onsdag, november 24, 2010

Advent

 Eg kan nok ikkje skryte på meg å ha alt klart til advent. Eg har ikkje tenkt skikkeleg enno...reknar med at når stemninga kjem til helga så kjem advent-ideane av seg sjølv.
Haha, eg kan jo håpa...
Synes til no, at alt har vore altfor travelt.
Strevar med å få tida til å strekke til, om eg skal vera heilt ærleg...

 Men eg reknar slett ikkje med å vere åleine om den utfordringa!
Difor er det eit skikkeleg pust i bakken når eg endeleg har tid å oppdatere bloggen! Den gjev meg utruleg mykje glede og ikkje minst avkopling...

Som de ser har eg og dokkemor vore i skogen og plukka greiner, synes kanskje jula og advent kan vera litt skogs-inspirert i år...
Laga ei enkel stjerne av seks omtrent lika store kvistar, surra med streng.
Enkelt og rimeleg tips! For dei som likar meir pynt kan ein jo pynte denne med masse rart...

Koppen er frå Fretex, fant seks mørke grå koppar (dei er ikkje gamle) som eg synes passa godt inn på det nye kjøkkenet...
(som framleis ikkje er ferdig, altså...)

Ha ei fin veke vidare!

7 kommentarer:

Ingen vanlig dag sa...

Så snygg din stjärna är. Jag har tänkt att göra något liknande men nu fick jag ett nytt tips på hur jag kan göra!

Fin blogg du har!

/Kristina

Lotta sa...

Åh så lekker:)Takk for herlig inspirasjon:)

Klem fra
Lotta

Line Katrin Moe sa...

Nydelig stjerne! Og så fint at ikkje alt treng å vere kjøpt. Det er noko spesielt med det som er laga av naturen. God adventstid:)

Haust sa...

Å, så fin stjerne! Ei slik har eg lyst å lage med ungane!

Ha ein fin vinterdag! :)

Alba Linea sa...

love your wooden star! nice idea! best wishes! di
;0)

Rosa sa...

No var det visst veldig lenge sidan sist eg har lest hjå deg, og så mykje kjekt og fint å oppdatere seg på. Du er uturleg flink til å hente inn ting, og produsere noko vakkert - som eplekransen ved ytterdøra, eller trestjerna inne. Flink!!

God adventshelg i vente!

Angela sa...

Questa stella è MERAVIGLIOSA!!!