laurdag, juni 27, 2009

Laurdagskveld...



Eg kjem nok aldri til å gå lei av å plukke blomar i grøftekanten...iallefall ikkje når dei er så nydelege som desse....
Ynskjer alle ein koseleg og varm laurdagskveld!

fredag, juni 26, 2009

Utekjøkken...

Måtte nett vise den vesle kjøkkenkroken til trulto vår. Ho storkosar seg der ute dagen lang! Til bursdagen fekk ho ein kjempefin komfyr, og det er jo synd å ha den inne når det er mest ute me er om sommaren....

Eg fant eit lite bord eg hadde til overs, ei plastmatte eg ein gong kjøpte på Indiska, og saman med ein stoffrest stifta på veggen, vart det ein riktig koseleg kjøkkenkrok i garasjen vår.
Garasjen vår er ikkje til bilen, men fungerar som eit uthus i direkte kontakt med resten av hagen og plenen... Her kan me sutle med vatn, og basse med skit og søle i pannane. Me kan lage skikkeleg gode sølekaker, og det beste av alt er å bruke kluten og tørke oppatt alt saman etterpå... (det synes iallefall trultemor...hihi)

Bileta er ikkje bloggifisert av mor...men av sjefen i kjøkkenkroken altså, HAHA...

Og i denne varmen trengs det visst vatn på dei stakkar blomane til mor...godt er det at trulto fekk vatningskanne og forklede til bursdagen òg...den er flittig i bruk til vatning dagen lang...
(Må berre nevne at desse bileta er teke i byrjinga av juni, då det slett ikkje var så veldig varmt...måtte berre forklare bekledninga til truto...hahaha, så ingen trur at eg er heilt galen...)

Då håpar eg all får ei skikkeleg varm og flott helg!! Her er det supert å vera for tida, sola steiker og det er framleis ypperleg klesturkevêr!!
Kjem snart att!



måndag, juni 22, 2009

Sommar!





Det aller beste med sommaren er at me kan hauste inn så uttømmelege mengder med pynt! Her er årets fyrste hageroser komen i vase, og på ein liten rusletur fant eg dei nydelege prestekragane... Sommaren er berre råflott og raus...
Håpar alle har hatt ei fin helg, me har kava på med dugnaden vår. Og hybelguten har endeleg kome heim til mor og far...saman med eit digert lass av arbeid for vaskemaskina...sukk... Men jammen så kom sola med guten og difor har me eit strålande vaske-og-tørkevêr. Kryssar fingrane for at det held seg ei god stund til....
Ha ei flott veke!

fredag, juni 19, 2009

Eit nydeleg lite teppe...

Dette har eg gledd meg til å blogge om lenge...synes det var så utruleg fint! Eit lite lappeteppe til trultemor, ei gåve frå ei snill (og ikkje minst flink!) tante! Tusen takk igjen...



Fargane er som teke rett ut frå ønska mine, og at ho har laga det sjølv synes eg er kjekkast av alt. Teppe er flittig i bruk av trultemor sjølv, ho ligg og kosar på det og breier det over dokkene sine...Og smart at teppe kan nyttast på begge sider, lika fint!
Og (om me ser vekk frå den visna blomen rett i bakgrunnen) så kom dette kortet med pakka...sjølvsagt ikkje tilfeldig at fargane var sååå fine, og passa perfekt til innhaldet i pakka...
Her har me nett hatt avslutningar i fleng...barnehage, skule, jobb osv...NO er det ferie og me skal berre nyta dagane litt før alle mine prosjekt kjem i sving...
Neidå eg har ikkje gløymt dugnaden i helga, me er allereide i gang...Me håpar helga blir vellukka for arrangørane og at alle møter på dugnadsvaktene sine. God helg til alle der ute!!
PS For dei som lurte kvar dukkeserviset frå forrige innlegg var kjøpt, så kjem det frå ein heilt vanleg Brio-butikk. Lett å få tak i med andre ord...



onsdag, juni 17, 2009

Ein kaffikopp i graset...



Eg synes dei var så skjønne desse små koppane. Dei var ei av gåvene til 2-åringen vår på bursdagen. Det er så kjekt å ha eit koppestell ute som ikkje kan knuse...Og det gjer jo ingenting at det samstundes er litt fint!
Med dette kan ho bære rundt på sjølv og servere mor og far "taffi" i heile sommar...
Me går ei hektisk helg i møte her i bygda. Alle mann i arbeid/på dugnad, og ein heil gjeng med småtroll og foreldre og søsken kjem på fotballcup! Folketalet kan på fredag gongast med 3 (!), minst...Og eg må ta helgehandelen på torsdag trur eg...haha.
Ha ein fin onsdag...!

måndag, juni 15, 2009

Ein "uinvitert" gjest...

Ein uventa gjest kan ein kanskje seie? Men ein gjest er det like fullt...Når eldstejenta bokstavleg talt kjem bærande (med litt hjelp frå besto) på eit orgel. Og ikkje er det lite heller....





Til og med eigen krakk føl med... Men kva gjer ei stakkar pedagogisk mor når det brått i stova står ein uventa gjest?? Jodå ho lar han bli...for eldstejenta har lova på tru og æra at ho skal læra å spela julesongar til mor...(til jul..haha)
Men den viktigaste motivasjonen var nok at eldstejenta hadde byrja å gå til pianotimar...(men er det det same som orgeltimar??).
Me får sjå kor lenge gjesten får bli, eg byrjar faktisk å like han....
Ha ein super tysdag!

fredag, juni 12, 2009


Er det ikkje fantastisk!? At dei faktisk sel slike blomar på samvirkelaget...Jodå visst kan ein vera heldig her langt ute på bygda òg...


Synes det var kjekt at helga byrja så bra! Men eg er lei for at eg ikkje held det eg lovar...skulle vise fine bilete av gåver vetlatrulto fekk til 2-årsdagen sin...men det får kome i neste innlegg...Eg har rett og slett ikkje hatt tid. Synd at ein alltid skal ha det så travelt...
Men grunnen til travelheita er vel helst at storesyster har vore vekkreist på arbeidsveke (arbeider på sjukeheim saman med bestemor), mannen i huset arbeidar laaange dagar og rekk kun seie "god natt..." og "hade..." om dagen. Så me gler oss til laaang sommarferie her hjå oss no snart!

Måtte nett vise ein av stoffbetane eg kjøpte på auksjonen...synes det var fint eg. Likar at det liksom er litt "stygg-fint". Glir fint inn saman med alt det lyse...


Berre synd eg ikkje tek meg betre tid til å pynte litt før eg fotograferar...men men..slik er det...



Eg benyttar sjansen til å seie tuuusen takk for alle superkjekke kommentarar i det siste!! Utruleg kjekt (og skummelt...) at nokon gidd å besøke meg her inne!! Eg tek meg ein bloggrunde i helga tenker eg...
Gler meg til morgondagen... då blir det Vossatur og besøk hjå bestemor/mammo..
Ha ei kjempefin helg!

tysdag, juni 09, 2009

2-årsdag...

Rullekake med bringebærkrem som bursdagskake..nammm

Men festen er over og toåringen var storfornøgd med alt. Sidan me hadde selskapet på søndag så måtte ho få alle pakkene då òg... Og dagen starta sjølvsagt med pakkeopning. Kjolen ho har på er strikka av besto og kom i fyrste pakka me opna. Då vrengde ho av seg det ho hadde på og ville ta kjolen i bruk med ein gong...forståeleg nok! (Sjå labbar og bukse under...haha)

Må forresten helse over fjellet og takke for flott presang! Og ikkje minst all hjelp med å få "rette" fargen på pakkene hihi... Me hadde hagefest i år òg.
Familien møtte trufast opp for å feire dagen saman med oss, kjekt! Heldigvis har me ei hagehytte der me kan ha all mat innandørs, det er jo fint både om det er for mykje sol eller om det skulle koma regn.



Alt eg hadde av plast-utstyr måtte tas i bruk i eit barne-kombinert-hageselskap...



Sjokoladekake, med hjerter frå Traktøren..



Men gjestene måtte sitja ute, og det skulle berre mangle...me hadde eit kjempefint vêr.


Til og med leikene fekk lufta seg litt. Medan mor laga til hageselskapet ute stod 2-åringen og kokkelerte i det provosoriske utekjøkkenet sitt. Ho fekk nemleg komfyr med pannar og diverse koppar til bursdagen...


No er kjøkkenet flytta til eit meir permanent sommarkjøkken i garasjen vår..(Det er vel strengt tatt ingen garasje, for bilen er ikkje der). Men på den måten kan ho få lov å sutle litt med både vatn og anna i kjøkkenet sitt. Og det har ho gjort i dag...


Ho fekk masse fint til bursdagen, og noko av det skal eg knipse til neste innlegg...No må eg jobbe litt att...

Kjem snart att..

laurdag, juni 06, 2009

Ein flott dag...

Fyrst i dag vil eg berre seie tuuusen takk til Fru Pink som er den som har æra av at bloggnamnet mitt kom i VG på fredag!! Eg fekk tak i eit eksemplar av avisa i dag, og jammen...der stod det noralill...Det må jo berre nytast. Det var nok mine 15 minuttar (eller var det 5?) av berømmelse det...! Og etter noko slikt så fortjener ein jo å slange seg litt i sola, eller..?

Akkurat det har eg gjort, for me har hatt, ein knallfin dag i dag! Slik såg det ut frå mitt perspektiv... liggande på graset med kaffikopp og solskinn, og det gjorde ikkje dagen verre at eg låg på den fine GreenGate soveposen til vetlatrultemor....


Eg hadde faktisk god utsikt til den nymåla garasjen vår... men den er ikkje heilt ferdig enno, så berre ein smugkikk i dag...
Men for all del, med eit lite småtroll i hus og ikkje minst to skikkeleg stooore troll så ligg ikkje mor så veeeldig lenge i graset om gongen...Før ho må hente, bringe, køyre eller lage noko.


Og som de ser så ligg det fine presangar å ventar på ei viss lita trulte i morgo. Ho har rett nok bursdag på mandag, men då vert det heller fering i barnehagen. I morgo vert det familieselskap i hagen (håpar vêret held seg....), med kake rosa is og rosa pakke...Det var ordre frå 2-åringen. Og mor måtte jo ordne med rosa pakka kan du veta... Og spør du kor gammal ho blir svarar ho konsekvent;" te årrr" (altså TRE år ikkje to...) Ikkje veit eg, men det må jo vera barnehagen som har forvirra ho slik..haha...
Resten av kvelden har eg baka kake og ordna litt rundt omkring...håpar eg kan ta nokre fine bilete i morgo...men no er det natti...
Tuuusen takk for alle kjekke kommentarar i det siste, forresten!!



måndag, juni 01, 2009

Viser endå eitt av kjøpa mine frå auksjonen på laurdag. Ei kjempefin mugge frå Stavanger Flint, naturleg krakelert etter årtiders dagleg bruk. Eg likte så godt fargane, blå og lilla...nydeleg...
Desse "beinrestane" (haha) følgte med på kjøpet...Men dei svarte lysestakane er fretex-kjøp til 15,- som eg har spraymala...vart ikkje så verst...Men som de såg i forrige innlegg har eg kjøpt ei lysegrønn korg, difor måtte skapet i stova malast...denne gongen i fargen "luft", som halve huset allereide er mala i...hihi...

Det er straks lettare å møblere når fargane ikkje er på møblane men på tekstilar som dukar og puter...jaja...eg har jo eit turkis bord under duken..(er faktisk litt lei av den fargen...den gjer dukar og puter litt vanskelegare...) Me får sjå kva eg gjer...kanskje eg må svinge malarkosten snart igjen...


Me er forresten halvferdige med malinga av garasjen, så bilete må vel kome på plass i neste innlegg kanskje...håpar det blir bra...siste bilete er frå nokre nydelege tusenfryd eg fekk hjå mammo mi (og, ja, dei er sjølvsagt planta i hagen, mamma)....
Ha ei fin veke!