laurdag, oktober 03, 2009

Loppelaurdag

Det er ikkje akkurat loppene mine eg illustrerar dette innlegget med, men derimot ei veldig oppslukt trultemor. Ho elskar havregraut, og når pappen er så raus med blåbærsylta som her, ja så går den ned på høgkant...hihi..

Eg har endeleg fått vore på mitt fyrste loppemarked denne hausten, jippi! Eg og trultemor trossa ruskeværet og køyrde avgårde på loppis. Det var maaasse folk som vanleg, og når ein går med ei bitta lita jente i handa er det ikkje lett å få ruska med seg saker og ting i farten...men etter fyrste turen inn hadde eg ikkje mindre enn 4(!) stolar + vetletrulta med meg ut att...haha. Du kan tru eg tok meg ut...
Men eg fant altså litt forskjellig anna òg...men det mørkna før eg fekk fotografert sakene.
Så i kveld skal eg berre krølle meg opp i sofaen, fyre i ovnen og nyte haustregnet som plaskar ned. Håpar de får ein lika fin kveld som meg!

8 kommentarer:

Heidi sa...

Høres ut som mine helger i det siste det der...:) Småtrulter og loppis går sånn passelig sammen, det er mye inntrykk på en gang og vanskelig å holde styr på alt. Er imponert over at du fikk med deg alt det ut!! Ha en super lørdagskveld:) Heidi

Rosa sa...

Åh, eg hadde store planar om å få med meg den loppisen der, for eg fann så mykje fint ifjor. men då reisefylgjet mitt måtte jobba istaden så vart det ikkj efor meg heller. Neste gong, DÅ skal eg ta turen innover og snopa litt.

God helg!

Duften av erteblomster sa...

mmmmmm- havregrøt er så deilig :)
gleder meg til å se loppekjøpene dine!

lørdagsklem,
vibeke

Blåbærpai sa...

det såg godt ut med blåbærsylta på grauten:)
Fine bilete av trulto;)
Hihi, må sei du er rådyktig på loppemarknad! Gleder meg til å sjå varpa:)

Eg er nett heimkomen frå jobb, har slengt i hopa ein pizzadeig og glede meg til tvkos med gutane(litt seint riktignok,men dei har haustferie).

GOD KVELD OG SØNDAG I RUSKAVÈRET!

Den gode feen sa...

Så kjekt med loppis. Gler meg til å sjå varpa dine :) Alma elskar også havregrynsgraut. Kjekt.

Ha ei god natt og ein god søndag :)

et kjært hjem sa...

Det er så gøy med loppis, så kjekt at du fant så mye da! Gleder meg til å se funnene :)Så nydelig liten jente du har, ser ut som hun storkoser seg med grøten :)

mali-mo sa...

fire stoler! OG du hadde snuppeduppa med deg ut igjen? Imponert!

Hun ligner på pappaen!!!!!?

Ingen loppemarkedsesong for meg i år, har ikke helt funnet piffen. Har prøvd meg men gidder ikke helt kenner eg.

Planlegger oppussing av katastrofegangen vår isteden. Den har HULL i gulvet. Og det er ingen overdrivelse ;)

Tusen takk for rørende hilsen inne hos meg. Søte du ;)Klem ;)

Pink Lady sa...

Skjønn jente du har!!

Min favoritt er havregrøt med kanel og honning, prøvd det? :)

Håper vi får se bilder av stolene etterhvert!

Klem Pink Lady