onsdag, september 30, 2009

Opera og Mamma Mia


Hei, igjen! Det har visst gått over ei veke!! Utruleg! Men eg har faktisk ein god unnskyldning denne gongen, me har nemleg vore ein jentegjeng til Oslo på MAMMA MIA! Utruleg kjekt! Og ein slik avslappande tur hadde eg veldig godt av kjenner eg...Me vart bussa til Oslo fredagen og tilbake søndag, ingen plikter utan å møte på Folketeateret på laurdagskvelden. Det gjorde faktisk godt!

Utanom litt shopping så prioriterte me å sjå den nye opreaen...sidan me skulle i den gamle på kvelden, då var det litt kjekt å sjå skildnande...(og det var forskjell!). Utanom ei utruleg sur og lite service-innstilt dame bak disken i kafeen på den nye operaen, var dette ei kjekk oppleving...

Eg drista meg til å vise meg sjølv i (nesten) heilfigur...veit ikkje kva som er skjedd med bilete, men det skjedde då eg la det inn her...handleposane mine vart "sladda"...HAHA! (Hadde sjølvsagt tunge posar frå Indiska og H&M med på operaen...hihi...sånn er det når me er "bønder i byn"...jaja...godt det ikkje visar då...

Håpar eg kjem sterkt tilbake...!!
Snakkast!

måndag, september 21, 2009

Litt oppfrisking av barnerommet

Vips så kom det eit innlegg.

Eg ville berre vise at veltadokko vår har fått HEILT eige rom. No slepp ho å dele med meg og kontoret mitt! Ho er så kry! Senga hennar har fått plass i eine kroken, men for at det skulle vera litt anna enn kvitt på rommet, har eg hengt opp eit stoff eg kjøpte på "stoff og stil" for ei tid sidan. Samt dei fine kina-damene, som eg har klipt ut av eit anna stoff kjøpt på same staden, eg strauk litt vliselin (heiter det det??) bakpå og vips vart dei litt stivare. Synes dei pynta litt opp på veggen over senga.
Den søte lampeskjermen er eit bruktfunn som endeleg har fått ein plass. Den har vandra frå rom til rom og til slutt ned i kjellaren...men på eit jenterom passa den fint. Den gjev eit nydeleg lys, med svakt rosa skinn, som passar akkurat til lesestunda om kvelden. For tida er det mummitrollet som er den store favoritten.

Sengeteppet hekla eg då eg gjekk gravid. Det er vel heller eit av dei mest fargesterke teppa eg har hekla, og det som tok lengst tid. Det er hekla i tynn babyull, men det passar perfekt på den vesle senga...


Ynskjer alle bloggvenner ein kjekk kveld vidare!
Hej då!

søndag, september 20, 2009





Eg må seie eg beundrar alle dei flotte bloggane der ute som klarar å oppdatere bloggen sin kvar dag! Utruleg prestasjon! Skulle fått ein lita oppskrift på korleis dei gjer det?...eg er dessverre ikkje så effektiv...for tida slit eg med å finne gode fotomotiv, og eg klarar ikkje sjå huset mitt frå nye vinklar...haha..nokon som kjenner seg att??
Som de ser av bileta i dag så har våpenkista frå mammo fått ein plass...i stova, under vindauga. Der kan vetladokko sitja å sjå ut glaset (å vente på at pappen kjem...). Dette er noko ho gjer titt og ofte (han jobbar lange dagar), og innimellom dekkar ho på til dokkene sine på "benken".
Puta sydde eg i sommar av eit stoff eg kjøpte på ein dødsbu-auksjon. Den har vore ute-pute heilt til no...Og kanina i vinduskarmen er frå Åhlèns, og er ei sparebøsse for småjenter som elskar myntar av alle slag...
Elles fekk me oss ein super fjelltur i går, i nydeleg sol. Men eg kjenner at vetlatulto ikkje er så pitteliten lenger...ho sat i bæremeis heimover og skuldrer og nakke kjenner det i dag...hihi.
Ha ein fin fin sundag!

torsdag, september 17, 2009

Ettermiddagskos


Hei igjen! Er nett ein svipp innom bloggen for å vise at eg er her. Det viser eg med eit bilete frå gårsdagens ettermiddagskos. Eg er nemleg ei av dei som elskar å kose meg etter middag...nyte ein stooor kopp kaffi, tenne eit ljos etter at eg har plukka nye blomar frå hagen, og berre nyyyte ettermiddagen ei lita stund.
Tida går så alt for fort no på denne årstida, ettermiddagen vert litt kortare for kvar dag, men kosen min MÅ eg ha! Etter kaffikoppen går gjerne eg og vetladokko ut på sykkeltur, ho har trehjulsykkel og eg har tonnevis med tolmodigheit..hehehe...
Nevnte eg at sjokolade ofte er ein del av kosen?? Eg klarar berre ikkje la vera...hmmm kanskje det kan vera eit framtidig mål å trappe ned? Men enn så lenge kosar eg meg...
Håpar du kosar deg der ute òg! Ha ein fin ettermiddag.
No skal eg på foreldremøte...

tysdag, september 15, 2009

Extrem-helg


Sidan det er fridagen min i morgo kan eg slappe litt av i kveld...Difor kjem ei oppdatering på helga som gjekk. Og det var akkurat det eg gjorde, gjekk og gjekk og gjekk....nærare 5 mil(!) i fjellheimen denne helga! Eg er ikkje så reint lite stolt over å ha gjennomført eit slikt extremt løp som dette (link til Vøringsfoss-race ligg i forrige innlegg...). Tre dalar opp og tre toppar å bestige på tre dagar.
For alle som bur vestover her som meg, så veit dei at både fredag og laurdag var det eit forferdeleg regn og unnskyld uttrykket; drittvêr... Men på tross av alt dette vêret så vandra me til fjells opp og opp og opp...(for det er eit motbakkeløp...). Det er vel ingen hemmelegheit at eg angra eit par gonger der oppe i stiv kuling med regnet piskande rundt øyro... Men når søndagen kom og sola stråla frå skyfri himmel var det berre herleg å få lov å ta turen til fjells att for tredje og siste løp.
Men det tek nokre dagar å kome til hektene att etter slike prestasjonar...så kjøkkendørene mine må nok vente til helga att, før eg pussar og maler dei igjen...
Og i kveld har eg baka rundstykker og no skal me kosa oss...
Kjem snart att..

onsdag, september 09, 2009

Litt maling på kjøkkenet...


Så var jobben med det eine skapet nesten ferdig (skapet over vasken). Viser berre bilete utan skapdører, for dei må dessverre pussast litt...etter at eg var uheldig med fyrste størk, slik at det rann maling som no er størkna nedover skapsidene...irriterande! Men slik er det når ein har litt hastverk...

Fargen er heilt kvit, med glans 80. Slik håpar eg at eg får dei glatte blanke skapene eg vil ha...ikkje dei lettare gule som kom snikane etterkvart som kvitfargen gulna...Eg trudde jo skapene mine var kvite eg, men det viste seg å vera feil. Utruleg kor kvitmåling gulnar!
Skulle tru me alle sat å røyka 20 om dagen her inne, når du ser gulfargen på bilete nedanfor her....
Veggane skal eg ta ein anna gong, men no heiter prosjektet: eitt-skap-om-gongen-til-dei-er-kvite-og-blanke... Det som er bonus med å male skap er å få ryddae skikkeleg i dei. Ovanfor her er "beste-servicet" mitt..hihi...ikkje spesielt dyrt eller noko, men det har seg berre slik at det har eg alltid brukt kun til jul/påske og høgtid...då er det kjekt å halde på den tradisjonen.
Sjølv om smaken har endra seg opp igjennom åra har det alltid vore kjekt å ta fram dette frokost-serivcet får å verkeleg finne stemninga...


Då håpar eg mamma fiksar meir maling...og tek ein tur snart?! Hihi... Så vert skapet under vasken neste prosjekt...men det vert definitivt ikkje denne veka!
Til helga har eg planar om å vera med på Vøringsfoss-race...(forstå det den som kan...hjelp!).
Ha ei fin veke vidare...

tysdag, september 08, 2009




Her er bilete frå eit prosjekt som saaakte tek form...Planen er å lage eit sengeteppe av alle desse hekla lappane. Idèen fekk eg frå eit interiørblad...(eg trur slike tepper er avbilda i fleire faktisk...) Men eg hugsar dessverre ikkje i kva for eit eg såg det i. Men men, eg synes ideen er kjempegod! Spesielt for oss litt utolmodige sjeler som helst skulle vore ferdig med noko i går....
Tanken var jo at eit slikt teppe skulle gå fort, men no har eg hamstra alle heklabrikkene på Fretex (skikkeleg dyrt faktisk, hrmf...), så no må eg leite i skuffer og skap hjå venner og kjente..hihi...eller meg sjølv..Så det tek visst litt tid likevel.
I dag fekk me ein uventa dag heime, vetla dokko vår hadde feber i natt, og var pjusk i dag tidleg. Stakkar liten sovna på sofaen...me håpar ho søv det av seg i løpet av dagen.
Men ein uventa fridag er jo gull verd! Så medan ho søv har eg teke for meg eit kjøkkenskap, vaska og malt. Håpar eg rekk andre strøket før middag...Skal ein bli ferdig må eg ta eitt og eitt skap. Så håpar eg at alt er klart til jul...haha! Bilder kan eg vise når eg er ferdig...
Ha ein fin dag!


fredag, september 04, 2009

Helg igjen...

Så var det helg igjen! Det høyres kanskje ut som eg klagar, men det gjer eg absolutt ikkje! Det er herleg med helg, og når dagane i vekene går så fort så må det jo berre bety at me har det bra! Eller? Hadde det vore bale, hadde vel tida gått utruleg seint, trur eg...

Ville vise bilete av den nye ovnen vår, den vart innvilga (brent i for fyrst gong) her om kvelden, det endte med at me sat å lufta, med altandøra på vidt gap resten av kvelden! Så den virkar iallefall...hihi..

Det vart så utruleg varmt. Spes når mannen i huset er så ivrig å fyre at han gløymer å sjå på gradestokken ute....(+17 grader...)

Eg håpar han vert like ivrig når kulda kjem...haha..
I helga skal me avgårde for å feire eit lite søskenbarn som blir 4 år! Hipp hurra! Og vetlatrulto her i huset gler seg stort, ho ser for seg pakker og kaker... me får håpa ho forstår at pakkene ikkje er til ho denne gongen...

Storesyster er på overnatting hjå venner, og storebror er på hybelen sin for tredje helga på rad. Kva skal ei stakkar mor gjere med at ungane veks...? Heldigvis har me ei som treng oss enno...og i kveld blir det ørlite fyr i ovnen og berre kos!
Til alle bloggvenner der ute; Eg er superglad for alle kjekke kommentarar, dei varmar skikkeleg! Eg håpar berre at det kjem litt oftare innlegg framover...
Ha ei god helg alle saman!
PS Rosene kjem frå hagen...