laurdag, oktober 31, 2009






Som de ser så vart det brått ei endring her...hihi...sat å kikka litt på bloggar rundtomkring, og vips der kom Den gode feen med nok eit tips! No vart det stooore bilete på bloggen min òg...

Det som gjenstår no er å klare å ta fiiine bilete...

Desse koppane synes eg er nydelege, fekk dei av mamma, som hadde fått dei av si mamma...dei skal brukast!

Skulle ynskje eg klarte å takka alle dei knallkjekke bloggarane som kjem med så supre kommentarar til meg!! Men tida strekk ikkje til...Men eg takkar og bukkar her og no! Og ang fargen på kjøkkenkommoden min... er den forresten ein heilt vanleg Quick-lakk boks kjøpt i min nærbutikk...

Ha ein super laurdagskveld!!

onsdag, oktober 28, 2009

Den gule bølja...

Ja, det er ikkje vanskeleg å sjå den vesle kommoden min no! Etter inspirasjon frå diverse interørblad og kjekke bloggar der ute (bl.a Den gode feen, og Bodil Bo) har eg kasta meg på den gule bølja. Synes det vart litt kult, på ein sær og tøff måte... var akkurat det som mangla her no.


Har lenge hatt ein plan om å male kommoden på kjøkkenet, den vart kjøpt på Fretex for ei god stund sidan. Eg har berre skura og vaska den, men hatt eit stille ønske om ein litt sprek farge. Gjekk lenge å lurte på rosa, lilla, til og med burgunder...Men no vart den altså gul (signalgul, på boks)!



Og om eg angrar meg så finnes det alltids ein sprayboks der ute...hihi. Superenkelt å berre spraye møblane. Denne har berre fått eitt strøk, men eg likar at den ikkje ser heilt perfekt ut. Og som de ser så har den ein "bulk" i sida, den viser godt frå stova...men eg synes ikkje det gjer noko...
Ha ein fin fin dag der ute!! Og tusen takk for supre kommentarar ang møbleringa mi!! Knallkjekt at det er fleire som meg der ute!!
PS bilete på forrige innlegg har eg stjelt frå eksempelbilder...(av alle ting) så det var ikkje mitt verk...
No er det kaffi og kos (og kanskje litt jobbing) !

Ein liten test...

...på om bileta vert større...

måndag, oktober 26, 2009


Ville berre visa bileta frå helgas ommøblering. Det store skapet stod på motsatt vegg, der som korgbenken står no og spisebordet var snudd andre vegen. Ikkje den heilt store omveltinga, men eg synes alltid det er befriande når eg endeleg har kome på ein "ny" måte og snu om på. Det er så kjekt å stå opp om morgonen når noko er "nytt". Kjekkare å tenne ljos, drikke kaffi og kort sagt alt!


Ja det er ikkje mykje som skal til for å løfte humøret nokre hakk opp. Benken som de ser er flytta frå gangen og inn her. Kven treng kjøpe nye møblar? Nei me berre brukar dei me har på ein litt ny måte...reknar med det er mange som er som meg der ute??
Som de veit så stilte me klokka i helga og etter ein riktig morgonfrisk start i dag kl. 05.10...av vetla dokkemor, så er det ikkje lenge til eg må i seng. Dette er kanskje starten på ein ny epoke?? Med så utruleg tidlege morgonar at eg rekk lage middag FØR eg går på jobb?? HA ha...hadde vore kjekt å vore så effektiv... Men i dag hadde me iallefall ein koseleg start med å ligge leeenge vakne før meg stod opp, for så å ete leeeenge frokost, for så nesten å sovne att før me kom oss ut døra.:)
Men det er herleg med litt lysare morgonar! Og eg er ikkje så lei meg for denne mørke fine kvelden heller...kan tenne lys og kose oss!
Kjem att med bilete av maleprosjektet mitt...snart..

søndag, oktober 25, 2009





Ville berre nett visa at eg faktisk har hengt opp att skapdørene på kjøkkenet. Og nye knottar er på plass, glasknottar frå Indiska til ca 30 kr for fire...det var igrunnen det som avgjorde at eg bytte ut knottane eg hadde...
Og som de ser så er tavla på kjøkkendøra ivrig i bruk. For ein familie med frykteleg dårleg kortidsminne er det viktig å få skrive ned alt frå middagsmat til jobbavtalar...haha.
Helga har gått med til ommøblering i stova(eller sagt på ein anna måte: terapi for mor...hihi), 50-års dag hjå naboen (kjekt), litt jobbing og maling av kjøkkenmøblar. Kjem att med oppdaterte foto snart...tudelu!
:)





onsdag, oktober 21, 2009

Tavle til dokkemor..




Denne knallfine tavla kjøpte eg hjå Patina på evanger i haustferien. Den har fått stasplass på dokkemor sitt rom. Ho er så oppteken av tal og bokstavar (kremt...skikkeleg liten smarting med andre ord...), men ho har det vel etter mora...haha...
Eg hugsar me hadde grøne slike tavler med gul skrift når me var små, men eg anar ikkje kor dei har teke vegen. Men synes uansett desse svarte er hakket finare...
Skal friske den opp med eit strøk tavlemaling (berre på midten) når tida strekk til. Akkurat no ligg ein haug med klede og ventar på meg...Ha ein fin kveld!


søndag, oktober 18, 2009

Litt juleførebuingar...

Dette vart resultatet av papir-inspirasjonen min. Eg har laga pakkelappar til jul! I år kjem det kanskje ein pippipp på ei pakke nær deg...hihi..


Når eg lagar pakkelappar må eg tenke at forma er enkel, sidan den skal klippast ganske mange gonger. Utolmodige meg synes to gonger er mykje (!), for å få EIN fugl. Fyrst teiknar eg forma for fri hand, så klipper eg den ut i litt stiv kartong, denne gongen brun (sidan det var det eg hadde...). Så klipper eg fuglen i det fine papiret og limer utanpå, vips ein pakkelapp med personleg vri...

No gjenstår berre pakkene. Og sjølvsagt papiret...trur eg leitar etter noko einsfarga papir i år...hmmm nokon som har sett noko fint??
Det kan jo hende at enkelte julesjeler der ute saknar litt julestemning på fuglane mine, men eg får jo julestemning berre med å tenke på jul medan eg lagar dei! Eg treng ikkje bestemte fargar eller mønster...dette vart uansett pakkelappane mine i år.
Eg har faktisk kjøpt mine fyrste julepakker i helga. Er superkry for at eg faktisk er igang! Tre pakker er på veg i posten, kjøpt på nett sjølvsagt...hihi. Og det vert nok fleire netthandlingar framover, eg leitar berre etter knallgode norske nettbutikkar. Tek gjerne imot tips...
Men no er det snart ei ny travel veke, ynskjer alle ein flott kommande måndag!






fredag, oktober 16, 2009





Det er ingen hemmeligheit at eg er glad i papir. Trur ikkje det er noko som kan inspirere meg meir enn fint papir. Og no finnes det så utruleg mykje flott å velje i, eg har faktisk problem med å velje...tippar eg ikkje er åleine??
To av desse herlege papira har kjøpt på Patina på Evanger (hjå storasysto mi..:)), det er Blafre-designe papir det grønne og brune. Det oransje og blå kjøpte eg på nettbutikken NettPynt for ei tid sidan...klarar ikkje gå forbi/el klikke forbi fint papir...
Men no er det helg! Kanskje eg klarar å lage noko kjekt med papiret i helga..?? Hmm..eg både gler meg og gruar meg til å bruke det opp...hihi
Ha ei super helg alle som klikkar innom!

torsdag, oktober 15, 2009

Kveld

Eit lite livstegn frå meg i kveld. Synes ikkje eg får tid til å oppdatere ofte nok, eller kikke innom alle dekan der ute i bloggverda... Men som kjendt så går alt opp og ned her i livet. Ihvertfall i rykk og napp, slik er det iallefall med meg.

Men eg kosar meg når eg får tid til å sjå gjennom bilete og styra litt med fotoapparatet, og ikkje minst blogge litt! I kveld har eg teke bilete av ein liten haust"pynt" på bordet. Eg eksperimenterte litt med kamera, og enda opp med to ulike ljosnyansar...spennande å leike seg litt!
Beinrestane er frå ein auksjon tidlegare i sommar, den største kongla kjem heilt frå sommarferien i Danmark, og dei andre konglene frå skogen rundt huset. Og sinkfatet har eg fått/el lånt av mammo....

I ettermiddag har eg og dokkemor rusla rundt i hagen, me har vore ein tur bort til nabohesten og snakka med fleire av nabodamene. Det er så kjekt å bu slik at alle kjenner alle...og husa har namn. For det har dei her hjå oss...Bente sitt hus, bestahuset, Thomashuset osv...det er sjølvsagt vetla dokkemor som har namn på husa, men kjekt er det iallefall.

Ynskjer alle som ein ein koseleg haustkveld.

laurdag, oktober 10, 2009

Vel førebudd til jul..

No var den vetle mini-husmor-ferien over for denne gong, både eg og jentene har hatt ein koseleg tur til mamma/bestemor. Men det er alltid godt å kome heimatt...Og bilete i dag er av ei dør...


Denne fine vetle døra høyrer til denne flotte kyrkja:

Synes ho var så staseleg og fin der den stod saman med julepynten på loppis forrige helg. Den er laga av metall, slik som gamle leikebilar er laga av. Ein lyfter av taket og set eit ljos inni, slik at det skal skinne ut dei fine raude vindauga...






Men på baksida er det ein artig detalj, nemleg eit trekk-opp-maskineri...den virkar ikkje no, men det hadde vore skikkeleg kjekt å høyra kva for ein song som kom ut av den! Det ser ut til at alt er der, men den manglar nok ei fjør...men kanskje nokon veit kor ein kan fiksar slike speledåsar?? Hadde vore koseleg med ein fin gammal julesong...


Eg tenkte eg skulle bruke kyrkja til julepynt, saman med krybba frå i fjor, kanskje? Og sjølv om eg synes den var fin, så har eg sett den ned i kjellaren saman med julepynten, så har eg noko å gleda meg til...hihi..
Her har laurdagen gått med til bl.a. henting av eldstemann som har vore på hytta nokre dagar med venner. Snø i fjellet, og mor på vinterføre utan piggdekk...hjelp! Men det gjekk bra, eg har jo vinterdekk...(men eg stolar ikkje heilt på dei enno...).
Og i kveld er familien samla under eitt tak...iallfall nokre timar...kjekt!
Ha ei fin laurdagskveld du òg!

onsdag, oktober 07, 2009

Då var turen komen til stol nr 3...dette er vel meir ein krakk, men eg er kjempefornøgd med den. Den har allereide fått plass rundt kjøkkenbordet vårt. Og var akkurat det me trengde når eldsteguten vår er heime på haustferie...stol til alle, hihi.
Den er akkurat passe slitt i malingen, men stødig og fin. Heilt utruleg at det ikkje går å lage like stødige stolar i dag...? Kanskje eg ikkje handlar i dei rette butikkane..?? Men eg synes faktisk dei laga mykje meir solide saker før...(dette er jo eigentleg ei sak for miljøaktivistar...og ikkje ei lita bloggedame...haha) I dag er me på veg heim til mammo. Eg håpar ho har fått med seg at me kjem...? Eit par dagar hausferie og litt husmorferie...Me gler oss. Men både storebror og pappa blir heime og passar huset.

Ha ei super veke vidare de òg! Så kjem eg snart att...









måndag, oktober 05, 2009

Hmmm...

Eg viser loppe nr 2 i dag. Nok ein stol...Men den er eg meir usikker på. Angra nesten med ein gong eg hadde kjøpt den...men då var eg så forkava at eg tenkte; gjort er gjort...haha. Men berre ein 50,-lapp for denne òg. Eg synes endeleg den er fin, men eg veit at mamma har to slike stolar ståande hjå seg...(som eg sikkert kunne fått...). Dessutan har dei ein finare mørkare brunfarge...

Men stolen er heil og fin, passar igrunnen godt inn (litt for godt etter min smak faktisk....). Eg er jo ein av dei få bloggdamer som har beige ektorp og ikkje kvit...så det vart litt FOR beige her i stova liksom...Men me får sjå, kanskje store-vetle-guten vår vil ha den på hybelen sin...??

Men foreløpig står den i stova, nyvaska og fin (eg ser ein mørk flekk på den, men det er nok vetla-trultemor sitt arbeid...). Trulto synes forresten det var stor stas å snurre rundt oppi den, enn så lenge...
Ha ein fin kveld vidare...ein dag att før haust-mini-ferie for min del!
PS Bilete i bakgrunnen på det siste bilete er eit av eldstejenta sine verk...



søndag, oktober 04, 2009

Fyrste loppa...

Heisann, der var eg igjen. Kunne berre ikkje vente lenger med å ta bilete av denne kuule stolen! Ja eg seier det rett ut, eg synes den er råfin! Sa akkurat til mannen min før eg reiste på loppis at eg håpa eg ville finne ein slik gamal regulerbar skulestol. Og gjett om eg vart glad då eg fant ein!


Det er så mange fine detaljar på stolen. Den er heilt original og fungerar utmerket...Hjulene trillar perfekt. Eg veit ikkje kor gamal den er, men tippar den var i bruk på ein skule kring 60-talet ein gong...??(kanskje eg tek heilt feil?) Men eg synes iallfall den er superfin...


Enn så lenge skal den få stå i stova ei stund, i håp om å spre ein litt meir industri-look over oss...Kanskje eg skal ha den på mitt (om ei stund) nye kontor? Me får sjå, men dette var iallefall ein av dei fire stolane..hihi..eg kjem att med innlegg om dei andre.
Akkurat no er det ei lita tutte som vil ut...Ha ein fin fin dag alle som kikkar inn!
Ei lita oppdatering:
PS Den kosta meg kun 50,-...er det rart at eg er lukkeleg?!

laurdag, oktober 03, 2009

Loppelaurdag

Det er ikkje akkurat loppene mine eg illustrerar dette innlegget med, men derimot ei veldig oppslukt trultemor. Ho elskar havregraut, og når pappen er så raus med blåbærsylta som her, ja så går den ned på høgkant...hihi..

Eg har endeleg fått vore på mitt fyrste loppemarked denne hausten, jippi! Eg og trultemor trossa ruskeværet og køyrde avgårde på loppis. Det var maaasse folk som vanleg, og når ein går med ei bitta lita jente i handa er det ikkje lett å få ruska med seg saker og ting i farten...men etter fyrste turen inn hadde eg ikkje mindre enn 4(!) stolar + vetletrulta med meg ut att...haha. Du kan tru eg tok meg ut...
Men eg fant altså litt forskjellig anna òg...men det mørkna før eg fekk fotografert sakene.
Så i kveld skal eg berre krølle meg opp i sofaen, fyre i ovnen og nyte haustregnet som plaskar ned. Håpar de får ein lika fin kveld som meg!