fredag, mars 14, 2008

Påskepynt og påskegodt...

Eg har hatt mi kjære mor på besøk, og gjett kva ho hadde med seg! Jo påskepynt! Eller rettare sagt tulipanar...dei var knall gule og liva skikkeleg opp i heimen! Det var jo akkurat det eg trengte, eg som klaga over manglande påskepynt i huset...det gav inspirasjon til å finne på litt meir rask påskedekorering...
Eggeglas frå Greengate....dei livar jo opp vårgrønne som dei er, synes denne fargen er nydeleg...


Og på min vanlege tur med vogna i dag så gjekk eg forbi det huset me budde i før, og der veit eg det finnes ein busk (som tilfeldigvis står kloss i gjerdet ut mot vegen...hihi) som har nokre fine gule blomar...og dei som eig huset no, bur ikkje der....passa igrunnen veldig fint i dag...Ja eg er kanskje frekk, men eg måtte berre knekke eit par greiner (små kvistar...), dei er komen i vase inne hjå meg. Og eg tippar iallefall busken er glad nokon set pris på den...hihi..(skal aldri gjere det meir....lova...)
Så kom posen med Anton Berg egg til nytte...den vart kjøpt for ei stund sidan på IKEA (smarte husmødre tenker laaangt fram, veit de...tjihi) Synes fargane er så fine...
Ja, for å toppe det heile så baka eg gulrot-muffins i dag òg. Store-vetleguten til mor og far kjem heim i dag (hybelbuar han...) og han er glad i kaker (nett som mor si...), og då må eg lage noko godt, det er jo påskeferie og all ting...pynta med lavendel-pynt...

Ha ei kjempefin helg alle i bloggverda!!

Klem

5 kommentarer:

den gode feen sa...

Du tar så knallfine bilete, og skriv så kjekt. Dermed har du segla opp som ein av mine favorittbloggar. Kjempekjekt å komme innom deg. Ha ei fin påske!! Klem frå Linda

Blåbærpai sa...

Hadde eigentlig bestemt meg for å ikkje pynte til påske, men no vart eg inspirert til å dra fram litt likevel! Dei anton berg egga, er flotte men greier de å la dei ligge slik aleine og ikkje ete dei?;-)
Får kjøpe meg nokre tulipaner òg, men der er eg så glad i kvite..

GOD PÅSKE TIL DEG OG DINE!
Ps.den lavendel pynten såg lekker ut!

Lille meg sa...

Så fine påskeblomster! Og så har du mye fristende påskegodt også.Kanskje du har oppskrift på de gulrotmuffinsene å legge ut også? Det kunne vært moro å prøve dem......
Ønsker deg ei god påske!

Tea sa...

Vi reiser på hytta i påsken så det blir lite påskepynt hjemme hos oss... :) Men jeg tror nok jeg må dra med meg litt pynt opp på fjellet i år - det er jo så koselig med påskepynt da... :)

Ha en strålende påske!! :)

I eit hus i ein dal sa...

Takk for sist:)
Så fint du har ordna til påske:)
Kosa dekan masse, alle saman!
Godt å ha storebror heime ei lita stund kan eg tenkja meg..
God påske:)