søndag, mai 31, 2009

Hei og hopp!

Jodå, eg er her! Det har berre vore litt travelt i det siste...men gudsjelov så er det snart sommerferie for meg! I dag viser eg nokre saker eg fekk med meg på ein dødsbu-akusjon/salg her om dagen. Det er slett ikkje ofte det skjer noko slikt i nærleiken av oss, men denne gongen var det nokon som bokstavleg talt opna huset og slapp oss inn...

Du kan tru det var mykje rart! Sikkert ikkje lett å halde eit slikt salg midt mellom der folk har budd, og det kjennes litt rart å gå å rote i "andre sine ting"...men men, det er trass alt betre at dei bryr seg om å selje noko enn om alt skulle gått rett på dynga.


Og mykje fint var det. Eg var heldig å fekk med meg blant anna desse sakene eg viser, ei nydeleg korg med fin gammal-grøn farge (likar så godt den fargen...), ei lita korg til å heng på ein knagg, og den flotte benken nedanfor, som er like fin samme kor den står...

Og skikkeleg solid var den (for 100,-kr!), synes eg gjorde nokre gode kjøp eg. Fekk med meg litt stoff og litt anna småtteri òg...men med eit lite troll på armen inni ei lita stove med masse folk, var det ikkje så lett å handle...

Og ute er me no i full gang med diverse prosjekt, blant anna å skrape og male garasjen/uthuset vårt. Det er kjekt å få gjort alt slikt FØR sommarferien, slik at me kan prioritere andre (og kjekkare) ting då...
Håpar de har det travelt og kjekt òg!!
Kos dekan i sola, så kjem eg att om ikkje så lenge...

torsdag, mai 21, 2009

Lukta av sommar...

Syriner er sjølve lukta av sommar, synes eg. Når denne lukta breier seg utover landskapet DÅ er sommaren her. Det er heilt herleg å trille sovetur med vetlatrulto når eg kan gå og supe i meg av denne lukta kor eg enn snur meg...




Fantastiske å sjå på er dei òg. For to år sidan planta eg ei buske i hagen vår, og til stor glede ser eg at det kjem blomar på den i år! Men den er kvit, så dei blomane som fekk æra av å kome i bloggen min, var freistingar langs vegen på trilleturen min i dag...

Ha ei strålande helg alle som ein! Me skal på ute-teater i helga, og det vert kjempespennande om regnet held seg vekke...


tysdag, mai 19, 2009

Golvpute...

Eg har alltid synes det ser så kjekt ut å ha slike golvputer, at ungane kunne ligge å sjå TV, og vaksne kunne slå seg laus med berre å vera der ungane er...


No har eg funne ei slik golvpute, den er kjempefin og akkurat passe på alle måtar. Vetlatrulto har teke den med inn i leiken sin og no brukar ho den både til seg sjølv og dokkene sine. Den er kjempefin å ha framfor TV om kvelden når tullemor både er trøytt og likar ha ein plass for seg sjølv...Puta er faktisk kjøpt på KID, så den skulle vera lett å få tak i for dei fleste.
Ser det er mange som har ein liten oppsummering av 17.mai på bloggane sine, for vår del besto den i mest spy....vetlatrulto spydde i takt med salutten på morgokvisten og slik gjekk det utover dagen...stakkar liten!
Men eg og eldstejenta fekk akkurat gå i tog, så var resten dugnadsarbeid. Pappen avløyste me litt utpå dagen, slik at han nett fekk ta på seg bunaden han òg...Men klassen fekk inn maaasse peng, så det blir visst klassetur i år òg! Og det er jo bra...

fredag, mai 15, 2009

God helg!

Måtte vise den dristige duken til stova..kjøpte den til kjøkkenbordet, men eg synes den passa bedre i stova...


Puta mi fekk pynta opp krakken...

Det er travle tider fortsatt her hjå oss. Tradisjonene i bygda vår er at konfirmantar med foreldre arrangerer 17.mai for resten av bygda (!). Som om ikkje dei allereide har hatt nok å styra med?? Men, neidå... tanken er vel heller den at; sidan dei har strevd så fælt med konfirmasjonen gjer det ikkje noko om dei må streva nett litt til...haha...
Men ei mager trøyst er jo at det er leeeenge til neste gong! No kan det jo faktisk vera litt kjekt å ta ein dugnad sånn innimellom då, eg toler det...
Me håpar iallefall på ein strålande 17.mai! No er bundaskjorter strokne og plenen slått...Jippi! Då var det berre kakebaksten att...
Kos deg riktig så mykje på nasjonaldagen!

tysdag, mai 12, 2009

Sommarfin...

Me kan jo ikkje reisa til Bergen og koma tomhendt tilbake...Neidå, sjølv om det var konfirmanten som ville bruka litt pengar, vart nok mor sjølv kvitt litt av den sorten òg...


Eg kjøpte blant anna denne fine sommarkjolen, synes den har fantastisk fine fargar! Den måtte rett og slett hengast på veggen, inntil vidare...


Og i dag skin sola frå skyfri himmel, så det er berre å håpa på at sommarvarmen kjem smygande....

Takkar for alle dei kjempekjekke kommentarane eg har fått i det siste! Utruleg koseleg...eg er på veg rundt i bloggland ein gong i kveld tenker eg...men no må eg ut i sola!

Tudelu...

fredag, mai 08, 2009

....





Ingen inspirerande tittel på dagens innlegg...hmmm.
Her om dagen la eg meg rett og slett ned på golvet for å få litt inspirasjon til nye bilete. Det er noko med det, når ein legg seg på golvet så ser ein alt frå ein litt anna vinkel enn vanleg. Av og til er det befriande og av og til er det absolutt irriterande, spesielt om støvet virvlar seg rundt deg...
No vart det visst berre det fyrste bilete som verkeleg kom frå golvet då...haha. Den nydelege hekla ballen er laga av mi kjære eldste syster (hei!), og vetlatrulto fekk den i dåpspresang. Eg synes den har nydelege fargar...
Det av spisebordet er faktisk frå konfirmasjonsdagen...med pynta bord. Men ellers har me møtt kvardagen att her i heimen, kakene er for lengst oppetne og blomane er om ikkje kasta, så iallefall veldig nær....
I morgon skal eg og jentene mine på jentetur til Bergen! Det blir morro! Håpar eg kjem meg innom nokre av dei kjekke butikkane eg har høyrt rykte om på Nesttun...
Ha ei strålande helg i vente!!

onsdag, mai 06, 2009

Konfirmasjonsdagen...

Konfirmanten var nydeleg...Bordet var dekka enkelt...

Konfirmant og besto hadde sjølv laga dekorasjonar til bordet...



Eg likar no godt litt hageblomar, eg...kirsebærblom pynta kakebordet...

Og kakene var nydelege...Og altfor mange. Måtte ha betydeleg hjelp for å få dei oppetne...Men det vert som regel slik. Skal jo ikkje vera for lite på ein slik dag..
Men no er det over. Synes eg måtte ha eit innlegg frå sjølve dagen, sidan innlegget før handla om dagen før dagen...
Men neste innlegg kjem definitivt ikkje til å handle om konfirmasjon...
Ha ein fin kveld alle som kikkar innom!

måndag, mai 04, 2009

Dagen før dagen...






Dagen var over i går...phu! Men dette er bilete frå dagen FØR konfirmasjonsdagen til eldstejenta... Og det ligg alltid litt spenning i lufta. Som for øvrig er blanda med STIFF-lukt frå bunadskjorter og såpelukt frå resten av huset... Herleg!
Når alt er klart og eg veit at no kan eg ikkje gjera meir...DÅ er det godt å setje seg ned å vite at eg har alt i boks og sjølve dagen skal gå bra.
Og det gjorde den...Eg kjem tilbake med litt bilete frå den dagen òg. Men det er alltid kjekt å ta litt bilete før alt er rørt...og medan alt enno er strøkent...
Sjølv om det berre vart bilete av nokre av blomane denne gongen...me hadde visst mange nok...men dei enkle eg plukka frå hageblomane synes eg faktisk gjorde seg godt på gåvebordet...