tysdag, november 30, 2010

1.advent og snart pakketid...

Litt fornying her hjå oss for tida. Det eine tek liksom med seg det andre...me synes me treng opprusting både her og der. Nytt sofatrekk vart det no i helga! Jippi! Eg har venta på dette leeenge...heilt sidan eg såg at IKEA hadde laga grå trekk til Ektorp...No har me bytt trekk og eg synes det vart veldig bra.

Julekrybba frå i fjor er teke fram att, til stor glede for dokkemor som stadig er bort og leikar med figurane. Difor har eg i år laga det litt barnevennleg, med lite som kan velte eller bli øydelagt...


 Det kvite skapet i stova har fått ein omgang med målarkosten og blitt lys grått. Det passe jo perfekt, hihi...
Det kan jo hende at eg er inne i ein litt grå periode...

Adventstaken var til litt i hurten og sturten på sundagsmorgonen, rett og slett fordi eg hadde gløymt heile adventen...(ja det er mogeleg...haha).

Litt av grunnen til at eg har vore litt distrè er rett og slett at me driv og skrur saman kjøkkenet vårt(!).
Juhu, me har kjøpt nytt kjøkken! Og då kan du tenke deg korleis det ser ut DER ute...
Ikkje noko å vise fram enno iallefall...Det gamle kjøkkenet er skrudd ned og teke ut, og alt som var inni står rundtomkring...

Ei mager trøyst er at det berre er eit midlertidig rot.
Gleda må vera at alt sikkert vert klart til jul!

Me gler oss!
Men no må eg pakke pakkar...24 små gleder skal pakkast og hengast opp.
Velkomen desember...(eg er nesten klar...hihi)

onsdag, november 24, 2010

Advent

 Eg kan nok ikkje skryte på meg å ha alt klart til advent. Eg har ikkje tenkt skikkeleg enno...reknar med at når stemninga kjem til helga så kjem advent-ideane av seg sjølv.
Haha, eg kan jo håpa...
Synes til no, at alt har vore altfor travelt.
Strevar med å få tida til å strekke til, om eg skal vera heilt ærleg...

 Men eg reknar slett ikkje med å vere åleine om den utfordringa!
Difor er det eit skikkeleg pust i bakken når eg endeleg har tid å oppdatere bloggen! Den gjev meg utruleg mykje glede og ikkje minst avkopling...

Som de ser har eg og dokkemor vore i skogen og plukka greiner, synes kanskje jula og advent kan vera litt skogs-inspirert i år...
Laga ei enkel stjerne av seks omtrent lika store kvistar, surra med streng.
Enkelt og rimeleg tips! For dei som likar meir pynt kan ein jo pynte denne med masse rart...

Koppen er frå Fretex, fant seks mørke grå koppar (dei er ikkje gamle) som eg synes passa godt inn på det nye kjøkkenet...
(som framleis ikkje er ferdig, altså...)

Ha ei fin veke vidare!

onsdag, november 17, 2010

Ein kjekk fridag!

Det er så viktig å av og til gjere noko som er kjekt...
Og det har me gjort i dag.
Eg og vetla trulto har vore til Voss og møtt ei god venninne av meg og hennar vetle skjønne gut...

Berre kosa oss på kafè i nesten heile dag...
Ingen ærend, ingenting som hasta...
Herleg!


Tusen takk for ein kjekk dag, Agnethe og Sverre!!
Bileta er frå ein dag tidlegare i veka, trulto er veldig glad i å teikne, så dette er kjend positur ved kjøkkenbordet...

Tudelidu...

søndag, november 14, 2010

"Nytt" skap på veggen


Då var det nymåla skapet komen opp på veggen, litt "røft" malt med sjølvblanda gråfarge. Synes igrunnen fargen vart fin...
Bordet kjøpte eg billig frå ei kjekk nabodame (som skulle kaste det...). Eg har pussa bordplata, men elles er beina som dei var.

Kjekt å møblera litt i nye-kjøkkenet.
Og fantastisk med så god plass!!
Som de ser i taket har me enno ikkje lampe...og det kjem til å ta litt tid, trur eg (det skal ikkje vera lett, og alt skal ikkje koma på plass med ein gong...hihi)

Go-stolen er komen opp frå kjellaren att. Den er eit Fretex-kupp frå 90-talet ein gong, for 80 kr vart den min (!). Eg har hatt den opp og ned frå kjellaren maaange gonger...
Og no var det plass til den igjen.

Supergod å sitte og lese avisa i...

Trappestolen treng eg for å nå dei øvste skapdørene i skapet på veggen, kjempepraktisk! Den er fast plass for mannen i huset som likar å smøre nista sittande ved kjøkkendisken...(passeleg høg til det).

 Ser på bileta at eg har litt stripe-dilla..haha...(såg det ikkje før no...)
Me har hatt laang i frå ei stille og roleg helg, masse som skal skje på ei gong. Reknar med at det er slik ei stund framover no...snart advent og mykje som skjer kvar einaste helg framover.

Men så utruleg mykje kjekkare å koma heim, når plassen er sååå mykje større!

Eg takkar for tips og idear til gangen vår! Listene er malt i helga, men eg vêl å bruke laang tid på møbelering og ulike løysingar...ingenting som hastar...

Lampen over kjøkkenbordet var ein nødvendigheit no med så mørke morgonar, så den tok eg frå vindauga i stova...hihi.

Ha ei flott veke i vente!

onsdag, november 10, 2010

Litt gangbilder...

 Nok ein hektisk "fridag" er over, ikkje rakk me ut i finavèret og ikkje rakk me rydda og vaska så mykje heller. Men dokkemor har vore til tannlegen, og var superflink! Og me rakk å bake masse bollar, berre for å ha det litt kjekt...
Busken som har kome i vase på kjøkkenbordet mitt er funne på skogstur i helga. Har samla masse kongler og anna skogs"ting" òg, veit jo aldri kva som kjem til nytte no frametter...

Me kan framleis ikkje skryte av at gangen er ferdig, manglar nokre strøk maling, og litt elektrikararbeid. Likevel ville eg vise nokre bilete:

Her frå inngangen, mot kjøkkenet som er rett fram...

 Den fine teak-døra med bly-glas får være som den er ei stund...
(PS Det er ikkje ein stor dørstokk, men eitt trinn opp, gangen vår..)


Inngangsdøra frå innsida...
Masse ulike matter på golvet, me har enno ikkje funne den rette, med rett storleik...
Og system på sko har me enno ikkje fått på plass. Trur eg ynskjer meg sko-skap...
Dei runde strå-mattene kjem frå Bloomingville...

Ha ein fin kveld så lenge!

tysdag, november 09, 2010

Ny ytterdør...

 Ein av dei absolutt kjekkaste tingene med eit 30 m2 stort tilbygg, er NY ytterdør! Me har levd i over 10 år med den gamle opprinnelege døra som stod i huset frå 1969...
Me kan skrive under på at det er forskjell...

Når me no attpåtil har fått overbygd dør med ly for vind og regn kjennes det neste som heile huset er nytt.



Dei som er kjend i bygda vår, veit at her bles det skikkeleg innimellom! Vinden er igrunnen det aller verste ved å bu i ein slik djup dal...

MEN no kan eg til og med henge noko på veggen utanfor døra, utan at det bles vekk! Det har vore veldig vanskeleg før. Treng vel ikkje seie at eg gler meg til jul, med julelys og faklar på trappa....


I hagen i går fekk eg samla saman litt prydepler, det er super-enkelt å berre tre på ein streng...
Vips ein krans...
Alt er ikkje heilt klart på trappa enno, mannen i huset har bestemt at me skal flislegge med skifer her ute. Det kan jo bli fint...


Nederst, eit bilete frå skapet eg driv og malar...på bilete har det kun fått blank kvit maling på innsida. Eg har blanda ein mørk grå farge som kjem på utsida...
Spennande å sjå korleis det blir til slutt.

Gledar meg uansett til å rydde litt her på kjøkkenet.

Men no er det barne-TV! Må ut å sjå saman med dokkemor...
Ha ein fin fin kveld!

søndag, november 07, 2010

Litt kjøkken att..

Så gjekk det naturleg nok nokre dagar att. Eg og eldstejenta er tilbake frå Oslo og sjukehus, alt bra, heldigvis. Men det tek alltid nokre dagar å "riste av seg" sjukehus-inntrykka...
Sove godt i eiga seng...
Sitte stille å nyte ein kaffikopp på vårt nye kjøkken...



I sommar kjøpte eg dette oppvaskstativet på Åhlèns, tenkte at det skulle få plass på bordet her inne i den nye delen. Slik at me lettare får tak i koppar og frukostfat...
Det kvite bordet skal ikkje stå her, eg har eit bord ute som eg har pussa på, som skal få kome inn i løpet av dagen...
Golvlistene er på veg, og min gode mann driv i dette øyeblikk på å lista ute i gangen.
Døra med blyglas er kome opp, og til og med mannen i huset synes den kan få vera slik den er eit stund. Lyset skin så fint i glaset...
(Eg lovar å ta bilete når dørkarmen er ferdig lista...)

Litt mykje liste-snakk på meg i dag.
Og bileta er frå i går, for kjøkkenet i dag liknar ei eller anna slagmark...Eg driv og malar matskapet på kjøkkenet, slik at all maten no står utover bordet på kjøkkenet. Alle klær frå gangen står på kjøkkenet, fordi mannen min listar i gangen, phu! Slitsomt for ei ryddig sjel...

Skapet eg malar skal henge over bordet de ser på bilete...og eg tenkte eg skulle blande fargen sjølv..hihi
Mørk grå var tanken...så får me sjå kva det blir...

Ha ein fin dag så lenge!