fredag, januar 29, 2010

Endeleg helg!


Etter ei heller hektisk veke, er det utruleg godt med fredagskveld! Tippar eg ikkje er åleine om å nyte tanken på at det er fridag i morgo...(sjølv om eg er fullt klar over at ikkje alle der ute har fri i helga...)

Det er litt stille på alt det huslege her hjå meg for tida, men tulipanar har eg fått meg, dei er over ei veke gamle og likevel gjer dei seg greit på bilete...Rema 1000 er ikkje så verst på tulipanar...



Som de ser så har eg endeleg fått fyll i puta mi.

Det er rett og slett ei firkanta pute som eg har stappa inn hjørnene på, sydd eit par sting i kvart hjørne slik at det held seg, så stappa eg den inni det heime-hekla putetrekket. Er nok litt for stor og fyldig for kontorstolen...men men..eigna seg greit til fotograferinga.



Lurte på om eg skulle sy ein knapp i midten..?? Kanskje eg skal det når eg finn den rette knappen...



Eg får besøk av ei veldig "god gammal" venninne frå barneskulen i morgo, og gler meg vilt! Skal bli knallkjekt å snakkast og sjåast!

Eg står tidleg opp og bakar rundstykker...så har me mat utover heile dagen, medan ungane leikar og me drikk kaffi...hihi..

Ynskje dekan alle ei perfekt helg!!


søndag, januar 24, 2010

Når verda smiler til deg...




Heisann, her sit eg..dette er ein flik av mitt midlertidige kontor... som for tida okkuperer (nesten) heile eldstemann sitt rom. Hadde berre lyst å vise utsikten! Er den ikkje flott?? Bileta vart ikkje så bra her inne, litt "feil" lys, men pytt..(ikkje har eg rydda heller).



Denne fine gamle kjøkkenskuffen har som de ser ein liten bite som manglar...den burde vore limt fint på plass att...men det er den altså ikkje...



Sidan eg har site her mesteparten av dagen (og jobba altså...), så er det jo ei trøyst når eg ser på veggen, at verda faktisk ikkje er så stor og faktisk ganske nær...

Innimellom når eg kikkar opp, kan eg lære mykje av slike fine kart, om passiatstøm og vestavinddrift...

Og i mangel av nye interessante interiørbilete så vart det altså eit innlegg om eldstemann sitt flotte kart!

Ha ei fin veke i vente!
Og ikkje minst ein kjekk sundagskveld!
Stoor klem til alle kjente og ukjente!


onsdag, januar 20, 2010

I mangel på tulipanar...



Ja, så kan vel ein fin bunt med fargeblyantar gjer susen! Iallefall ei lita stund...
Eg ynskjer meg ein stooor bukett tulipanar og dei skal eg kjøpe i dag, men det er jo fint med fargeblyantar òg.

Eg og dokkemor har site og farga og leika med kitt og kosa oss ei god stund allereide. Det er herleg med rolege morgonar! Eg kosar meg absolutt aller mest gytidleg på ein fridag! Heile dagen ligg framfor ein og sjølv om eg veit alt eg MÅ gjera i dag, så er det godt likevel og kunne gjere alt i sitt eige tempo, med ein kaffikopp i eine handa og kanskje ein fargeblyant i andre...











Eg veit ikkje om nokon legg merke til det, men tipset om norgesglas-ringar rundt ljosa har eg henta inne hjå Den gode feeen (takk for tipset!), knallfint synes eg.

No skal eg vaske litt klede tenker eg...

Ha ein fin onsdag!

søndag, januar 17, 2010

Ein møbelsnikkar i familien?


Fredag kom eldstejenta heim med ei gåve ho hadde laga på skulen til vetlasysto si. Eg måtte berre vise den til dekan... Ein kjempefin liten krakk! Ho har måla den i ein nydeleg djup lilla farge (som ikkje kjem så godt fram på bilete). De kan tru vetlasysto var stolt!



Under fotoseansen fant ho nokre av kosedyra sine, dei skulle bestemt sitje på krakken...




Og dei tok seg jo skikkeleg bra ut der dei sit på den nydelege vetle krakken.

Her hjå oss var me visst ikkje kvitt sjukdommen likevel... eldstejenta og pappen i huset ligg strekk ut! Pyton! Eg sit berre å ventar på at det blir min tur....
Best å tenkje på noko anna...som å ta ein tur i frisk luft...




fredag, januar 15, 2010

Til dei som ikkje kan hekle...



Du verden, TO innlegg på EIN dag!! Det er ikkje vanleg hjå meg...Men sidan me har hatt eit par dagar med goood tid og eg har fått vaska, rydda og ommøblert i heimen midt i veka (grunna velta dokko med omgangsjuke)...Så møter eg helga med avslapping og kos! Vetlemor er heldigvis mykje betre, så heklekroken har fått ligge stille i dag...

Det er så mange som skriv at dei ikkje kan hekle, men gjerne vil lære. Difor ville eg nett vise kor eg lærte meg å hekle (det er nemleg ikkje lenge sidan). I boka av Erika Knight tek dei deg steg for steg gjennom heklingas kunst, ho viser korleis kvar maske blir til. Eg kjøpte boka på mammutsalg for ca tre år sidan, men reknar med at den er å finne i dag òg..(har ikkje sjekka).



Alt som tidlegare var gresk for meg, vart forståeleg og lett!







I tillegg er boka full av gode tips og hekleoppskrifter litt utanom den vanlege hekleduken...Visste du at du kunne hekle ei vedkorg? eller golvputer..? eller korger til oppbevaring??
Ja, det visste du nok, for du er jo ein bloggar! HIHI...

Men om nokon der ute treng å lære seg kunsten å hekle, så er denne boka SUPER!

GOD FREDAG!

Hekla glovmatte...



Vips, der var eg tilbake...Ville berre vise hekleprosjekt nr 3 som skal bli ei golvmatte. Er litt usikker på kor mykje garn eg kjem til å bruke, nokon som har hekla ei slik matte før?? Eg brukar heklekrok nr 9 og eit tjukt bumull/akryl-garn som heiter Ice...




Eg håpar berre eg klarar å lage det omtrent ein meter (gjerne meir) i diameter...Eg nyttar same prinsippet som når eg hekla pute, aukar i kvar tredje omgang med tolv masker jamnt fordelt...så to omgangar utan auke. I bakgrunnen ser de den fyrste runde puta...litt skakk enno, men pytt.

Her har me hatt nokre dagar med omgangsjuka, så trultemor og eg har kosa oss heime så godt me kan... Og jammen er det herleg å vere heime og stulle og stelle med vetla trulo! Håpar berre ho er heilt pigg til helga...og at me andre slepp unna i denne omgang...kryssar fingar...

Ha ein fin fin fredag uansett!

Tudelidu!


onsdag, januar 13, 2010

Aldri meir kald på beina..



Reknar med at dei fleste der ute veit noko om korleis det er å fryse på beina?? Iallefall etter eit slikt "kuldesjokk" me har hatt i det siste... Då kan eg varmt anbefala "verdas varmaste sko"! For å forklare litt nærare:  Me var på besøk hjå stoersystere mi i jula, og ettersom turen innebar litt aking ute i (minus 25 ca) vinterkulda og eg berre hadde heilt ueigna høghæla støveletter på meg, måtte eg låne sko hjå ho. Ho hadde kjøpt seg slike fine selskinnsko på Fretex... Og desse skoa var kjempegode! Ikkje kald på ei lita tå eingong...




Og gjett om eg var glad då eg på ein ørliten Vossatur var innom Fretex og fant eit par!!
Desse er rett nok brune og ikkje kvite og fine slik som hennar var, men akkurat lika varme er dei....
At eg synes dei er litt kule i tillegg gjer vel ingenting...??


Heklepute nr 2 er ferdig, men manglar "innmat"...
Prosjekt nr 3 er starta...hihi Når eg fyrst byrjar å hekle så går det gjerne ei stund med intensiv hekling...
Denne gongen prøver eg å lage ei golvmatte, bilete kjem snart...



Den intense kulden har sluppe taket her hjå oss, det er deilige plussgrader ute og reine vårstemninga...(iallefall nesten)

Ha ei fin veke vidare!

laurdag, januar 09, 2010

Isande vind...



Etter ein iskald totimars tur oppover og oppover i føremiddag, var det godt å kome innomhus til fyr i ovnen. Me kan ikkje skryte av flest kuldegradene her hjå oss, men jammen trur eg me har rekord i iskald vind!! Utruleg kor kaldt det blir når vinden susar kring hushjørna og pressar seg inn gjennom alle krikar og krokar i eit heller dårleg isolert hus...

Brrr...godt me har ny vedovn iallefall!



No vart det ikkje bilete av verken vedovnen eller den iskalde trimturen min i dag, men derimot ei heller tom og naken stove... med datakroken min...Ikkje hadde eg tent på lysa i kroken heller.

No ynskjer eg meg berre nokre flotte tulipanar! DET hadde gjort seg, både for å få litt liv i heimen og for å få kjensla av at sola faktisk har snudd, og om ca 14 dagar kan eg spasere bort der ho skin. Jippi!



Medan eg ventar heklar eg vidare på hekleputa mi.

Ha ein fin laurdagskveld!


onsdag, januar 06, 2010



I går kom julebukkane og kasta jula ut hjå oss. Det er tradisjon her, at 13.dagsafta kjem det julebukkar og tiggar restane etter jula...på den måten vert ein kvitt all den sjokoladen ein måtte ha att etter julemorroa. Ganske smart eigentleg, no er skåpa tomme og kan fyllast med frukt og grønt...hihi (bortsett frå inne hjå eldstejenta, sidan ho gjekk julebukk sjølv..)

Litt trist å kaste jula ut eigentleg, i år gjekk alt så fort. Men sånn er det vel når ein har det kjekt?!



Dokkermor har ikkje noko til overs verken for julenissar eller julebukkar, eg håpar berre ho ikkje er traumatisert for livstid...Det er hardt for ein liten kropp å sjå så mange skumle fjes...ho stod for det meste inni stova og ville ikkje kome ut å sjå...stakkar liten...

Men i dag leikar ho fint med dei nye gåvene sine...dette bakesettet fekk ho hjå oss, det er kjøpt på T.i.n.y.no. Knallfint og veldig kjekt å leike med for ei som elskar baking...


Ein av grunnane til at eg brukte heile kvelden på å vaske jula ut, var å få heile fridagen min i dag til å gjere andre ting. Så i dag skal eg sitje å kose meg å sjå på sviblane som blømer og luktar så godt, og ikkje minst hekle litt...Her er bilete frå hekleprosjektet i jula:



Det vart ei rund pute...veldig kjekt å hekle den! Og veldig enkelt! Start med 6 luftmasker som du set saman i ein ring, hekle tolv fastmasker inni ringen, fortset med fastmasker og auk 12 masker spredd utover ringen i kvar 3.omgang...kort fortalt..



Hekle den så stor du vil. Eg brukte juvel-ullgarn med heklekrok nr. 4.




Men no heklar eg ei pute til, den skal bli litt større. Difor heklar eg no med heklekrok 6 og brukar tjukt fritidsgarn. Morro, for det går dobbelt så fort!

Tudelu!
Ynskjer alle ein fin dag!

søndag, januar 03, 2010

Vintermorro





Nyttår på Voss innebar MYKJE snø og VELDIG kaldt! Men ut i snøen det måtte me uansett, og så lenge me var i bevegelse gjekk det heilt fint også for dei små...

Her er mor sjølv i aksjon på akebrettet medan vetla dokkemor held seg for augene...hihi. Det gjekk ikkje fullt så fort...men fort nok. Eldstejenta kjem på rumpebrett bak...


Dokkemor tek seg ein pust i bakken, heilt til ho ser mammo med kamera....då skjer det som alltid skjer..:


Ho gapar seg framfor kamera og tunga kjem ut, hihi...anten har ho sett for mykje på TopModel...eller så likar ho rett og slett ikkje å bli fotografert...



Men fint er det i snøen iallefall.



Litt kjedeleg med naturfotografi..eg er ingen fotograf. Men det er utruleg kjekt å ta litt bilete ute når snøen heng på trær og ligg så stille og fint.

I morgo startar skule og barnehage igjen, reknar med at det ikkje vert lett å stå opp...Eldsteguten har fått skyss av pappen til hybelen att. No senkar freden seg her hjå meg, før det brakar laus kl 06.00 i morgo tidleg...

Ha ei fin veke!


laurdag, januar 02, 2010

Året som gjekk...2009 i bilder:

Januar



Februar



Mars



April



Mai



Juni




Juli



August




September




Oktober




November




Desember




Rart å sjå, korleis alt endrar seg berre på eit lite år... Spennande å sjå kva som kjem til å endre seg i 2010!

Eit riktig godt nytt år til alle kjekke lesarar av bloggen min!!
Håpar me får tid til mange kjekke innlegg i 2010 òg!
Klem