onsdag, februar 29, 2012

Endeleg...


DÅ var puta ferdig!
Det er eit slit å hekle på ting som ein er gått litt lei av...
..før ein er ferdig.
Difor vart denne puta liggande litt for lenge i korga,
men eg har teke meg saman og gjort den ferdig.



Då eg kjøpte garnet, synes eg det var ein spennande farge,
no er eg ikkje så sikker...
Men eg synes jo det er fint når ting ikkje heilt "passar saman",
difor trur eg kanskje denne puta gjorde akkurat det.

Me er akkurat heime frå ein liten "mini-ferie" hjå mammo mi.
Kjekt å besøke familie,
kjekt å snakkast att alle saman...
Og såå bra når to små søskenbarn leikar så utruleg fint ilag.



No skal resten av vinterferien nytast i heimen.
Det finnes nok eit og anna prosjekt eg skulle ha starta på...
Me får sjå kor langt me kjem.

Å ha frie dagar er uansett godt.

Fin onsdag til deg!

søndag, februar 26, 2012

Jippi!

Når sola har vore vekke i heile 4 månader, DÅ er det utruleg godt når den 
endeleg skin inn på kjøkkenet!

Vinteren er over...
Det er den kjensla eg alltid får då.
Men alt det kjekke med snø og vinter har me framleis framfor oss,
heldigvis..
Ski og fjell,
hyttetur og påske..

Men du og du...
I dag skal eg vere heime...
Iallefall ei stund.

Me reiser på vinterferie til mammo mi i dag.
Eldstejenta sin vinterferie er over,
min byrjar...
Typisk.
Men sidan ho bur hjå mammo mi (bestemora hennar),
tek me like godt turen dit i dag.


Pappen er heime og passar huset (og må på jobb).

Heldige oss!
Håpar sola skin hjå deg òg!




fredag, februar 24, 2012

Herlige fredag...


Så var det helg igjen!
Ikkje nok med det, men me har vinterferie i veka som kjem.
Herleg...
Men likevel er fredagen ekstra god.

I kveld blir det skirenn (om ikkje uværet tek overhand...) fyrst,
så pizza-kos etterpå.
Men det regnar og bles...


Men for å innleie vinterferien kan det vera lurt å leggje klar litt handarbeid,
berre sånn i tilfelle...
Eg har kjøpt store mengder med Ice, som er eit garn av bomull og akryl som gjer at det er supert til 
for eksempel ei golvmatte? Kven veit?

Eg har ikkje bestemt meg enno...

Men no må me pakke på oss klær og
skisko..

Kos deg på ein fredag du òg!



søndag, februar 19, 2012

Ei god helg


Jammen er det kjekt med store ungar!
Dei ordnar seg sjølve...
Vil dei på ski, 
ja så går dei. 
Køyre gjere dei òg...

Mammo (altså meg..) lagar middag og bakar bollar.
Bollane åt me i går.

I dag var det meldt sol, som ikkje heilt kikka skikkeleg fram,
men me tok turen til fjells likevel.



Minstejenta har skikkeleg fått sving på slalomen,
det er såå kjekt å sjå kor kry ho blir!

"Dette er den beste dagen i mitt liv", sa vetla dokko etter siste turen
i bakken..
Kjekt!

Men no er ungdommane reist, 
og berre meg og mistemor er att...
Pappen er på jobb..
Huset er stille.

Det er jammen godt det òg!

Nedste bilete er resten av huset (til naboen)...
han bur ikkje der altså..hihi
Fint!

laurdag, februar 18, 2012

Mur er fint...


Ute på tur, og fanga ein fin mur...
Masse fint om ein berre ser det.

Sjølve løa som denne muren er frå,
er ikkje så fin eller gammal,
men muren er fin..


Hjå oss lavar snøen ned i dag,
heilt fantastisk kvitt og fint ute.
Men skituren tek me i morgo...

I dag blir det bollebaking, og god
middagslaging til alle mine tre søte store og små.
Til og med eldstemann er heime med kjærasten sin...

Kjekt med huset fullt!


Ha ein fin laurdag du òg!

(ps nedste bilete til høgre er frå eit av bygdas eldste hus...
ja det veks ein busk gjennom veggen...)

onsdag, februar 15, 2012

Litt farge er kjekt...


"Fargeklattar" på kjøkkenet...
Ei som utnyttar at mammo er oppteken med å ta bilete,
slik at det vart litt vel mykje kakao i koppen, hihi.

Men med fiine fargar på ullkleda, 
som mamma likar...

Ein stille morgon eller roleg ettermiddag
 er det kjekt å sitje slik å gjere ingenting spesielt...
...anna enn å vere saman.


Fine tulipanar på bordet er fargeklatt nummer to.

Dagen i dag har vore alt anna enn stille, 
tannlegetime med minstemor,
treng eg seie meir?
Stakkar liten, 
med ei mor som ikkje er verdas mest tolmodige...
Me må nok besøke den snille tannlegen ein gong til...

Håpar det går betre då.
(PS og kakao er ikkje vanleg kvar dag, altså...berre om du lurte..hihi)

Fin onsdag kveld til deg!



måndag, februar 13, 2012

Litt enkel forandring..



Hadde eit litt (desperat) behov for endring i heimen i helga...
Det enda med at duken, som har vore så fin på kjøkkenbordet, 
vart vaska støken og hengt på veggen...
Enkelt og greit

Og fornying vart det i massevis!
Så kjekt når så lite gjer så mykje...
Eg sat å lurte på om det hadde vore fint med tapet på kjøkkenveggen vår,
men tapet er så endeleg, og dyrt...



Ser at det var att ei skrukke på stoffet..hmmm
men men, det rettar seg vel etterkvart...



Synes fargane i stoffet passa så godt til resten på kjøkkenet,
utan at det vart FOR skrikande..

Ein kjekk vekestart..
Håpar din vart fin òg!

søndag, februar 12, 2012

Søndagskos


Etter ein fin skitur rundt huset,
i hagen,
bort i bakken
og eit lite besøk hjå besto,
er minstemor klar for litt innekos...

Framfor ovnen i fin positur..


Legg merke til radioen,
den er med...
Må danse litt innimellom..

Ei fin helg er bak oss.
Me rakk mykje...
 masse latter og jenteprat,
skigåing rakk me, både bortover og nedover.
Litt baking i dag.

Visst er det godt med helg!

No er "tanken" full og me er (snart) klar for ei ny veke!







laurdag, februar 11, 2012


Tjohei! Eg er her...
Ein laaang pause frå meg.
Men det er ikkje fordi eg er lei, eller sjuk eller noko anna god grunn...

Me har hatt det hektisk,
Eldstejenta er blitt 18 år!
Mannen i huset hadde bursdag i går,
karneval,
skikarusell,
trening...

Dagar som fyk!
Eg er sikker på at du veit kva eg snakkar om...


 Endeleg ei roleg helg,
laang frokost,
nattklede på til langt på føremiddagen...

Nysnø ute,
kvitt og fint ljos inne...

Ville berre ynskje deg ei riktig god helg!!