søndag, januar 03, 2010

Vintermorro





Nyttår på Voss innebar MYKJE snø og VELDIG kaldt! Men ut i snøen det måtte me uansett, og så lenge me var i bevegelse gjekk det heilt fint også for dei små...

Her er mor sjølv i aksjon på akebrettet medan vetla dokkemor held seg for augene...hihi. Det gjekk ikkje fullt så fort...men fort nok. Eldstejenta kjem på rumpebrett bak...


Dokkemor tek seg ein pust i bakken, heilt til ho ser mammo med kamera....då skjer det som alltid skjer..:


Ho gapar seg framfor kamera og tunga kjem ut, hihi...anten har ho sett for mykje på TopModel...eller så likar ho rett og slett ikkje å bli fotografert...



Men fint er det i snøen iallefall.



Litt kjedeleg med naturfotografi..eg er ingen fotograf. Men det er utruleg kjekt å ta litt bilete ute når snøen heng på trær og ligg så stille og fint.

I morgo startar skule og barnehage igjen, reknar med at det ikkje vert lett å stå opp...Eldsteguten har fått skyss av pappen til hybelen att. No senkar freden seg her hjå meg, før det brakar laus kl 06.00 i morgo tidleg...

Ha ei fin veke!


5 kommentarer:

PillePalle sa...

Morsomme og fine bilder! Kjempekoselig med slike aktiviteter i snøen. Hilsen fra Pillepalle

Pia sa...

Flotte vinterbilder! Lykke til med hverdagen i morra!

Margith sa...

Smukke vinterbilleder. Ønsker jer god start på hverdagen.

Rosa sa...

kaldt og kvitt, ja.... men nydeleg vakkert!

Her skal me ikkje igang før halv sju, men eg kjenner meg absolutt ikkje klar for kvardagen att her eg sitt og roar ned etter at middagsgjestene har gått. Akurat no kunne eg tenkt meg fri ei lita veke til ;)

God veke til deg og dine!

IfraLahell sa...

Herlige vinterbilder. Gleder meg til lille trulta her blir stor nok til å være med på aketur. Deilig å være ute selvom det er skikkelig kaldt. Får man fine roser i kinnene når man kommer inn også ;)

Ha en god kveld!

Klem