søndag, september 26, 2010

Ein kjøkkendraum...


Det veit eg jo ikkje heilt enno, om det blir ein kjøkkendraum til slutt... men eg veit at det nærmar seg noko som liknar.

Det du ser på det fyrste bilete er snart historie. Dei heimesnikra diskane og det halve skåpet over kjøleskåpet skal vekk...

Det har sin sjarm, for all del...Men om du legg merke til skruene i skuffa..(haha, for det held faktisk på å gå heilt i tusen knas). Det kjøkkenet som er her er berre deler av det opprinnelege, og hadde ALT vore iorden hadde det vore fint å bevare det. Men sidan det trass alt var bygd i 1969 (og delvis av plast) har det sett sine beste dagar.

Golvet er på plass, vindauga er komen, og dørene kjem i morgon (håpar me...). DÅ kan me byrje å rive veggane inn til huset vårt, slik at alt til slutt heng saman...
Spennande tider...

På det nederste bilete står eg i gangen ved ytterdøra, til høgre kjem eit soverom, og rett fram kjem kjøkkenet...

Og helga gjekk med til isolering og inn-plasting, det går på fram...
Ei ny veke med nye mogelegheiter ligg framfor oss!
Men min erfaring tilseier at det snart er helg igjen..hihi

(tida går jo så utruleg fort!)

Ha ei fin fin veke så lenge!

onsdag, september 22, 2010

Heimelaga...

 
Alle som kjenner meg veit at når eg lagar noko sjølv skal det helst gå fort. Eg er vel av dei som helst skulle vore ferdig før eg er begynt. Difor elskar eg ting som verkeleg går fort å lage!
 
Her er eit eksempel...

Har du stoffrestar liggande? Som du veit at du aldri får bruk for meir?
  • Riv stoffet i strimler på ca 1-2cm (eg erfarte at 1 1/2 cm var passe).
  • Riv det slik at stoffet heng i hop heile vegen...(jadå du klarar det..)
  • Rull det opp i fine nøster, finn ein heklekrok str.9, legg opp ca 50 luftmasker...
  • Vips er du igang med di eiga fillerye...
  • No fortset du til du er nøgd med lengda, fastmasker heile vegen...
 
Eg skal innrømme at fargevalet mitt ikkje var av det beste denne gongen. Men det er fordi det stoffet eg kunne avsjå verkeleg IKKJE var særleg fint...hihi
 
Men eg ser potensialet til å hekle både det eine og det andre av stoffrestane mine...
 
Sidan eg ikkje var særleg nøgd med fargevalet denne gongen, får matta plass på do...hihi
Ho var veldig mjuk å god å gå på, passe tjukk...

 
 
Men det beste av alt, var at det kun tok nokre få kveldar (sat for all del ikkje heile kveldane) før eg ho var ferdig!
 
I dag har eg og dokkemor fri, og dagen har gått med til rydding og støvsuging...
Men men, det er jo kjekt å ha det reint og fint rundt seg òg...
Litt kanelbollebaking fekk me òg tid til.
 
Ha ei fin veke vidare!

 

søndag, september 19, 2010

Termostid..

Hausten og vinteren er som kjent termostid..hihi, jadå, det er då me har termos med på tur. Difor har eg kjøpt ein søt liten Blafre-termos til dokkemor. Ein knall gul liten termos klar til kalde turar med både barnehage og mamma og pappa...

Den er kjøpt på den flotte butikken; NettPynt.

For dei som trudde at fargerike termosar er noko nytt, viser eg eit lite utval av mine flotte termosar, av litt ulik årgang..

Dei rutete kjøpte eg for mange år sidan på nærbutikken her, der dei då hadde eit rikt utval av 60-70-tals ting og tang...

Den oransje bakerst kjøpte eg på Fretex, men den er heilt ny.

Eg har ihvertfall ingen unskyldning for ikkje å gå på tur når kulda kjem snikande...

Ha ein flott søndag vidare!


tysdag, september 14, 2010

Berre ein pinne...


Me kan vel knapt kalle stokken min av drivved for berre ein pinne...Men det var det eg sa då eg skulle henge den opp..hihi.

Det er ikkje mykje "pynt" på soverommet vårt, eg er ikkje så glad i ting som berre skal hengast på veggen for å være til pynt. Men denne stokken har jo ein misjon, den skal me henge sengeteppe over, når det ikkje er i bruk!

Vips, ein god grunn for å ha ein stokk hengande i taket over fotenden av senga...



Synes den er fin eg...

Ha ein flott kveld!

søndag, september 12, 2010

Haustbonus


Å hauste epler og plommer høyrer liksom til på denne tida når ein bur i Hardanger. Me har plommetre i hagen, men må plukke epler hjå naboar og rundtomkring...(helst med lov sjølvsagt...hihi).

Hausten er fin!

Framleis er me heldige og kan hauste inn både roser og lavendel frå hagen...ein herleg haustbonus.

Me har starta innvendig på nye tilbygget med golvlegging og isolering (eg synes det går utruleg tregt...)... men det går framover...hihi
(bilete kjem)


Eg håpar på litt tid framover...
Tid til det eg likar aller best..

kosa meg...

Ha ei fin veke som kjem!

torsdag, september 02, 2010

Ei mamma på tavla...


Det er få ting som kan vera så freistande som ei nyvaska tavle....



Og i dag var det mammo som vart portrettert på tavla vår! Eg likte spesielt godt håret som strålte som ei SOL!


Huset byrjar så smått å ta form, eg er veldig spent på korleis alt blir til slutt. Snikkarane jobbar iherdig kvar dag, men me manglar vindauge (skal bytte dei i 2.etasje) og litt detaljar enno.
Kanskje det ikkje blir så verst til slutt...?