tysdag, desember 29, 2009

Romjulsdrøm...



For det er det det er, ein romjulsdrøm...iallefall når ein har det så bra som akkurat no. Snøen lavar ned og ute er det kvitt og fint. Trultemor er på aketur med besto, og blir god og trøytt til formiddagsluren.



Med famile så nær kan det fort bli eit kav med juleselskap hit og dit, me har vore i selskap, men det har berre vore kjekt. Når kvardagen er hektisk rekk ein ikkje besøke kvarandre så ofte ein skulle, difor er det det me skal bruke jula til.



Men nett i dag er det stille hjå oss, fyrste dagen på ei stund me berre har kunne slappa av igjen..selskap er kjekt, men at det er eit kav å kome seg avgarde det kan eg ikkje leggje skjul på. I dag skal heklekroken få kome fram att, det er lenge sidan eg har hatt tid til handarbeid...



Eg håpar dagen varer leeeenge....

Ha ei fortsatt fin romjul der ute!

fredag, desember 25, 2009

Eit lite glimt av jul i heimen...


Fekk knipsa nokre bilete i dagsljos i dag, og det er (nesten) alltid kjekt å sjå stova gjennom linsa. Etter ein koseleg julekveld med smilande glade born og besteforeldre, god mat og kos. Det er kjekt, men hektisk når det står på. Ekstra glad var eg i dag, når me berre kunne kose oss i behagelege klær og ikkje ha ein plan i verden...

Me har ikkje eingong laga middag i dag...berre funne oss restar frå i går. Eg synes det er supert! Vetla trulto har leika og leika med alt det nye og spennande...nissen i går var skummel, men snill likevel, fant ho ut (me håpar ho ikkje er merkt for livet...for når nissen banka på ruta skvatt både mor og bestemor ein smule...haha)





Som de ser så er eg glad i glorete pynt...hihi. Dokkemor synes det var stas då me fant små nissar til å henge på treet...



Teppe under juletreet fant eg på Fretex for lenge sida, og kom på at i år passa det som juleduk under treet.

Håpar alle får fine og fredlege juledagar framover!

onsdag, desember 23, 2009

God jul!



Dagen før dagen, alltid hektisk og med masse småplukk som eg berre nett skal fikse, gjere, bake eller kjøpe...Men når alt kjem til alt, så trur eg me berre kan ta det med ro. Jula kjem uansett, og mat det har me nok av! Om det skulle vise seg at me har gløymt eit eller anna, så går det nok bra det òg.

Som de seg av bileta så likar eg fortsatt den enkle naturlege pynten i år. Eit eple som er uthola slik at eit ljos får plass blir det kjempefin julestemning av, og ei skål med kongler, nesten gratis og super-enkelt. Akkurat slik eg likar det..

Konglene blir nok etterkvart erstatta av twist eller anna julegodt, men slikt kan ikkje stå framme med ei lita nissedokke springande rundt. I fjor hadde eg skåler med julekuler i fine fargar, men dei må nok òg gøymast til nissemor er litt større...





Litt meir pynt på treet i kroken er på plass. Desse soppane er heilt nydelege..

Ynskjer alle ein fin og fredeleg julekveld i morgo!
Klem


søndag, desember 20, 2009

Jola nærmar seg...


Då vart det endeleg litt meir jul i heimen. Edelgrankvistane i datakroken er bytt ut med ei lita granbusk og dekorert (med god hjelp av trultemor) med nokre bittesmå gamle og skjøre kuler eg kjøpte på Fretex i fjor. Dei vart kjøpt etter jul, difor har eg ikkje brukt dei før...Men eg synes dei er skikkeleg fine med den grøne og oransje fargen nokre av dei har.




Fire ljos er tent i stova, og eg har snudd spisebordet for andre gong på kort tid..men det er berre for å få plass til turkestativet som står framfor ovnen i stova! No går eg igang med litt intensiv klesvask, slik at alt er tomt til jul! Då MÅ me turke kleda i stova...sidan eg er ei av dei få som framleis ikkje har turketrommel...



I TV-kroken har eldstejenta gått i gang med litt julepynting på eige hand. Det vil seie plugge i ein nissefar frå Nille. Det er hennar protest på mor si nissefrie jul! Den skal få stå ei stund, men det er ikkje til å kome i frå at mor har lyst å ta den vekk med ein gong...Men enn så lenge jublar vetle dokkemor for den "nyyydelege" nissen i stova vår...Medan eldstejenta sit med eit triumferande blikk og storkosar seg. Det kan jo hende at EIN nisse ikkje gjer så mykje likevel...hihi...

LITT takhøgd har eg trass alt!

onsdag, desember 16, 2009





Det finnes mange slags julestemning. Eg er liksom ikkje heilt i "pyntehumør" for tida, men etter ein luftetur ut i dag kom eg innatt med tørre brune "blomar", synes dei var så fine i fargen.

Ein treng ikkje kjøpa så mykje alltid... Eg har henta inn ei lita granbusk og litt furu, berre for å spe på med litt julelukt...Og sjå kva naturen sjølv seier til oss høgt der oppe i fjellveggen...(sjå bilete nedanfor..hihi) - Eit hjarta...



Eg og dokkemor skal finne fram bittesmå julekuler å pynte den vesle grana...Så kan eg knipse litt bilete etterpå.

Kos deg i kveld du òg.

søndag, desember 13, 2009

Ein juletradisjon



Eg trur eg trygt kan kalle det ein juletradisjon; Eg leitar, leitar og leitar etter saker og ting eg VEIT at me har, eg har faktisk akkurat lagt det på ein heilt trygg plass!! Men tru det eller ei, kvar einaste bidige førjulstid hjå oss forsvinn nemleg EIN ting! Gjett kva...Julesonghefta mine!! Alle som eitt...sporlaust vekk! Og du kan tru eg veit at eg akkurat har funne dei fram og klargjort dei til 1.desember (for då er det lov å syngja julesongar hjå oss), men når eg skal ha dei, finn eg dei rett og slett ikkje att! Og det heilt utrulege med denne historia er at dei ALLTID dukkar opp att etter jul! Når jula er slutt...


Når i år som i fjor leitinga starta og hefta ikkje dukka opp, gjekk eg sporenstreks til datamskina og klippte og limte frå internett, og rett og slett laga meg mine eigne julesongkort!

Desse har vist seg å vera til stooor gleda for både meg og velta dokkemor, me trekker kort og syng i kor frå morgon til kveld..hihi...og den skumle "ånda" som ikkje vil at me skal synga her i huset får berre finna seg i det!

No høyres det kanskje ut som eg er litt av ei songstjerne...?? Men det er eg altså langt i frå, men eg rett og slett elskar julesongar!! Tonen og melodien på dei fleste er jo nyyydeleg...hihi. Mitt motto er å syngje med den stemma du har...!


Berre sånn for å vise at eg har hatt eit songhefte...det ovanfor er bilete frå i fjor, då fant eg eit gamalt songhefte på skulen rett før jol, så den jula vart vel igrunnen redda...



Og sidan eg totalt manglar julestemningsbilete for tida, så viser eg to frå i fjor. Eg må alltid bla litt i gamle bilete for å sjå kva eg pynta med året før...og eg vert ofte litt overraska sjølv. Men dette treet har eg altså ikkje i år...synd kanskje...?

No skal eg ta tralla litt og leggja saman ein haug med klede...ein må jo berre kosa seg så godt ein kan, for strevsamt,det er det før jul!

Ha ein koseleg sundagskveld de òg!

onsdag, desember 09, 2009

Ein liten innflyttar...


Ein liten venn er flytta i hus etter bursdagen min...Ikkje ein nisse denne gongen, men ei klok lita ugle. Nokon av dykk har nok sett den før i ein interiørbutikk eller noko i den dur. Den er så søt der den står med ljos på hovudet.

Ikkje mykje julete innlegg denne gongen heller, men for meg skal det liksom ikkje så mykje til i år. Litt granbar i ein krok (og ei lita ugle, hihi), så er det litt jol.

Strengt tatt er det ikkje jol heilt endå (heldigvis), ikkje
det at eg brukar gjere så mykje, eg ryddar litt i krokane, tørkar vekk det verste frå golvet, men vegger og tak det tek eg til våren! Det viser jo ikkje uansett...eller eg ser det iallefall ikkje, det er mørkt stort sett når me er heime...


Men bakar litt det gjer eg. Til no er det berre kakemenn som er i boks, men ein peparkakedeig venter på oss i kjøleskapet.


I dag har eg og vetlemor baka bollar, og ho viser seg som god bakstekone...bileta er av kakemennene, eg er ikkje så kreativ med bollane, altso...

Ynskjer alle som er innom ein riktig god onsdag!
(det har nemleg eg...)


søndag, desember 06, 2009



Det byrjar så smått å verta folksamt i stallen heime hjå oss. Vetle dokkemor opnar ei pakke kvar dag med ein ny figur til stallen. Etter at ho opna fyrst pakke har ho gått å venta på babyen, ikkje skjønar eg kvar ho har det i frå, men ho har fått det for seg at det skal kome ein baby i stallen...Eg synes det var litt artig at ho visste dette utan at me har snakka om det. Men desse små har utruleg god hørsel og det kan hende ho har snappa opp noko ein eller annan stad. Men babyen kjem altså den 11.des...(men det veit ikkje ho...) Litt tidleg fødsel i år, men slik er det når det berre var 11 figurar i pakken...hihi.

Dei andre pakkene ho får er nok noko mindre pedagogiske...haha.



Men fine var dei, desse figurane frå Nordhjem...( eg har i etterkant sett at dei har dei same figurane hjå Bo Nordisk..laaangt billegare å kjøpe hjå ein norsk nettbutikk...)



To ljos er tent hjå oss i kveld...nedtellinga går for alvor opp for meg...
Resten av kvelden skal eg pakke inn alle gåvene eg har liggande rundt omkring.

Ha ein fin kveld!

laurdag, desember 05, 2009

...helg



Aller fyrst må eg takke for alle dei kjekke bursdagshelsingane eg har fått her inne!! Utruleg kjekt!! Eg må seie eg er imponert over alle dei utruleg søte,fine,kjekke og smigrande kommentarane de legg att hjå meg!! Eg føler ikkje eg fortjenar dei....(så fekk eg nett seie det òg..hihi...)

De synes kanskje det er litt tidleg å ynskje; god jul, men det synes ikkje eg. Når det gjeld jul, er det berre å stå på, aldri vente med noko ein skal gjere seinare...for den tida den strekk berre ikkje til! Eit lite førjulstips frå meg er å gjere det du har tenkt; MED EIN GONG!...kan seie at eg snakkar av erfaring, hihi.


Bokstavane har eg klipt ut av litt stivare kartong, limt på ein gamal tapet, og hengt den opp med ein streng. Dette er ikkje noko eg har funne på sjølv, men storasyto mi gav meg ei slik god-jul på streng i fjor til bursdagen min. Og i år så hermar eg....(sånn er eg..)

Viser eit glimt av den vesle data-kroken eg har laga i stova. Den er god å ha når ein vil oppdatere seg på det eine eller andre, men aller mest til handling av julepakker! I år som i fjor kjem mykje i posten hjå oss...

Ynskje alle kjekke damer (og kanskje ein og annan mannn??) ei herleg helg!!

Me skal på fest i helga; Rakafiskfest....nammm....ein skikkeleg førjulstradisjon her i bygda.


onsdag, desember 02, 2009

Min dag!


Ja, i dag er det min dag! Me har kosa oss, ete kaka, gått på tur i dagsljos og hatt besøk av litt familie. Ein kjekk og avslappande dag! Bileta er ei lita "putpurri" over hendigar i næraste fortid...hihi. Slik er det når ein ikkje rekk å blogge kvar dag...


Her ser det den enkle adventskalenderen vår i år. Sidan me har to heimebuande born så heng dei på same greine...og akkurat høgt nok til at vetlemor ikkje på noko vis klarar å klatre opp og ta ned nokre ekstra pakker (dette er nøye gjennomtenkt altso...).


Denne fine heklastjerne kjøpte eg for 19,- kr på Fretex sist eg var heimom. Synes den var litt søt, og no heng den over den heimelaga krybba. Den får ein ny figur kvar dag frå kalenderen til vetledokkemor...eg skal ta nokre bilete når stallen er fullsett.



Ynskje dekan alle ein strålande kveld! Eg skal kose meg med ein skvett vin i glaset før leggetid, berre sånn for å feire meg sjølv...hihi...
Eitt år eldre og eitt år klokare!

søndag, november 29, 2009

Tuusen takk!

Dette varma skikkeleg! Sjekk ut den knallfine bloggen Erteblomsten!


Desse er berre til deg!!

Klem