tysdag, januar 01, 2008

Så var eg her att....

Og no er jola på hell og me er fyrste dag inn i det nye året. Me har hatt ei travel jul, men me har verkeleg kosa oss kvar einaste dag...det har vore så kjekt å ha alle samla. Det er ikkje lett å ha ungdommar i hus, for som regel har dei planar som ikkje inkluderar mor og far.... men denne jula har me vore mykje saman og det har vore veldig kjekt. Lange seine frokostar og gode (feite) middagar...men det er slik det skal vera.

Besøk både av besteforeldre og hjå besteforeldre er ein del av jula. Juleselskap har me hatt med 15 til bords! No står kvardagen for døra og alle må tidleg opp og av gårde att... (utanom meg og vetlejenta...hi hi). Men det er godt når alt kjem i orden att òg synes eg...og ikkje minst å ete vanleg mat att...hi hi... begynner snart å trille eg òg... tjihi... må nett vise litt korleis me hadde det i jula...nokre stemningsbilete:


Var ganske fornøgd med dei nye IKEA-kulene mine...dei lyste fint opp på treet (glad eg kvitta meg med dei gamle...) men det viktigaste er at ungane synes det er greit at mor endrar litt, som regel så vil dei ha det slik det alltid har vore...tradisjon er viktig! Sjølv om mor (meg) skiftar smak ganske ofte...(kvar jul??) Så får eg beskjed (heldigvis) om å henga opp noko julepynt som alltid har vore...Berre oss til middag på julaftan, det er roleg og stemningsfullt synes eg... seinare kom svigerfamilien....kjekt det òg.Sviblar er ein del av jule hjå oss... luktar nydeleg! Og i år spratt dei ut akkurat når dei skulle, slik at no omtrent (om eit par dagar) er dei ferdigblomstra...vanlegvis er dei anten ferdigblomstra til jul, eller så blomstrar dei rett etter jul...så i år var eg heldig!Måtte finne på noko til juleselskapet, så alle måtte synga....me song av hjartans lyst...(ikkje alle som er like glad i å synge, men eg synes det er kjekt!) Synes "å jol med di gleda" passa fint som velkomst-song... seinare vart det både "Julekveldsvisa" og "På låven sitter nissen"....Borddekkinga tok eg kvelden før, og brukte nokre serviettar eg hadde, ein blå (synes blått er litt fint eg...) og ein liten med noko som for meg kunne minne om litt spreke julekuler (?)...med litt godvilje vart det jule-bord så godt som noko....Pynta litt med IKEA-kuler som vart til overs....(ser eg skulle tent lyset før eg tok bilete...men men var temmeleg trøytt då dette bilete var teke....)

På det eine bordet la eg berre ei lysslynge på saman med eit tent lys...vart enkelt og greit...(lurer på om bilete kom litt feil veg...??) ja ja...pytt...

Takkar igjen for koselege kommentarar eg har fått!!Alltid like kjekt!

Ynskjer alle som les dette eit riktig godt nytt år!!!!

Så håpar eg me snakkast også i det nye året!!

klem

3 kommentarer:

Lille meg sa...

Det er en koselig stemning hos deg.
Trivelig å bli "kjent" med nye venner gjennom bloggingen.
Godt nytt år!

Tea sa...

Riktig så fine bord du har pyntet! :) Det er kjempeherlig med jul, men jeg er enig med deg i at det er ganske godt å komme i gjenge igjen nå på nyåret! :) Selv om det ikke var spesielt herlig å stå opp så tidlig i dag! ;)

Nyttårsklem!

latara sa...

Vad fint pyntat du har haft det! Det låter som om du hade en bra och mysig jul. Jag hoppas att 2008 blir ett bra år för dig och din familj - och speciellt för din dotter.

Stor kram!

Karin