måndag, september 10, 2007

Hei igjen...


Det går ei stund mellom kvar gong eg er her, men men. No er vetlajento vår vorte tre mnd og eg har begynt å få litt tid til overs... me har nett vore på trilletur og no søv ho så godt i vogna si.


I helga var eg så flink å skura og vaska rundtomkring at eg snubla over eit stoff eg for leeenge sidan kjøpte på nettbutikken stoff og stil. Og sidan eg ikkje har symaskin for tida må det greie seg at eg berre legg stoffet på spisebordet... og eg synes igrunnen det vart fint! Trur neppe nokon ser at den ikkje er sydd...(enno)

Fekk sett inn den gamle barnesenga til babyen òg... det var den eg låg i når eg var liten...me har sett hjul på den for at den skal vera litt praktisk inne i stova. kjekt å bruke som ei dag-seng.

Fekk pynt litt i gangen òg, med dei siste gule rosene mine (såg litt små ut på bilde men men...veldig koseleg likevel). No byrjar det å minke kraftig på alle blomar ute, så det gjeld å passe på...