søndag, mars 29, 2009

Nytt teppe...


For ei stund sidan bestillte eg masse kjekke stoff frå Stoff og stil.no. No endeleg har eg brukt noko av det til det eg hadde tenkt (ting tar tid...).

Eg vart så sjarmert av dette nydelege fleece-stoffet med rosa prikkar, tanken var at det skulle passe perfekt til eit herleg sengeteppe til minstejenta.... Og meininga var at eg skulle sy slik ein fin kant rundt heile teppet (slik det var avbilda i katalogen...), men neida, det vart altfor vanskeleg for ei som ikkje har tolmodigheit til å være nøyaktig....
Så kom eg på ein super idè, synes eg sjølv iallefall, det var å berre sy på ei bakside på heile teppe slik det var! Genialt! Og superenkelt, trudde eg...
Det viste seg å bli eindel stress bak symaskina...og litt oppkava stemning på hobby/kontor-rommet...Men når alt kom til alt, og eg vrengde teppet slik at alle mine skeive saumar ikkje viste, så vart det ikkje så aller verst, synes eg då...Eg sydde like godt på ein merkelapp òg. Den kjem frå same butikken som stoffet...
Dette blir nok eit sommarteppe! Ute på plenen, i vogna eller på stranda...lett å vaske (håpar eg) og lyst og lett...
Og det var den helga...Utan dei store sprella...men med mykje sol og varme!
Ha ei fin veke som kjem!

laurdag, mars 28, 2009

Påskeliljer...?

Som de ser av bileta så er det einaste påskegule hjå meg ein rosebukett fått hjå ei god venninne (takk!), og eit heimekomponert maleri av vetlajento, med innslag av gult. Eg saknar veldig påskeliljer! Men når me bur så langt ute på landsbygda er det vanskeleg å få tak i. Dei to butikkane her hadde ingen påskeliljer denne helga heller...

Eg blir litt irritert, for det er jo flust av påskesnop, påskepynt og påskeegg...ja ja eg får vel berre smørja meg med tolmodigheit og venta til neste varelevering...
Foreløpig har eg teke andre fargar i hus, som ein rosa duk, kjøpt på Fretex. Synes det er herleg no når sola endeleg skin inn til oss...(sjølv om ein då febrilsk må til å vaske, tørke støv, støvsuge osv...). Det beste er å ta ein tur ut i sola!

Men det er ei hjå oss som tek det heilt med ro...

Ho bryr seg slett ikkje om mor ikkje har fått tak i den rette påskestemninga til heimen...Djupt konsentrert over dei små sirklane ho er så flink å lage, kosar ho seg både med sola og støvet...
Ha ein fin laurdagskveld!

tysdag, mars 24, 2009

Ny golvmatte...




Eg viser bilete av gangen igjen... Men denne gongen med ei ny golvmatte. Veldig fornøgd med den, den er av plast og kjem frå Nettpynt.no. Utruleg kjekt med slike plastmatter, skulle gjerne hatt fleire. Synes fargane passa så godt saman på golvet, det kvite i gangen og det grå tregolvet på kjøkkenet saman med stripene i teppe...
Den observante vil sjå ei lita linselus som har snike seg inn på øvste bilete, heilt bakerst...ho er på veg opp på kjøkkendisken. Det er dessverre noko av det me styrer med på fridagane...springe etter små "apekattar"...
Etter ein laaang dag på kurs i går, var det godt å vakne opp til fridag i dag! Trass dårlege vêrmeldingar har me hatt sol i heile dag! Og det gjorde på ingen måte dagen dårlegare...

søndag, mars 22, 2009

Vår i lufta...





Etter inspirasjon frå andre bloggar, måtte eg ut å leite etter våren...Hjå meg var det smått med krokkus og snøklokker. Men eg ser det er liv!
Gler meg til syriner og kirsebærblom, håpar peonen har overlevd den kalde vinden...Enn så lenge kosar eg meg med dei små teikna som dukkar opp kvar dag. Ut å nyt våren alle mann...
Ha ei fin veke som kjem!

laurdag, mars 21, 2009

God helg!

Det er ingenting som ei helg utan planar!! Og når me står opp i 6-tida både helg og kvardag, så vert dagane laaange og ein rekk utruleg mykje på ein dag! I dag for eksempel rakk eg å rydde i vetlatrultemor sine klede, kaste det som er for lite og (legge vekk noko...) rydde i mitt klesskap, og sist men ikkje minst rydde i eine kottet. Der det står kasser med gamle klede og tull og tøys...no er det tomt! Jippi!

Og i dag skein sola så utruleg fint her hjå oss...og på denne tid av året lengtar eg alltid etter ein skitur.

Og når eg var ferdig med så mykje alt før klokka 11, så rakk eg jammen å ta meg ein skitur medan vetlo sov (og pappen passa på her heime sjølvsagt). Ein nydeleg tur i skinnande sol....




Slike helger er gull verd! Neste gong skal alle få lov å vera med....men i dag var det berre min tur til å lade batteriene i fred og ro i sola...
No sit eg med ein kopp kaffi og nyt dei fine nellikane som eg kjøpte forrige helg. Dei held seg utruleg fint, må seie at nellikar er skikkeleg undervurderte blomar!! Nett lika fine om ikkje finare, etter ei veke...
Ynskje alle ei lika fin helg!!


torsdag, mars 19, 2009

Eit (før og-) etter-prosjekt...

Det går ein trend i bloggland om å vise alle våre før-og-etter-prosjekt, og etter inspirasjon frå alle dei andre....Viser eg mitt ...(før og - ) etter-prosjekt. Men eg har sjølvsagt berre bilete etter...Puffen er frå mi farmor sitt hus, den var kvitmåla eingong seint på 80-talet, og ber nok preg av det...Men så er det slik at eg likar litt slitt maling, og då passar det jo perfekt.

Frå begynnelsen av var det eit stofftrekk på denne som vart fjerna på 80-talet. Og ungane her har brukt den som nattbord lenge...Men no var det på tide å få tilbake både vatt-fylling og stofftrekk.

Forrige helg stod me på farten og skulle nå ei ferje, men eg måtte berre nett "pusse opp" denne puffen først... så vart trekket stifta utanpå eit tjukt lag med vatt. Stoffet er ein gamal duk eg har hatt lenge (så slapp eg å sy ...), det tok omtrent to minutt...eg vrengde av stoffet på ei sofapute (eg har vore litt misfornøgd med...) tok den med bort til symaskina, fant eit stoff og sydde trekk til puta...det tok omtrent tre minutt...

Vips! Så måtte me springe ut døra for å nå ferja...

Mange vil nok seie at hastverk er lastverk, og eg kan nok vera einig i det. Men hjå meg er det slik det foregår....sjølv om eg har god tid, så føler eg at eg MÅ skunde meg å bli ferdig! Veit ikkje om eg er den einaste som har det slik?? Men puffen vart fin nok den...likte at det kom litt lilla bort i sofakroken...og kjekt med oppbevaringa under lokket på puffen.
Kanskje eg klarar å ta meg betre tid med neste prosjekt?? Kven veit....?

tysdag, mars 17, 2009

Lappverk...

No har bihulebetennelsen endeleg bestemt seg for å la meg sleppe å bli plaga lenger....phu! Men for all del, når ein sitt slik å berre kjenner på verking så er det jo godt om ein klarar å få tankane over på noko anna...

Og det har eg gjort! Eg lova meg sjølv at eg ikkje skulle hekle noko før eg var ferdig med perlebingkluten til eldstejenta sin konfirmasjon. Og NO er eg endeleg ferdig med den! Takket være bihulebetennelsen, faktisk...haha...(satt i ro leeeenge nok...).

Men som innlegget i dag viser, så er det ikkje bringkluten eg er mest oppteken av. Eg er så glad for at eg ENDELEG kan hekla igjen!!
Som nokon av dykk hugsar så byrja eg på dette teppe for leeeenge sidan, då berre i rosa, brunt og kvit, no kom lappane fram att og eg har supplert med lilla og grønt. Det er rart med det, eg bestem meg ofte for at eg berre skal bruke tre fargar så endar eg alltid opp med fleire. Trur det vert for kjedeleg å hekle same fargane...No når eg ser oppskrifta att, skulle eg ønske eg berre hekla det i EIN farge...ja, ja eg kan vel hekle eitt til...?? Ein gong...
Eg veit ikkje kor stort eg vil ha det, men eg vil hekle dobbelt så mange lappar som eg har no iallefall....Kan bli eit skikkeleg koseteppe til sommaren. Det er veldig mjukt og fint, hekla i dobbelt alpaca garn...



Oppskrifta har eg funne på Drops sine sider...Alltid kjekt å finne gratis oppskrifter. Anbefaler alle ein tur innom dit.
Ha ei fortsatt fin veke alle som er innom!


søndag, mars 08, 2009

Ting me kan gjere utan å forlate huset...

Ja det går ei stund mellom innlegga for tida, eg er ikkje frisk att. Og dette tærer på humøret...for å seie det mildt.

Men over til noko som er kjekt! Ein kan gjere mykje om ein berre klarar å karre seg bort til datamaskina... Og når vinterferien består mest av snytepapir og paracet, så treng nokon å einkvar ein liten oppmuntring. Hihi...eg la inn ein bestilling hjå den kjekke nettbutikken NettPynt, den kan du lese meir om i den kjekke bloggen Lykke og Lykkeliten....

Eg kjøpte blant anna desse fine matboksane til vetlatrultemor. Dei kjem frå Blafre-designe og er kjempesøte, synes eg. Kofferten er litt stor slik at matboksen får god plass, og endå er det plass til eit eple og ein yoghurt! Supert! Eg blir glad av motivet og fargane...(og kanskje litt friskare...??)






Så for å få meg sjølv i ekstra godt humør og tilføre litt vårstemning her i heimen har eg kjøpt ein stooor hortensia til stovebordet (den er ikkje kjøpt på nett altså...haha). Den skal få stå å spre friskheit og glede med sin nydelege lysblå farge...
Sidan ferien sluttar i dag, håpar eg på ei friskare og meir effektiv veke som kjem!


tysdag, mars 03, 2009

Vinterferie...


Her har me vinterferie denne veka. Men me får ikkje gjort så mykje, vetlatrultemor er ikkje frisk, og mor sjølv har vore sengeliggande nokre dagar.... Ikkje kjekt!
Eg hugsar då eg var liten og var sjuk, så synes eg det var så rart at, om eg kunne ønskje meg alle ting og pengar i verda, så ønskte eg berre å bli frisk att. Det samme gjeld faktisk enno, når ein er sjuk set ein alt i eit anna perspektiv...og faktisk endar alltid opp med å ønskje at ein vert frisk att fortast mogeleg....
Difor ikkje så kreativt bilete i dag, låg på golvet og prøvde å vera litt kjekk mamma (med hovudverk, rennande nase og verk i kroppen...), eg såg sikkert ikkje særleg kjekk ut..hihi. Men når trultemor leika med koppane sine passar eg på å ha fotoapparatet i nærleiken...
Håpar på friskare tider snart...