søndag, mai 29, 2011

Løysinga på eit "problem"

Ja, heilt sidan me var ferdige med kjøkkenet er det ein del av det som sjeldan er blitt fotografert.
Det er nemleg denne vinkelen du ser på bilete ovafor her...

Grunnen har ganske enkelt vore ein ufyseleg stikkontakt midt på veggen (!) attmed vifta...
No er stikkontakten lagt inn i vifta, men ledningen er der og med den ein liten rund plastboks...
...framleis midt på veggen.

Kva gjer ein med det?
Dette har eg tenkt på leenge...

For ei stund sidan kom eg brått på løysinga. Jippi!
Og no har eg gjort det...
Måla ei plate (hylleplate frå gamlekjøkkenet) med matt måling.

Pure color dyp mocca

Den er ikkje berre til pynt, den er
både til å skrive middagslister og avtalar på,
og skjule den utruleg malplasserte ledningen...

To fluger i ein smekk.
Slikt likar eg.
Dei som har følgt meg ei stund,
veit at eg har ei heil dør som er måla med tavlemaling, kva gjer eg så med den?

Jo, den blir kvit att...

Det kan iallfall vere slik ei stund,
til eg kjem på ein betre idè...

Helga har gått med til å slå plenen, setje opp lister som manglar, støvsuge og rydde og 
 lage mat til heile flokken som har vore heime i helga!

Ei ny veke ventar!
Kjekt!

laurdag, mai 28, 2011

Ei lita forfrisking...

Ikkje veit eg om du treng ei forfrisking, eller kanskje ei oppmuntring?
..I dette øs-pøs-regnværet...

Regn har igrunnen aldri plaga meg veldig,
men eg synes det byrjar bli litt for kaldt til å kallast mai...

Men når ein sit inne og tenkjer at det eigentleg kunne vore haust, så kan det vera riktig godt
med ei forfrisking...

Som denne...
Ein smoothie av frosne bær og fløyte.
Ta så mykje frosne bær du vil, gjerne ei banan òg,
tøm oppi fløyte til du nesten skjemmes (i allefall litt)...hihi
litt vaniljesukker og litt sukker,
køyr blandaren i gang.
Vent litt...

Vips så har du oppmuntringa klar!

Iallfall vellukka hjå oss!
Kos deg!

måndag, mai 23, 2011

Aldri vår utan syriner...


Eg veit eg har sagt det før,
det er ingenting som inspirerar meg meir enn skifte i naturen.
Årstidene,
alle er like velkomne...

Og med våren høyrer sjølvsagt alle blomane.
Syriner er ein favoritt!
Lukta er som snop...



Fine å sjå på er dei òg.

No gledar eg meg berre til alle dei andre blomane som kjem med sommaren...

Helga gjekk som vanleg altfor fort her i heimen.
Koseleg besøk av bestemor og søskenbarn er alltid kjekt!
Med ei storesyster som kjem heim i helgene, er det alltid stas å vera vetlasyster i helga...
No skal me ut og lufte oss før kvelden...

Ha ei riktig god veke!

laurdag, mai 21, 2011

Nymåla...

Endeleg fekk eg gjort noko eg har tenkt på leenge...
Det gjev sånn ein inspirasjon å ordne litt i heimen!

I dag kjøpte eg måling og måla ein vegg i gangen.
Akkurat kva vegg eg skulle måle var ikkje planlagt,
men det er sånt ein ser etterkvart...hihi

Foreløpig synes eg fargen vart akkurat slik eg ville den skulle bli.
Pure color - mørk mocca (heilt matt), heiter fargen.

Mørk brun.

Prøv å ikkje sjå på ledningen i gangen...
den minner meg om dei siste par dagar i ytterst frustrasjon, utan straum(!).
Ledningen går til frysen i kjellaren, som fortsatt er utan straum..
..utan at me veit kvifor...

Men det minner ein på at straum er veldig veldig godt å ha!

Ein riktig god laurdagskveld til deg!

Her er det snart barne-TV og kos...


onsdag, mai 18, 2011

Dagen derpå...

Two down, two to go...

Eg snakkar om antall gonger 4 stk. bunadskjorter skal strykast (og tråklast..).
To gonger igjen før bunadane kan pakkast vekk eit heilt år...

Eg må innrømme at to gonger i bunad på kort tid, gjer at iallefall eg blir litt lei...
Det er alltid stas å ta på bunaden fyrste gongen (som regel 17.mai),
men korleis blir det tredje og fjerde gongen?


Eg skal ikkje syte, for det er høgst frivillig å gå i bunad!
Men eg er litt lei for at min bunad ikkje er ny og fin...ALT går i oppløysing..
Eg treng ny skjorte, nytt belte for ikkje å snakke om doss (stakk/skjørt)...

Det er vel snart ingen veg tilbake,
eg må sy sjølv...
gulp..

Håpar du fekk ein kjekk 17.mai!
Her var det både sol og regn...
Og ei skuffa lita jente som ville gå i "ORNTLI tog...", eit tog skulle jo minst ha hjul!
Haha...
ikkje lett å vera liten heller...

laurdag, mai 14, 2011

Konfirmasjonshelg


Nei, ikkje hjå oss..
Men minste systra mi og eldste systra mi har kvar sin konfirmant i år.
To konfirmasjonar!
Me gler oss...

Difor litt mimrebilete i dag...
Frå 2009 då eldstejenta vår var konfirmant.

Hugsar kor eg streva med å få alt ferdig.
Sydde bringklut sjølv, veldig stolt av det...

Me gler oss til i morgo!
Til lukke med dagen alle konfirmantforeldre der ute!

onsdag, mai 11, 2011

Vakre Hardanger

Ja, eg veit...
Det er litt klisjè...
Vakre Hardanger må igrunnen berre opplevast på denne tida.
Bilete kan ikkje gjengje kjensla av å stå omkransa av kirsebærtre, morelletre og plommetre i full blom.

Litt synd.

Eg synes kirebærtrea til naboen er aller finast, sjølvsagt...

Dei er så ville og sjølv-planta, dei kjem opp overalt.
Rett utfor steingjerdet hjå oss veks det massevis.

Me ser litt her...
Eg likar igrunnen steinrøysene til naboen òg. (haha..)
Dei er verna som kulturminne, heldigvis.

Og midt i den herlege buskasen sit vetle dokkemor på benken og et is...


Eg har eit kirsebærtre eg òg...
Det høyrer liksom med.

Sånn heilt på slutten her, kan eg ikkje anna enn å takke dei supre og kjekke damene på NIB som har nominert MEG til å vera med i denne tevlinga!!
Eg fekk vel nesten sjokk...
Vetle meg i eit fantastisk flott selskap!
Utruleg audmjuk og litt svimmel...
...men utruleg kjekt!

Ha ein flott kveld vidare du òg!!

tysdag, mai 03, 2011

Fyrste blomen frå hagen er komen på bordet!
Men spør meg ikkje kva blomen heiter, den liknar rabarbra i lauvverket...
Kanskje nokon der ute som veit?
Eg synes det er utruleg stas å plukke inn frå eigen hage...
Og oppdagar alltid at eg skulle hatt meir tidlege blomar i hagen på denne tida.
Eg har nesten ikkje blomar, når eg tenkjer meg om...
Mest buskar og roser...

Men i år skal det bli meir orden på hagen (trur eg..hihi).




Morelletrea står i full blom.
Kirsebæra er byrja dei òg...

Nydeleg!

Det beste av alt er at me kosar oss heime i dag,
stille morgon,
pust i bakken,
fri...


søndag, mai 01, 2011

Mai du skjønne milde...


Årets fyrste bukett frå barnehand står på bordet.
I hagen har det nærast eksplodert av grønt...
...og bittelitt blomar.



Og tenk at me er komen til mai!
Dokkemor har sykla utan støttehjul i dag, nesten 4 år og stolt som ein hane!
Godt med ei storasyster som hjelper til...

Sitje i solveggen og berre kose meg, sjølvsagt med ein ny vaskefille under produksjon...
Årets 1. mai har berre vore kos, ingen tog eller parolar hjå oss...

Men kvar du enn har vore håpar eg sola skein på deg òg!
Ha ei fin veke i vente.