laurdag, mars 21, 2009

God helg!

Det er ingenting som ei helg utan planar!! Og når me står opp i 6-tida både helg og kvardag, så vert dagane laaange og ein rekk utruleg mykje på ein dag! I dag for eksempel rakk eg å rydde i vetlatrultemor sine klede, kaste det som er for lite og (legge vekk noko...) rydde i mitt klesskap, og sist men ikkje minst rydde i eine kottet. Der det står kasser med gamle klede og tull og tøys...no er det tomt! Jippi!

Og i dag skein sola så utruleg fint her hjå oss...og på denne tid av året lengtar eg alltid etter ein skitur.

Og når eg var ferdig med så mykje alt før klokka 11, så rakk eg jammen å ta meg ein skitur medan vetlo sov (og pappen passa på her heime sjølvsagt). Ein nydeleg tur i skinnande sol....




Slike helger er gull verd! Neste gong skal alle få lov å vera med....men i dag var det berre min tur til å lade batteriene i fred og ro i sola...
No sit eg med ein kopp kaffi og nyt dei fine nellikane som eg kjøpte forrige helg. Dei held seg utruleg fint, må seie at nellikar er skikkeleg undervurderte blomar!! Nett lika fine om ikkje finare, etter ei veke...
Ynskje alle ei lika fin helg!!


8 kommentarer:

Prinsessa sa...

God helg til deg også. Håper du får en fin fin morgendag. Klem fra Elin:O)

Jannicke sa...

Ja,
jammen var de nelikkene fine!
Er i utgangspunktet ikke så begeistret for nelliker (tror det er fordi jeg forbinder det med sorg og begravelse),
men jeg tror jeg ombestemmer meg etter å ha sett dine!
Og holdbarheten er jo helt utrolig!
Flotte bilder!
God helg ;o)

mi-rachel sa...

utrolige lekre bilder.
må si meg enig med jannicke over her...ift nelliker. disse nellikene dine var bare skjønne.
fin helg!!

Den gode feen sa...

Eg trur nellikkane får si renessanse snart, like så dei grønne bregnene (om du hugsar dei). Dine var iallefall kjempefine :) Ja, ikkje sant: det er faktisk kjekt å stå opp tidleg kvardagar som helg. Sist laurdag var vi ferdige med hagearbeidet kl 11, og denne laurdagen var huset støvtørka, støvsugd og alle gulv var nyvaska ved same tid. Herleg.

Høyrtes kjekt ut med skitur også - her er det ikkje eit fnugg av snø igjen, men heller møkalukt i lufta. Våren er i anmarsj :)

ha ei flott helg - det som er igjen av den :)

Linetoppen. sa...

Nydelige bilder av nellikene! Nelikke er en flott blomst!

Det er deilig med oppryddninger i huset på denne tiden av året, man blir inspirert av det flotte vårveret og fuglene som kvitrer.

Hilsen Linetoppen

Briggs lekehus sa...

God Helg Noralill!

Nikoline sa...

Eg går ikkje på ski,men ein tur på sko gjer sitt også til lading av batteria heldigvis!
Nydelege nellikar,og som du seier,undervurderte!
God søndag vidare :0)

Malin sa...

hei morgenfugl;)

Så koselig blogg du har! jeg linker deg til siden min!

Nydelige nelliker du har!

klemmer Malin