 ts ingefær
1 egg
150g brunt sukker
1 dl olje (eg brukte solsikkeolje)
200g yoghurt el. lettrømme

Visp egg og sukker, bland det tørre og bland alt tilslutt, men ikkje rør for lenge...Lukke til!

Muffinsane vart oppetne her i huset same dagen! Og det skjer ikkje så ofte, for stort sett er det berre eg og storbror som er glad i kaker...og me klarar jo ikkje alltid å ete ALT (dessverre...hihi). Men denne gongen lika min kjære mann muffinsane òg! Litt merkeleg for det finnes ganske mykje valnøttebiter i dei...(klumpar veit de...uff...) Men som sagt så lika me dei alle ihop, litt sunne var dei jo òg, med gulrøtter og all ting... Til glasur prøvde eg denne gongen ei glasurpakke frå Toro (kremt), men den kan de berre spare dykk alle ihop, for det var nok berre melis i den pakka...og det hadde eg jo i skapet...

Må takke for alle dei kjempekoslege kommentarane!! Blir sååå glad!!Kosa dykk siste rest av påsken no....Klem

onsdag, mars 19, 2008

Meir påske...

Her har svigmor bidratt med litt farge i heime...takk!

Nei, ein kan seie kva ein vil, men å ha born med så stooor aldersforskjell som eg har, er neimen ikkje enkelt (burde kanskje tenkt på det litt før??) Eg har ein gut på 16 (snart 17), han vil berre vere med vennene sine og ligge i snøhole, stå på snowboard og gå (altfor) lange langrennsturar innover fjellet (akkurat når det passar han best sjølvsagt...). Dette skal sjølvsagt skje akkurat når jenta på 14 har bestemt seg for å enten stå slalom eller reise til ei veninne, og på samme tid så skal minstejenta også ha mat og sove slik ho pleier...
Men heldigvis så har borna mine samme pappa som jo er min kjære mann, og me må verkeleg stå på får å halde fylgje med dei, og ikkje minst få alt til å gå ihop (me reknar ikkje med at me er åleine med å ha det slik altså!?)! Me køyrer hit og dit og opp og ned...heile dagen! Ja det er utruleg, men ein vil jo at ungane skal få vera med på ting...og når dei attpåtil har så sunne interesser som skigåing og turar i frisk luft, ja då kan ikkje mor eller far seie nei....

Men når kvelden då senkar seg og alle er komne i hus etter ein travel (fri??)dag, så kan endeleg mor gjere litt små-pussling som ho likar så godt... Og etter eit bursdagsbesøk hjå den eldste syster mi i helga (hei på deg!), så vart eg inspirert av nokre fuglar ho hadde laga til påskepynt (ja eg såg dei nok...hihi)...måtte eg sjølvsagt heim og prøve sjølv...skulle gjerne hatt bilete av hennar fuglar, men det har eg ikkje dessverre, men her er nokre av mine:


Limte band mellom papir-laga...fyrst er fuglen klippt ut i papp, så limte eg litt finare papir utanpå, ser de at eg kosar meg?? kaffikopp og all ting...tjihi:
Så no heng dei så fint på kvistane (eg stjal?..uff og uff...) med gule fine blomar, som eg tok inn til forrige helg...



Dei blømte litt fortare enn eg trudde, men det passa jo akkurat...kjekt!

Dette vart jo ein fin erstattning for dei malte påskegga eg fortsatt venter på at jenta på 14 skulle male til meg...ho skal berre nett... (noko heilt anna fyrst...)
Ei fortsatt fin (og/eller travle) påske til alle de der ute! Takkar hjertligst for fine kommentarar! Prøver så godt eg kan inn på bloggane dykkar og kikke, men ikkje alltid eg har tid å legge igjen ein kommentar, men det kjem det kjem...

tysdag, mars 18, 2008

Vårjakt i påskesola..

...eller var det påske i vårsola...? Samma kan det vera, det er iallefall veldig godt å kome seg ut når sola skin! Her hjå oss er me ekstra glade i sola no om våren, fordi me ligg i ein evig (kjennes slik iallefall) skuggedal heile vinteren. Sola reiser i oktober ein gong, så kjem ho ikkje att før i midten av februar... så du kan tru me kosar oss når den fyrst er her! Mor nyttar kvar ein sjanse ho har til å setje seg ut med ein kaffikopp, eller gå ein tur med vetlejenta (det blir helst både og...) Og ekstra kjekt er det no når eg kan nyte siste rest av permisjonen min...

Her nokre knips frå hagen, det spirer og gror.... Eg er vel ikkje så veldig oppfinnsam når det gjeld blomar og slikt, men eg nyt kvar ein knopp og kvar ei spire som kjem...trur den ovanfor vert slike fine gule prestekrageliknande blomar (hugsar sjølvsagt ikkje namnet...), dei brukar bløme fint til 17.mai...(skulle kanskje ordne litt i beda før eg tok bilete??pytt...)


Her er rosene byrja å spire...gler meg!
Ja, så var det den stakkars vetle pynten på trappa mi då...litt påskeliljer i nokre gamle potter (som passa) og eit par vinterrustne lykter, av dei få som har overlevd vinterstormane her omkring...



Og her skal eg sitje godt påkledd i sola og nyte ein stor kopp kaffi...bordet er modent for eit strøk maling og litt av kvart skulle vore fiksa på etter vinteren, men nett no kan me nyte sola! Har lova eldstejenta ein skitur litt seinare...og det gledar eg meg til!

Håpar det kjem nokre solstrålar til alle bloggdamer ute i verda òg! Ha ein fin dag! Klem

PS skal kome med oppskrifta på gulrotmuffinsane seinare...

fredag, mars 14, 2008

Påskepynt og påskegodt...

Eg har hatt mi kjære mor på besøk, og gjett kva ho hadde med seg! Jo påskepynt! Eller rettare sagt tulipanar...dei var knall gule og liva skikkeleg opp i heimen! Det var jo akkurat det eg trengte, eg som klaga over manglande påskepynt i huset...det gav inspirasjon til å finne på litt meir rask påskedekorering...
Eggeglas frå Greengate....dei livar jo opp vårgrønne som dei er, synes denne fargen er nydeleg...


Og på min vanlege tur med vogna i dag så gjekk eg forbi det huset me budde i før, og der veit eg det finnes ein busk (som tilfeldigvis står kloss i gjerdet ut mot vegen...hihi) som har nokre fine gule blomar...og dei som eig huset no, bur ikkje der....passa igrunnen veldig fint i dag...Ja eg er kanskje frekk, men eg måtte berre knekke eit par greiner (små kvistar...), dei er komen i vase inne hjå meg. Og eg tippar iallefall busken er glad nokon set pris på den...hihi..(skal aldri gjere det meir....lova...)
Så kom posen med Anton Berg egg til nytte...den vart kjøpt for ei stund sidan på IKEA (smarte husmødre tenker laaangt fram, veit de...tjihi) Synes fargane er så fine...
Ja, for å toppe det heile så baka eg gulrot-muffins i dag òg. Store-vetleguten til mor og far kjem heim i dag (hybelbuar han...) og han er glad i kaker (nett som mor si...), og då må eg lage noko godt, det er jo påskeferie og all ting...pynta med lavendel-pynt...

Ha ei kjempefin helg alle i bloggverda!!

Klem

Tusen takk!!

Bilete er henta frå flickr.com
No veit eg kven eg har å takke for blomane på kirsebærkvistane mine! Det var inne hjå Mimmi, i den nydelege bloggen Magnolia...tusen takk Mimmi, ha ein kjempefin påske!



Eg MÅ bli flinkare til å referera kvar eg hentar idear og inspirasjon....hmmm

Påske...no?

Ettersom påsken kjem litt for fort i år (for meg iallefall), så har eg enno ikkje noko påskepynta hus å vise fram... eg håpar eg kan klare å ordne litt i dag. Det er som sagt mykje som skjer for tida. Mor skal i jobb, og etter mykje diskusjon, til og frå, så vart me einige om at far i huset skal stelle heime (!!) Jippi! Då slepp vetlajento vår å begynne i barnehagen endå....phu! Må innrømme at eg er veeeldig letta for det...Tenk å sleppe å dra ungar og alt ut av huset tidleg om morgonen! No kan ho kose seg med pappen sin, og eg kan kome heim til ferdig middag! Ja det vert nye tider det...


Måtte finne fine bilete på flickr.com slik at det vart litt påskestemning her inne....

Har store planar om å male det blå skapet i stova...(det frå Fretex...) Skal vise bilete av det seinare....

Ha ein fin dag alle saman!

Klem

laurdag, mars 08, 2008

Med løfte om vår...

For eit par veker sidan hadde eg eit lite eksperiment i heimen... Eg las nemleg inne på ein av bloggane (hugsar desverre ikkje kvar...synd), at om ein tek inn kirsebærkvistar og vil dei skal blomstre, så må ein banke enden på kvistane for å lure dei til å blomstre inne!! Og eg hadde jo allereide sett inn kvistar av kirsebærtreet mitt, og trudde dei kom til å blomstre uansett...men no tok eg kjevlen og banka kvistane (den delen som er nedi vasen...). Kjevlen sprakk... eg vart visst litt ivrig...(men det er ei anna historie...). Uansett her får de sjå resultatet...





Det kom fram så søte skjøre små blomar, at det var verdt heile kjevlen og meir til!! Det vart nokre dagar med løfte om vår i stova hjå oss...

Tusen takk for søte kommentarar frå alle de kjekke flotte jenter der ute!! Ha ei kjempefin helg!
Klem

fredag, mars 07, 2008

Hei og hå!

No er eg her att...har vore bortreist ei lite veke, og då er det alltid kjekt å kome tilbake og sjå alle dei fine innlegga til alle andre i bloggverda! Det er mykje som skjer i livet vårt her for tida, og noko er veldig bale og noko er veldig bra! Så kanskje det var meininga det til slutt skulle bli ei slags utjamning...?? hmmm. Nei no må eg slutte å tulle... Men føler på mange måtar me er utruleg uheldige, men av og til føler eg meg veldig heldig likevel...(dette vart kryptisk...)

Men eg vil fokusere mest på det som er bra (iallefall her inne...) og det er at eg har fått ny jobb!! Heilt utan å søke eingong...(er det lov??) Ja fekk berre ein telefon, så var det gjort... så no startar eit litt merkeleg liv her i huset, for eg har fortsatt svangerskapspermisjon og vetlajento er berre 9 mnd(!!). Ja mor kvir seg skikkeleg samtidig som eg gler meg òg...(merkeleg?) Men eg startar ikkje før om ein mnd ca...og då er jo vetlajento vår 10 mnd...(som om det var ei trøyst...?). Eg som er skikkeleg hønemor (korleis skal dette gå??). Dei to eldste byrja ikkje i barnehagen før dei var tre år, og sjølv då berre halv plass...men livet tek merkelege svingar av og til...eg får vel berre stupe uti og prøve om det går bra....hjelp...

Frå det eine til det andre....Vil nett vise dei nye sofaputene mine òg....likar at dei er litt store (då treng eg ikkje så mange...). Og denne gongen har eg sydd dei slik at eg kan opne og ta av trekket slik at det vert lett å vaske...(eg brukar ikkje være så lur...)


Eg var i Bergen ein dag for to veker sidan, og då kjøpte eg min fyrste bukett med ranunklar...og dei står faktisk enno!! Nydelege blomar, i heilt nye IKEA-vasar...må nett vise dei òg...


Eit lite pust av vår....

Ha ein fin dag alle som kikkar innom til meg!