måndag, januar 30, 2012

Sola skin...


Me har vore heime i dag.
Minstemor er framleis pjusk, 
ho hostar,
har vondt i magen...
Det er rart det der, korleis foreldre berre ser når noko er feil...
Det er noko med augo til små troll når dei er sjuke.
Mammo tek aldri feil...

Difor vart det ei innehelg i finveret.
Me baka bollar for å freista til å eta litt...
I dag laga me kakao...



Men matlysta er ikkje på topp hjå småtroll som
kjenner seg pjusk...

Difor har me sett film om Rapunsel,
og sett ut på den fine sola som freistar langt der borte i fjella...

Tusen takk for alle koselege helsingar til mistemor!
Me får håpa ho kjem seg snart.
Pappen skal ha heime-kose-dag i morgo...

Bilete i dag er frå vinteren 2008...
men gjenbruk er vel lov?

Ha ein fin fin kveld!



laurdag, januar 28, 2012

Helg i heimen...


Helg er godt, sjølv om minstedokka har feber og ligg strekk ut...
Stakkar...
Ho er sjeldan i ro.
Men i to dagar no, har ho berre kvilt på sofaen.

Godt det er helg og me kan pleie ho alle mann!

I mangel på blomar i helga, 
har eg funne ein duk eg sydde for lenge sidan, av eit sengetrekk kjøpt på loppis.
Synes det var fine blomar på den...
Dei lyste så fint opp.

Håpar du held deg frisk,
og kan nyte helga!
Klem frå meg..


onsdag, januar 25, 2012

Litt fornying må til...

 Av og til blir ein så utruleg lei alt ein har.
Ser du noko nytt?
Finn to ting...
hihi
Ja, eg berre måtte kjøpe meg ei slik flott pute! Saman med teppe eg kjøpte kom denne fiine puta..
(Eg veit dei er altfor dyre...)
Men som kompensasjon fornya eg resten av sofakroken utan at det kosta ei krone.
Eg tok inn den fine gammal-rosa krakken!
Den har stått i hagehytta vår heilt sidan i fjor sommar...
(Eg har rett og slett gløymt den)




Då vart sofakroken aldri så lite fornya.

Eg og vetlajentemor har hatt fri i dag,
og heldige oss kunne spenne på oss skia heime og gå ei løype
rundt nabogarden...
...til me fant ein fin bakke...

Nydeleg fint hjå oss i dag,
med sol nedover fjellsidene...

I morgon ventar arbeid og barnehage.
Ha ein fin fin kveld!


søndag, januar 22, 2012

No frys eg ikkje..

Er det ikkje fiiint!?
Mitt heilt nye ullpledd frå ByNord!
Utruleg god kvalitet, tjukt, godt og ganske stort...

Nei, eg skal ikkje frysa meir når eg sit i sofaen heime...
Pleddet er kjøpt hjå Hviit. Rask og god levering (som vanleg...)

Eg har jo hekla utallige pledd sjølv, men eg klarar ikkje å få dei store nok.
Blir lei før eg kjem så langt...
Kunne sikkert klart å strikka meg eit pledd på store pinnar...
Men, men av og til er det kjekt å kjøpe noko heilt nytt!


Tulipanar på bordet i helga.
Det høyrer liksom med no framover...

Me har hatt ein solfylt dag,
ikkje heime, men på fjellet! 
På ski i dag igjen...

Dørstokken her i huset er svært lav, alt ligg klart i bilen,
berre å kle seg (og bestemme seg...), så er me i sving. Herleg for oss å få kome opp i sola, sidan me framleis  må vente nokre veker til sola treff huset vårt...

Håpar du fekk ei fin helg du òg!



fredag, januar 20, 2012

Fredrik A Kayser

For leenge sidan hadde eg eit innlegg om eit Fretex-funn av ein stol, eg gjorde for mange år sidan.
Eg klarar desverre ikkje å finne innlegget...
(har leita og leita...)

Men poenget var at det var ein observant lesar på bloggen som la att ein kommentar, om at stolen min likna på ein design-stol...frå ein eller anna...
Eg er SÅ lei meg for at eg ikkje finn den bloggare!
(Gje ein lyd om det var deg!)

Etter det, har eg lurt litt på kvar stolen min kjem frå.
Hadde bloggaren rett?


Så såg eg brått på TV ein kveld nokre få klipp av eit eller anna program...
Raske bilete flimra forbi på skjermen...
Og eitt av dei var av stolen min!!

No bloggar eg frå ei anna maskin og mått difor grava for å finne eit lite bilete av stolen...
Men eg er altså eigaren av ein god gammal norsk designklassikar, laga av den norske designaren Fredrik A Kayser!
For 80,- på Fretex...
No er eg jo veldig klar over at alle møblar blir laga og designa av ein eller annan,
men eg synes det er veldig kjekt å eige ein møbel av denne designaren. Han har teikna masse fine møblar på 50-60 talet, og er for lengst innskriven i norsk design-historie.
Kjekt!
Bilete av den svarte stolen er funne her
 Bilete av sofaen er funne her

Må takke veldig for fine ord på bloggen den siste "tørke-tida"!!
Alltid kjekt å veta at nokon finnes der ute...
Riktig god laurdag til deg!!





onsdag, januar 18, 2012

Litt reprise..

Som ein pausefisk..
...legg eg ut nokre bilete frå arkivet.

Eg ventar på augneblink der eg ser noko nytt frå ein ny vinkel i heimen.
Det er ikkje verre enn at eg har vore på besøk i mange koselege og inspirerande bloggar,
og funne massevis av fine inspirerande bilete!

Det har gått så langt at eg berre MÅTTE innom ein nettbutikk òg!
Det er jo ofte slik med inspirerande bilete, at dei stimulere kjøpelysta mi samstundes...
hahaha...
Er det slik meg deg òg?


Bileta tok eg i fjor,
frå gangen og inn på storebror sitt rom...

Fiine gule nattbordet gjer liksom alt.

Og storebror sine fargestiftar må vera inspirasjon til å finne på noko...
I dag har eg sett masse bilete inn i album.
Det byrjar alltid med ei vanvittig sortering,
mange bunker utover, sortert etter dato, årstid osv...

Men så endar det med eit aldri så lite kaos inni albumet likevel..
hihi
Den minste feil, så rotar alt seg til...
Men men, det viktigaste er å få bileta i album!

Ha ein flott onsdag!

søndag, januar 15, 2012

Litt tom...


Eg er litt lei av mitt eige hus for tida..
Manglar litt nye vinklar,
nye idear,
kanskje vilje til å finne dei?

Kanskje det er det som heiter bloggtørke?
Litt "tørt" hjå meg altså,
sit å ventar på ny inspirasjon...

Neidå eg sit ikkje heilt i ro.
I dag har me vore i skibakken att, eg storkosar meg.
Og det gjer heldigvis minste-jenta òg!

Er flott å kome ut i lyset og snøen!



No er det eigentleg planlegging av neste veke som står på programmet,
men istaden måtte eg innom her og ynskje dykk alle
ei knallfin komande veke!

Så håpar eg å kikke innom til dykk alle om litt!
Reknar med at eg får inspirasjon då!!

Klem

laurdag, januar 14, 2012

Inspirasjon...


Bilete ovafor er frå ein sjeldan vinkel på kjøkkenet vårt.
Ikkje fordi eg mislikar den,
men fordi eg aldri føler bileta gjengjev det rett lyset eller stemninga...

Eg er framleis veldig glad i den brukte døra mi med blyglass. Kjøpt på ein bruktbutikk og tilpassa det nye tilbygget vårt.

Eg likar ikkje når alt går ton-i-ton, når det er ingenting som liksom kræsjar...
Denne døra gjer alt.
Den gjenskapar litt av ånda i eit 60/70-talls hus,
ei ny dør kunne aldri gjort den jobben.
Eg blir inspirert av å sjå kontrasten...


Eit bittelite bilete frå den motsette veggen av nye-innreiinga til kjøkkenet òg.
Øvste skapet har stått her sidan huset vart bygd,
den nedste disken passa perfekt og er frå ei søt og snill nabodame...
(litt rot i hyllene mine, ser eg...hihi)

I dag skal dokkemor i 5-årsdag,
ho gler seg stort!

Ha ein flott laurdag!
God klem



onsdag, januar 11, 2012

Kjøkken uten redigering...

Hei igjen! 
Må nett takke for gode tips på førre innlegg! 
TUSEN TAKK!
Likar godt å vete at eg ikkje er heilt åleine om å vera fotointeresser,
men ikkje sååå lysten på å lese bruksanvisningar...

Eg driv å prøver innstillingar på kamera...
Må ta litt bilete frå same vinkel, for å sjå det ulike lyset...

Igjen er bileta i dag teke på same tid på døgnet,
berre med ulik innstilling på kamera.



Det siste bilete er det som liknar mest på slik lyset slik det eigentleg var...

Litt nærmare disken,
med ein øriten tanke av sparkanede bein og krøllete teppe nedst på bilete...
(dokkemor likte ikkje at mammo var for oppteken av noko anna enn ho...)

Me skimtar visst fotografen i skuffene...hmmm

Synes lyset vart veldig fint på det nedste bilete,
mest likt slik det var der, trur eg.

Det som endeleg fekk meg til å sitte å trykkje på kamera og ekperimentere,
er vel eigentleg det utruleg fiine lyset me har her om dagen.
Snøen ute gjer at lyset liksom flommar inn gjennom vindauga,
sjølv utan sol!

Sidan me ikkje får sol på huset før om vel ein månad...
Er det utruleg godt å få litt lys frå snøen!

I dag har me fri og me skal nyte lyset ute!
....og ikkje berre inne...

Ha ein dag full av lys, du òg!!



søndag, januar 08, 2012

Eksperimentering...

Sidan eg har ein blogg, må eg vel kalle meg litt meir enn middels interessert i fotografering...
Men å lære noko nytt er likevel ikkje heilt enkelt (for enkle meg...).

Eg er absolutt ikkje typen som blar meg fram i bruksanvisningar og rettleiingar på nett,
eg har sovna leenge før andre avsnitt...
Og det kriblar altfor mykje til å trykke litt her og litt der...

Difor må eg satse på prøve-og-feile-metoden...
Det er òg absolutt kjekkast, synes eg.
Korleis er det med deg?

Eg beundrar alle som klarar (orkar) å lese ei bruksanvisning!
(iallefall til eit eller anna elektroninsk...)


 Som de kanskje ser, tenkjer eg i dag på innstillingar på fotoapparatet,
kor mange der ute er det som stiller møysommeleg inn apparatet FØR dei fotograferer?
...Og kor mange redigerar i etterkant??
Eg har alltid redigert litt i etterkant,
lysna litt og lagt på litt kontrast, kanskje...


MEN no skal eg byrje eit nytt og betre fotoliv!
Ingen av bileta i dagens innlegg er redigert...
Alle er teke på same tidspunkt på dagen.
Men med ulik innstilling på apparatet.

No merkar eg at eg skulle hatt eit stativ.
Er det vanleg at lukkartida er såpass mykje lenger når ein har innstillinga på manuell?
Nokon som veit?
Kan eg i tilfelle gjere noko med det?
(utanom ISO-innstilling)

Med fare for å høyras ut som eg aldri har teke i eit fotoapparat før,
postar eg dette innlegget...
Eg har berre ikkje orka lese bruksanvisninga...
(...eller sett meg inn i korleis apparatet eigentleg verkar...pinleg??)

Ja,ja...
Me har uansett hatt ei flott helg, som gjekk altfor fort...
I skibakken både laurdag og sundag...
Stas!

Ha ei fin veke!


laurdag, januar 07, 2012

Tid..

Då var det helg att! Godt å ha ein mjuk start med ei kort veke på jobb...
Men helga vert ofte starta like tidleg som kvardagen, med ei skikkeleg morgonglad jente, som alltid vaknar før fuglane...
Eg likar forsåvidt å starte dagen medan det enno er mørkt,
på den måten får eg utnytta dagen maksimalt (trur eg sjølv iallefall...hihi).

Når eg tenkjer meg om sit eg berre desto lengre med frokosten...
Ser dagen bli blå...


Og i dag har eg endeleg funne tid til eit hekleprosjekt som eg starta leeenge før jul.
Skal etter planen bli ei ny pute...
Eit nydeleg økologisk alpaca-garn (Viking: Eco-Alpaca),
dyrt men veldig mjukt...

Synes den litt senneps-brune fargen var så fin.

Skal love meg sjølv å hekle litt kvar dag/kveld...

Men no er dagen ljos hjå meg,
håpar eg finn på noko kjekt i dag òg!

Kanskje det blir ski?
Kanskje ikkje..
Eg tek meg ein kopp kaffi til, før eg bestem meg...

Ha ein flott dag alle de fiine der ute!


onsdag, januar 04, 2012

Januar...

Kvardagen er byrja.
Jobb i dag, men minstejenta får lov å vera heime ein dag ekstra med pappen sin.
Godt med ein lang pause frå alt.
Men godt å kome i sving igjen òg...

Denne fiine oljeflaska fekk eg til bursdagen min,
av mammo mi.
Den er laga av Linda Lid frå Voss.
Pyntar fint opp på disken på kjøkkent.



Litt små spor etter jule finnes framleis,
men juletreet kasta me ut i går.
Luftig og godt i stova no. Men eg skal leite etter bittesmå vårlege teikn på butikken i dag,
kanskje ein tulipan-bukett eller to?

Men eg likar januar...
salg,
framleis stearinlys om morgonen,
skisesesongen er i gang...
Jammen er me heldige som har sånn variasjon!
God klem!

måndag, januar 02, 2012

Tilbake til kvardagen...

Litt julestemning er det fortsatt her hjå meg.
Sit å lurar på kor lenge jula skal få vare i år...

Det er litt ulike tradisjonar på når ein skal "kaste jula ut",
men hjå oss har det alltid vore 13.dags aftan,
då kjem julabukkane og kastar jula ut..(det seier dei iallefall her...)

Korleis er det med deg?
Kanskje jula er ute alt?

Me tenner ljos til frokost og har framleis kongler på bordet...
Men i år kjenner eg at det er leenge å vente heilt til 13.dag...
Sidan eg har fri nokre dagar til vert nok kanskje juletreet med oss eit par dagar til.
Men resten...

Blir nok litt rydding hjå oss i dag...