torsdag, september 29, 2011

Hauststemning

SÅ kjekt med masse skryt for puta mi!
Tusen takk, alle som ein!!
Eg kikkar nok innom til dykk i helga.

Måtte berre vise nokre bilete frå meir haust i heimen.
Bukett med ukjent buskvekst,
frå fjellheimen...i nydelege haustfargar.
Den måtte eg berre plukke med heim.

Passar fint inn på kjøkkenet.

Trur ikkje eg tullar,
 når eg seier at hausten er heilt utruleg inspirerande...


Men hausten er travel,
så det gjeld å sjå alt det fine FØR vinteren kjem og tek alle fargane frå oss...

No er det trim-tid,
over dørstokken...aldri sur..
hihi

Kos deg du òg!
Klem

tysdag, september 27, 2011

Puta er ferdig!

Puta er ferdig!
Ei skikkeleg haustpute, vart det.
Kanskje litt "anonym" i fargen,
men eg likar den.

Og det er jo viktigast.


Men no saknar eg eit hekletøy i hendene...
Må nok finne eit eller anna meir å hekle...

Kva blir neste prosjekt, skal tru...?

Ha ein fin kveld alle knallkjekke folk der ute!

I morgon skal eg og dokkemor i bursdag, til tannlege og
kanskje det blir litt shopping òg...?
Me gler oss...





måndag, september 26, 2011

Haustsol

Me er vel ein av dei som har ein litt "uformell" stil heime,
eg er ikkje så oppteken av at ting er beint,
at linjene er rette..
eller at bileta me heng opp nødvendigvis passar heilt saman..

Faktisk..
Eg trur at eg ikkje er heilt åleine om å ha det slik.
?

 Huset vårt skal brukast.
(ps men eg likar å ha det reint...hihi)
No i helga skein sola så fint inn på kjøkkenet vårt,
det måtte knipsast,
akkurat slik det var...

Ikkje lenge før sola forsvinn her hjå oss.
Omtrent i midten av oktober,
så kjem ho ikkje att før i midten av februar...
det er leenge...

Dokkemor heng alltid ny-produserte bilete på ein streng i kjøkkenvindauga.
Der er det klyper som ho heng bileta opp i sjølv, enkelt og greit.

Om det er beint er ikkje så nøye..
Bileta heng til nye er produsert.
Ypperleg til bruk for våte måleri...

Eg håpar du har fått ein god start på veka!
Det har eg...

Klem

onsdag, september 21, 2011

Plommer i hagen


 Det er vel eigentleg litt seint å kome med eit "plommeinnlegg" no.
Men men...
Det er då ein merkar at hausten går fort,
når ein ikkje rekk å sjekke plommetreet før det nesten er for seint.
Far i huset har vore veldig spent på plommene i år,
kanskje fordi det endeleg var rikeleg med plommer på det?
(og fordi han likar dei gule best?)

Både far og vetle dokkemor var å sjekka treet jamnleg frå midten av august, omtrent.
Men plommene mangla sol...
Og var harde og sure...
lenge.
Altfor lenge.

Då dei endeleg var modne hadde både far og dokkemor
gått lei av å kikke og kjenne på plommene.
Og gløymde av heile treet...

Difor var det berre såvidt me fekk i hus nokre av dei.

Dei fleste heng/hang så høgt at verken stige eller trapp fekk oss til å nå dei...
dei heng vel der enno...

Det er ikkje berre berre å ha eit plommetre i hagen...


Ynskjer dykk alle ein kjekk kveld!
Klem frå meg...

måndag, september 19, 2011

No er det haust

Når eg finn fram garn og heklepinne,
då er det haust.
Det er så typisk,
det må ligge noko i naturen,
det trur iallefall eg...

Eg må liksom til å produsere noko,
noko forunftig..
haha
Kanskje ikkje,
men eg er iallfall i gang med (nok) ei pute.




Det er ikkje rare tida ein har til hekling,
men eit par omgangar kvar kveld, medan nyheitene går
på tv..
det rekk eg..


Fiine blomar plukka av ei ivrig barnehand,
det er mykje i grøftekanten som me vaksne glatt går forbi...


Mine svigerforeldre sine sauer på nedste bilete.
Sauesanking høyrer hausten til
her i bygda òg.
Eg var heldig å få vera med i år.
Utruleg flott natur,
masse inspirasjon,
og veeeldig laaangt å gå...

Ha ein fin måndagskveld du òg!
Klem


onsdag, september 14, 2011

Ein liten dekkoperasjon...

Då har eg slengt meg på "moten" med å tape opp bilete på veggen.

Men når me bur sånn litt avsides til,
får ein ikkje alltid tak i rette utstyret...
Eg måtte bruke vanleg blank tape...
hihi
men det går jo det òg...

Grunnen til at noko MÅ vera på veggen her,
er den GRUSOMME kontakten som faktisk er MIDT på veggen!
Tru det eller ei,
men slik kan det gå,
sjølv om me har bestemt alt sjølv...
Difor må me til med ein dekkoperasjon.

(kan jo seie at det finnes NOKO me angrar på etter bygginga vår...haha)



Sidan vår familien er spreidd for "alle vindar" sånn innimellom,
kan det vera greit å sjå dei slik på veggen.

(om me prøver å ikkje sjå på stikkontakten...)

Når me sit ved middagsbordet kan me sjå på storebror og storasysto,
snakke om dei,
tenkje på dei...

Vetla dokkemor synes det er heilt TOPP!
Me skal nok utvide bildeveggen litt til,
det finnes nokre søskenbarn,
besteforeldre og andre søte små bekjente,
 som skal opp på veggen vår etterkvart...

Berre sånn at me ikkje gløymer å hugse dei...

Så måtte eg berre ta med den fiiine teikninga dokkemor teikna i dag,
med mammo som til og med har fått brillene sine på!
Knallsøt!

måndag, september 12, 2011

Tusen takk!

Eg måtte berre inn i full fart å takke så audmjukt for såå koselege,
inspirerande og kjekke kommentarar!!

Det er faktisk veldig kjekt når nokon skriv så fint...
Eg går liksom her og seier til meg sjølv, at eg bloggar for min eigen del...
...og det gjer eg jo,
men likevel..



Du betyr faktisk noko...
Du som er der ute...

TAKK!

Stor klem
(til deg som vil ha....)

Ha ei flott veke

 

onsdag, september 07, 2011

Uglefint

Ja, dei er skjønne desse fine uglene mine...
Den største fekk eg i bursdagspresang av mi kjære storesyster,
den minste har eg ingen aning om kvar kjem frå...?
Den dukka berre plutseleg opp der ved sida av den store.

Eg tippar at kanskje den minste vetle "uglemor" her i huset har litt kjennskap til dette...


Den store fine ljosestaken i tre er kjøpt på Patina på Evanger.
Nydeleg fin!

Me har endeleg kosa oss heime i dag,
sjølv om store deler av dagen gjekk med til jobbing, for min del,
klarte me å presse inn både ein luftetur,
og eit kjekt nabobesøk!

Klem til deg!

laurdag, september 03, 2011

Gult er framleis kult...

Av og til når eg går rundt og gjer alle dei daglege gjeremåla,
ser eg overraskande "bilete"..
Som det ovafor, synes plutseleg det gule nattbordet og stolen i gangen,
saman med fargen på veggen og matta på golvet vart litt fint...
hihi..
Har ikkje du det slik òg??
Innimellom ser ein kva ein har...
Ikkje kvar dag...

Grunnen var vel at eldsteguten har fått ei real ommøblering på rommet sitt.
Eg har flytta seng og nattbord,
slik at sofakroken hans vart i andre enden av rommet.
Fint.

Dei som har kikka på bloggen min før, vil nok kjenne att denne divanen..
Den stod i stova før, med samme trekk og puter...
Men men slik er det,
Han toler nok å ha litt blomstrete puter på rommet sitt...

Han er forresten framleis i militæret (HMK), difor hender det rett som det er at
det er mor sjølv som nyt ein stille kveld med ei skikkeleg doku-såpe
på rommet hans..

Eg har forresten fått rydda i kjellaren.
Herleg!
Min kjære mann fekk "trua" meg til å kaste masse,
eg treng nemleg å pressast litt,
eg er nok ein samlar...
(men me kan vel ikkje kalle meg ekstrem-samlar enno...haha..)

Ha ein strålande laurdag!
Klem

fredag, september 02, 2011

Ååå endeleg litt bloggetid!
Eg veit ikkje kva eg skal skulde på,
dagane er for hektiske,
døgnet har for få timar,
eg er for treg...

Samme kan det no vera,
eg rekk ikkje alt eg vil eg heller...

Så i dag opna deg seg ei lita stund der eg drog fram kamera,
blåste litt støv av det,
og knipsa litt..
hihi
Ikkje rare greiene.
Men nokre glimt frå jentene våre sine rom...

Dokkemor er oppteken av tal og bokstavar,
ho har tavla rett ved senga slik at ho kan øve før ho legg seg, flinka jento.


Eldstejenta har utsikt til verda...
Fantastisk flott,
eg drøymer meg litt vekk kvar gong eg går inn der...
Så har ho akkurat hengt opp ein flott "sjølvlysande" hawai-krans,
kjøpt på ferie for leeenge sidan.
Ser ut som den lyser av seg sjølv,
til å bli glad av!

Eg gler meg til ei rydde-helg (håpar eg gidd..haha)
Har store planar om å rydde litt i kjellaren...
Me får sjå,
helga er enno ung!

Ha ein super fredagskveld
Klem frå meg