fredag, juli 29, 2011

Dagane går vidare...

Ja, på mange måtar er det vel det som ofte er det verste,
og det beste med livet,
at kvardagane kjem,
og går..
uansett...

Hjå oss har finevêret endeleg kome og me er ute frå morgon til kveld.

Som de ser av bileta har eg hengt opp ei gardin frå Åhlens på veggen.
Men den heng ikkje berre på veggen, den heng framføre ei dør.
(Du ser korleis det var før til høgre i margen her på eit bilete frå gangen...)

Me har lenge lurt på å stenge denne døra inn til kjøkkenet, sidan me har så mange dører inn der frå før.
No fant eg ein litt lur måte å prøve ut dette på, utan faktisk å fjerne døra!


Synes det var lurt.
Då vil me jo sjå om me kan klare oss utan den...

På andre sida har eg skrudd av handtaket...
Dette er "tavledøra" på kjøkkenet, så den har framleis ein funksjon forsåvidt.

Synes stoffet frå Åhlens er ganske fint,
og ganske mykje billegare enn ein tapet...
Og ikkje minst utruleg lett å bytte ut!

Håpar litt av kvardagen er komen tilbake til deg òg...
Klem

måndag, juli 25, 2011

Gje meg handa di...




Gje meg handa di, ven, når det kveldar
det blir mørkt og me treng ei hand.
La dei ljose og venlege tankar
fylgje oss inn i draumars land.
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i myrkaste natt.
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.



Varme tankar og hender som trøystar
er som sol over frosen jord.
Kjenne varmen frå ein som er nær deg
gjev langt meire enn store ord!
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i mørkaste natt!
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.

.

Tekst: Sondre Bratland (Irsk melodi fra 1600-tallet)


I djupaste medkjensle til alle...

søndag, juli 17, 2011

Ein liten fargeeksplosjon...


Sjølv om eg sakte har luka vekk litt av sommarhus-stemninga i mitt eige hus,
så er det reine eksplosjonen av sommarfargar i huset-i-hagen.

Eg rydda litt der ein dag, kasta ut ein gammal sofa,
vaska, og tok inn ei ekstra seng i staden.

Roser frå hagen måtte sjølvsagt på bordet...

Då vart det ein flott fargekombinasjon der inne,
synes eg...



Eg sette dei to borda som var der inne saman,
og vips vart det eit langbord med plass til alle dei "ledige" stolane mine frå garasjen...

(Eg har nemleg eit lite lager med stolar rundtomkring..hihi, men kven har vel ikkje det??)

Den gamle oransje-blomstrete dyna i senga har vore i min familie så lenge eg kan hugse...
Kjekt å få bruke den.

Den raude ljosestaken på bordet skal vel eigentleg hengast i taket.
Den vart spraymalt raud for nokre år sidan,
passa jo fint inn no med desse fine stolane...

Litt av vitsen med eit slikt hagehus er å bruke ting ein har frå før,
her skal me ikkje kjøpe nytt, berre bruke omatt ting me har.

Og ting, ja det har me...



Ein gamal fjellreven-sekk heng på knaggen innom døra,
berre i tilfelle me går ein nistetur...
(den vart kjøpt på ein bruktbutikk for eit par år sidan)
Fiin...





 Dokkemor er sjølvsagt med der det skjer..
Ho har funne seg godt til rette i den "nye" senga i hagehuset vårt.

Tippar det blir ein fin stad å sove middag...
for liten og stor.

<3

Ha ein fin kveld du òg.

fredag, juli 15, 2011

Kva synes du??


 Du har sikkert opplevd at av og til er det som om ting "snakkar" til deg..? Eller?
Er det berre meg??
I dag møtte eg ein sånn ting...
På ein bruktbutikk.
Saman med mi supre veninne frå Øystese, var me innom den lokale bruktbutikken.
Der hang, av alle ting, ein klokkestreng...
som eg berre måtte ha...
eg klara ikkje gå i frå den...

Ja, kva synes du?
Eg synes den passa knallgodt inn, faktisk!
Angra ikkje eitt sekund.

Synes fargane var fantastisk fine,
dei kjem igrunnen best fram på fyrste bilete.


Klokka som hang der har fått tilbake sin gamle plass,
på veggen ved komfyren (alle såg jo den vegen for å sjå på klokka uansett, har du prøvd å bytte plass for klokka di? Umuleg...).

Me ha hatt ein knallfin dag i nydelege Øystese,
og eg trur dokkemor har fått seg ein ny liten kjærast...hihi

Ha ein flott kveld!
Klem til deg...

torsdag, juli 14, 2011

Søte sommartid...


Det finnes mykje (altfor mykje) freistande å lage når ein har lange late dagar og fri...
Som ein nydeleg bærpai, det må jo vera litt sunt...?

Eg og dokkemor veit kvar me skal leite for å finne utruleg mykje markjordbær,
me åt og åt...
men litt av dei vart med heim.
Dokkemor ville me skulle lage pai av alle bæra.

Og det måtte me jo.
Me supplera sjølvsagt med både solbær og rips frå frysen...

 Sommarens fyrste (og heilt sikkert ikkje siste) nyydelege bærpai.
Her er oppskrifta:
Botn:
100g margarin
2-3 ss sukker
1,5 dl kveitemjøl
1,5 dl havregryn

Arbeid deigen saman og trykk den ut i ei paiform

Fyll:
Bland alle bæra du vil bruke i ein bolle (ca 400g? eg berre slumpar..)
Bland oppi frå 0,5 dl  til 1,5 dl sukker (litt etter kor søte/sure bær du brukar)
1 ss potetmjøl
Rør saman og
tøm alt oppi paien

Steik den midt i ovnen på 225 grader ca 20 min, til deigen har fått farge og fyllet har blitt mørt..
Nyydeleg servert varm med is...

Me vakna utruleg nok opp til ein ny solskinnsdag!

Det ser ut som det må bli ein tur på stranda i dag...
årest fyrste det òg i tilfellet...
men bading...?
Det veit eg ikkje...

Håpar du vakna til solskinn du òg!
Og at dagen blir fiiin...


måndag, juli 11, 2011

Kreta










Eg treng vel ikkje seie meir?
Sol,
varme,
strand og
knallblå himmel...

Me har hatt ein knallfin ferie på Kreta!
Jammen kom det godt med,
sidan det er "regntid" her heime...hihi

Klem