tysdag, januar 29, 2008

Litt Fretex-handel...

Ja i helga vart det endeleg tid til ein liten handletur, turen gjekk bla til Fretex. Eg har leeenge klødd i fingrane etter å gjera noko drastisk i heimen...Så eg var definitivt ute etter noko stort!Lenge sidan eg har vore på fretex no, så eg gledde meg stort. Men eigentleg vart eg litt skuffa (sjølv om eg handla eindel...) for det er utruleg kor prisane har stige!! Ikkje det, pengane går jo til ei god sak...men eg tenkjer på dei som MÅ handle på Fretex for å klare seg...dei må jo slite no når den minste vetle ting kostar like mykje som i ein vanleg butikk?!! (Men dei tinga eg ser etter er sjølvsagt enno billege då...hi hi...var det nokon som sa bos...?? neidå ikkje for meg...)

Men eg fant altså litt rimelege saker likevel...noko smått og noko stort... nedanfor ser de litt av resutatet etter helgas strabaser, fyrst nokre små søte "dramme-glass" med stett, 10 kr stk var ikkje så verst... Eg synes dei var søte eg...
Så eit skap, som eg har vore på jakt etter ei stund! Så du kan tru eg vart glad då eg såg det stod der innerst i kroken til 450 ,- kr (ikkje så verst det, trass prisoppgang...)! No kan eg endeleg bytte ut skapet eg har i stova, som kjem frå perioden med syre-lut...(tidleg 90-tal) Så eg synes det har gjort sin misjon her i huset...(du skimtar det i bakgrunnen...no kvitmåla...sjølvsagt hi hi)
Men sjølv om skapet såg veldig shabby-chic ut og passeleg slitt...med ein litt skarp blåfarge på dørene, så tenkte eg at, slik kan eg vel ha det ei stund??! treng ikkje måla ALT heilt kvitt?? Kan vera fint med litt farge innimellom alt det kvite... og blåfargen får vera på ei stund til...men vaska og skura med salmiakk i fleire omgangar måtte eg jo... Sjølv om det såg fint brukt ut, reint og luktfritt...
Litt sånn shabby likar eg... kan berre visa at nokon har brukt møblane.... ser ut som det har vore grøn-måla ei stund òg...
Men det har vel vore brunt opprinneleg...sikkert frå 40/50-talet ein gong....

Fekk òg tak i nokre fine (men slitte) gamle julekuler! Og eg som er så glad i gamle julekuler!! Dette er mini-variant...til 5,-kr stk...(bra det òg!)


Synes både den grønfargen og dene gul-oransje fargen er veldig fine....

Og dei kom låg utruleg nok i original-embalasjen sin! Veldig bra....
Eit fint smykke vart det på meg òg til 29,-...(trur ikkje det var brukt eingong for gamle-prislappen hang på...) Pynta meg litt då....fekk ikkje fargane godt fram her men men...Alt i alt ein gjevande dag på handel! Så vart det rydding, vasking og styring når me kom heim, for å få ut gamle-skapet og inn det nye...men det skal eg vise bilete av ein annan dag...Ha ein fin dag alle saman! Tusen takk for hyggelege kommentarar!! Blir like glad kvar gong! Klem

fredag, januar 25, 2008

Litt sysaker og andre ting...

Tru det eller ei, men eg har faktisk sydd min fyrste "kjole", eller forklede til vetlejenta! Sa i eit tidlegare innlegg at eg kjøpte litt stoff på Stoff og stil.nofor ei stund sidan.

Ogno er det kome! Men eg var ikkje så fornøgd med stoffa likevel, trur prisen har styrt meir enn korleis dei såg ut..(økonomen i meg)...men godt nok i massevis til å øve seg på...Det var jo det eg hadde tenkt likevel. Alle stoffa var med litt strech, og det er jo fint når eg skal sy litt klede. Men eg må innrømma at symaskina ikkje har vore min beste venn desse dagane...hmmrrr, det kan jo sjølvsagt hende at det var meg det var noko feil med...men det kan eg ikkje tru..(hi hi) For å sy klede var ikkje så enkelt og fort gjort som eg skulle tru...nei...eg sydde ei bukse der beina vart ulik lengde på, og mønsteret på stoffet vart plutseleg eit heilt anna...den viser eg sjølvsagt ikkje (med hensyn til familien). Men etter mykje sukk og stønn og endå meir sveitte kan eg no presentere min fyrste (og einaste??) kolleksjon (jippii!!):



Mønsteret kunne eg sjølvsagt ikkje bruke (må ha vore noko feil på det...??)Difor gjorde eg mine eigne "justeringar" slik at festkjolen vart ein enkel og litt kortare utgåve...
Og ja...det høyrer faktisk bukser til!! Strikken var litt stram på dei, så den må nok justerast, eller så må eg slanke vetlejenta...(tjihi) og det vert nok ikkje aktuellt...

Phu! Kan hende det blir med lappetepper og små løparar for min del...ei stund frametter...
Men eg har jo massevis av stoff liggande då...så kva gjer eg med det?? Jo, eg fekk ein ide av eit gamalt Boligliv:
Sånn vil eg lage: Altså den snora med dei vimplane...(du tenkte vel ikkje på kjolen??...) Det såg ut til å vera ein klipp og lim-jobb for meg.

Og det vart det: Jadå dei skal vera så små/store eg brukte faktisk mønsteret som kom i bladet..og der er dei ikkje større, men det vart fint synes eg...og grunnen til vimplane er sjølvsagt bursdagen til eldstejenta neste helg...(lagar ikkje vimplar i tide og utide her i huset) Min kjære mann nemde på at dette måtte vera det merklegaste påfunnet mitt hittil...(men det er mykje han ikkje veit..tjihi) og dessutan var det ikkje mitt påfunn, det kom i eit blad....

Limen verka sjølvsagt ikkje då eg skulle lime stoffet til snora, så eg måtte ty til andre og "enklare" metodar, nokon vil kalle det juks, eg vil kalle det kreativitet...(fnis)Sånn no heng det over spisebordet, og der skal den få henga til neste helg....(dermed basta)...Ha ein fin fin dag alle mann, hjå meg er det storm i dag og huset ristar og skjelv...(eg òg)...Håpar det er betre der de er! Klem

onsdag, januar 23, 2008

Utfordring..

Ja så har eg jammen fått ei utfordring òg....igjen er det Lille meg som står bak. Veit ikkje om eg er så flink til å svare på slike spørsmål, men eg kan prøve. Var visst meininga å berre svare med eitt ord på alle spørsmåla...hmmmm...eg hoppar i det:

1.Hvor er mobilen din? Her
2. Skildre kjæresten din? Høg
3. Håret ditt? Mørkt
4. Moren din? Travel
5 Faren din? Skilt
6. Hva er favoritten din? Besøk
7. Hva drømte du i natt? Om lefser
8. Hva drikker du helst? Vin
9.Drømmebilen? Stor
10. Hvilket rom er du i nå? Kontoret
11.Eksen din? Lenge sidan...
12.Din største skrekk? Storm
13. Hva vil du være om 10 år? Snill
14.Hvem er du sammen med i kveld? Familien
15.Hva er du ikke? Rotete
16.Det siste du gjorde? Babytreff
17.Hva har du på deg? Bukse og trøye
18. Favorittboka? Da vinci koden
19. Det siste du spiste? Gryn
20. Livet ditt? Bra
21.Humøret ditt? Strålande
22. Dine beste venner? Snille
23. Hva tenker du på akkurat nå? Utfordingen
24.Bilen din? Mercedes
25. Hva gjør du akkurat nå? Skriv
26.Sommeren din? Travel
27. Sivilstatus? Samboer
28.Hva er på TV'n din akkurat nå? Veit ikkje...
29.Når lo du sist? I dag
30. Når gråt du sist? I går
31. Skole? Høgskule

Det er vel meininga eg skal utfordre nokon vidare, men eg sier istaden at alle som vil kan ta denne utfordringa! Værsågod...det var ikkje så gale likevel...(tjihi)

Her ein liten blomekvast frå i sommar, den er til Lille meg.....

søndag, januar 13, 2008

Jippi, symaskin!

Ja eg veit det er litt seint å jubla for julepakker no, men eg fekk faktisk ei symaskin til jul!! Og no har eg endeleg pakka den fram og såvidt byrja på alle prosjekt som til no berre har vore i hovudet mitt... Og ja, er den ikkje fin! Eg vart faktisk overraska over kor fin denne maskina var, i all sin enkelhet (den er nok ikkje av dei dyraste og mest avanserte, men den er akkurat slik eg vil ha den!(Og dyr nok i massevis...)...kvit og fin med raude bokstavar, denne kan visst få stå framme i stova (i den nye og omdøypte sykroken)



Og ja her er ein liten skamplett frå i fjor...då sy-lysta tok knekken på gamle-symaskina mi! Eit enkelt lappeteppe som difor aldri vart ferdig ... (burde kanskje stryke det før eg visar det fram...? Pytt pytt) men her ein kveld sette eg i gang og sydde saman både fòr og bakstykke... så vips fekk eg eit lappeteppe som er tiltenkt brukt ute i hagebenken...stoff har eg henta frå alt frå dynetrekk kjøpt på fretex, til arva gamle slitte dynetrekk og anna stoff kjøpt på IKEA. No har det fått eit brunt fleece-fòr på baksida, og på den måten kan det vera varmt å trekke rundt seg ein kjølig sommarkveld...(håpar eg..tjihi)


Eg er litt usikker på om eg synes det er like fint no som då eg byrja på det...men men...det er alltids bruk for eit teppe ein eller anna stad...

Ha ein fin fin søndagskveld alle saman!

Og tusen takk for fine kommentarar!


fredag, januar 11, 2008

Ny inspirasjon...

Ja, kvifor ikkje leite etter inspirasjon heime? No når jula for lengst er ute av huset, treng eg ny inspirasjon og ting å glede meg over. Difor gjekk eg ein runde rundt i huset for å sjå etter ting og tang som kunne gje meg litt glede (det høyres frykteleg materialistisk ut men men...eg likar ikkje å tru at eg er det...?) Men kvifor ikkje prøve å sjå ting på ein ny måte...? Difor eit lite bildegalleri nedanfor....
Har masse i skapet... litt fine fargar er jo kjekt å sjå når eg opnar skapet om morgonen...Her er ein blanding mellom Fretex, IKEA, Tilbords og GreenGate...og sikkert noko anna òg...Fine oppvaskkostar er alltid kjekt å glede seg over....
Nydelege fargar på desse skålene kjøpt på Rafaens i Oslo...
Gryteklutane kjøpte eg på Fretex for lenge sidan...likar fargane på dei òg...Fleire kakefat kan fort bli til eitt stort.....
Denne nyydelege brødristaren var ei julegåve frå i fjor....den er i bruk kvar einaste dag og får stå framme på disken...Denne fine lysestaken kjem frå Patina og er ei julegåve frå i år...

På min vetle rundtur fant eg ut at eg har meir enn nok å glede meg over...
Men eg har ikkje teke bilete av det eg gledar meg aller aller mest over...
sjølvsagt mine flotte born og min kjekke mann!!
Kanskje eitt tips til andre der ute...snu deg rundt kanskje du ser noko du ikkje heilt har sett før...
Ha ei fin helg!
Klem


tysdag, januar 08, 2008

Inspirasjon

Desse bileta inspirerar meg verkeleg! Sant dei er fine?? Men sjølvsagt hugsar eg ikkje kvar eg henta dei, dei er ihvertfall funne på internet ein stad... kan hende du har sett dei før?(likar eigentleg ikkje å stele slik...men men...). Det er nesten som eg kjenner vår i lufta.... og i dag regna det litt og då fekk eg slik vårstemning. Men for all del eg gler meg verkeleg til å stå på ski òg eg! Og no er den tida rett om hjørne...
Nydelege fargar iallefall... No på denne tida klør det liksom i heile kroppen etter å finne på noko nytt. Har lyst å ommøbelere og snu på alt! I dag har eg bestillt meg litt nytt stoff frå http://www.stoffogstil.no , dei hadde så masse salg på ulike stoff, håpar det blir bra. Tenkte eg skulle prøve meg på å sy litt klær til minstejenta...men eg er ingen tolmodig sjel så me får sjå...ikkje sikkert eg får det til..

tysdag, januar 01, 2008

Så var eg her att....

Og no er jola på hell og me er fyrste dag inn i det nye året. Me har hatt ei travel jul, men me har verkeleg kosa oss kvar einaste dag...det har vore så kjekt å ha alle samla. Det er ikkje lett å ha ungdommar i hus, for som regel har dei planar som ikkje inkluderar mor og far.... men denne jula har me vore mykje saman og det har vore veldig kjekt. Lange seine frokostar og gode (feite) middagar...men det er slik det skal vera.

Besøk både av besteforeldre og hjå besteforeldre er ein del av jula. Juleselskap har me hatt med 15 til bords! No står kvardagen for døra og alle må tidleg opp og av gårde att... (utanom meg og vetlejenta...hi hi). Men det er godt når alt kjem i orden att òg synes eg...og ikkje minst å ete vanleg mat att...hi hi... begynner snart å trille eg òg... tjihi... må nett vise litt korleis me hadde det i jula...nokre stemningsbilete:


Var ganske fornøgd med dei nye IKEA-kulene mine...dei lyste fint opp på treet (glad eg kvitta meg med dei gamle...) men det viktigaste er at ungane synes det er greit at mor endrar litt, som regel så vil dei ha det slik det alltid har vore...tradisjon er viktig! Sjølv om mor (meg) skiftar smak ganske ofte...(kvar jul??) Så får eg beskjed (heldigvis) om å henga opp noko julepynt som alltid har vore...Berre oss til middag på julaftan, det er roleg og stemningsfullt synes eg... seinare kom svigerfamilien....kjekt det òg.Sviblar er ein del av jule hjå oss... luktar nydeleg! Og i år spratt dei ut akkurat når dei skulle, slik at no omtrent (om eit par dagar) er dei ferdigblomstra...vanlegvis er dei anten ferdigblomstra til jul, eller så blomstrar dei rett etter jul...så i år var eg heldig!Måtte finne på noko til juleselskapet, så alle måtte synga....me song av hjartans lyst...(ikkje alle som er like glad i å synge, men eg synes det er kjekt!) Synes "å jol med di gleda" passa fint som velkomst-song... seinare vart det både "Julekveldsvisa" og "På låven sitter nissen"....Borddekkinga tok eg kvelden før, og brukte nokre serviettar eg hadde, ein blå (synes blått er litt fint eg...) og ein liten med noko som for meg kunne minne om litt spreke julekuler (?)...med litt godvilje vart det jule-bord så godt som noko....Pynta litt med IKEA-kuler som vart til overs....(ser eg skulle tent lyset før eg tok bilete...men men var temmeleg trøytt då dette bilete var teke....)

På det eine bordet la eg berre ei lysslynge på saman med eit tent lys...vart enkelt og greit...(lurer på om bilete kom litt feil veg...??) ja ja...pytt...

Takkar igjen for koselege kommentarar eg har fått!!Alltid like kjekt!

Ynskjer alle som les dette eit riktig godt nytt år!!!!

Så håpar eg me snakkast også i det nye året!!

klem