søndag, februar 28, 2010

Heime att...

Neidå, me har ikkje emigrert til varmara strøk for godt! Me er kome velberga heimatt. Det tek berre litt tid å omforme eit "ungkarsrede" til ein vanleg heim igjen..hihi..Ikkje det at min mann ikkje er flink til å rydde og ordne altså, det gjer han i massevis. Det er berre det at han innimellom blir litt ivrig, og då hender det at det blir litt kaos, blant anna med klær som havnar i heilt feil skap, det hender han ryddar vekk sko og jakker som er i dagleg bruk...(men det blir jo ryddig då...hihi)

Me kom iallfall heim til nymåla gang! Jippi! Eg måla ferdig gangen nede rett før jul, og no er den ferdig måla heilt opp...det tek si tid, men alt er jo lettare når små fingrar ikkje har sjanse til å vera borti. Bilete av det har eg ikkje teke enno, den var jo igrunnen kvit og er måla kvit att..så det viser kanskje ikkje så godt for dei som ikkje bur her til dagleg, men for meg gjer det underverk!


I dag har er baka skillingsbollar etter ynskje frå guten vår som er heime på vinterferie. Han byrjar på ferie når me sluttar...slik er det med vidaregåande...Men til alt hell så er jo me heime når han er heime no då.

Jenteferien vår i varmen gjekk forresten over all forventing! Utruleg nok vart det avslapping sjølv for mor... sidan eldstejenta er 16 år, så var me strengt tatt to som kunne passe vetle dokkemor, og ikkje minst byte på å bade med ho...

Dei fyrste dagane var ho forresten vel fornøgd med å sitje og spa i sanden, sjøen "bråka så masse"...
På bilete ser det ut som ei flodbølge er iferd med å ta ho med seg, men det ser berre slik ut...
både eg og eldstejenta var rett ved heile tida...(berre sånn i tilfelle de lurte...)

Og her er jentene mine...

Men denne veka skal eg stelle godt med gutane mine òg...

Ha ei fin veke!

onsdag, februar 17, 2010

Eit funn!

Det heile starta med at eldstejenta skulle feire bursdag på ein nedlagt skule her i nærleiken. Eg hjalp sjølvsagt litt til, og heilt tilfeldig såg eg denne søte vetle saken her! Utruleg fin pult med stol! For å gjere ei lang historie kort, så havna den altså tilslutt i sova mi (heilt lovleg, sjølvsagt)!! Jippi! Eg har ikkje sett denne typen pultar før, berre den versjonen i tre som nok er gamlare enn denne her...

No gjenstår litt vasking så kan dokkemor få den på rommet sitt. Den fungarar utmerket som "leksepult" til ei to år gammal jente som berre lengtar seg sjuk etter å begynne på skulen...(litt tidleg? Ja,eg veit...)


Eit fint rom under skrivepulten til oppbevaring av fargebøker...

Til og med eit stativ på sida til å setje veska si! Utruleg kor praktisk alt var før...


Så må eg nett vise morsdagspresangen frå eldstejenta...på ei heller vinterbleik (rosa?) mamma...hihi

Men vinterbleikheita skal snart få testa seg ut med (forhåpentligvis) litt sol!! Det var det eg gru-gleda meg til i forrige innlegg... Eg reiser nemleg åleine med jentene våre til varmare strøk i vinterferien! Eg er slett ikkje så bereist frå før, difor kjenner eg meg litt på utrygg grunn her, men eg satsar på at det går bra...

Flyet går i morgon, så det blir eit bittelite opphald på bloggen...om eg ikkje bloggar litt frå mobilen då..

Ha det godt alle saman!
Eg håpar me kjem utkvilte heimatt om ei veke!

søndag, februar 14, 2010

Fastelavn og alt det andre...

Litt fastelavnsris frå i fjor gjer seg lika fint på bilete i år..hihi. Me har dessverre ingen ris i år.

Og sidan det både er morsdag og valentinsdag (og faktisk ein bursdag her hjå ein grand onkel...) så vart det lika godt ein nesten vanleg sundag hjå oss. Men me rakk å både lage og ete bollar med krem, nam nam. Og heilt vanleg er det jo ikkje at eg får pakke av eldstejenta...eit heimelaga fletta armband med "mamma" på..nydeleg! Synd eg ikkje rakk å fotografere det i dag... det kom i ei nydeleg heimelaga øskje med hjarta på. Ja kva meir kan ei mor ynskje seg?? Tusen takk vennen min!



 Ja, bortsett frå ein bitteliten skitur innimellom då..hihi
Og det var eg på laurdag, og det var heilt fantastisk! Både eg og storasysto mi koste oss veldig.

Det er rart å vera i dei same bakkane som ein sklei på ski kvar einaste vinter i "gamle dagar"...alt er likt men ulikt likevel, naturen for eksempel er jo mykje meir fantastisk enn eg hugsa den var...haha.

Det kan jo hende at eg er blitt litt eldre og det å sitje i heisen og sjå utsikta faktisk er nesten lika kjekt som å skli...men berre nesten...



Vinterbileta er dessverre frå ein anna vinter..og frå meir heimlege trakter heromkring.
Men neste gong DÅ skal eg hugse å ta med fotoapparatet!

Ha ei fin fin veke folkens!
Eg både gledar og gruar meg til veka som kjem...
Men det kjem eg tilbake til..hihi

Stoor klem!

fredag, februar 12, 2010

Grønt er skjønt...


Det er mykje snakk om fargar her i bloggverda... Det er vel fastslått at blått er årets eller vårens interiørfarge, eller?? Og blått er veldig fint altså, heilt einig i det...men for tida er det grønt eg er oppteken av her hjå meg, kan hende eg er litt treg...men grønt er jo skjønt!


Stoffet som no er duk kjøpte eg i eit dødsbu, nydelege grønfargar... Lampeskjermen er ein lett gjennkjenneleg del av mitt interiør for tida, og den søte vesle vasen er frå House doctor (huskar ikkje kvar eg kjøpte den...). Eg har grøne puter bak i "kosekroken min"... Mykje grønt om dagen, med andre ord...

Det lyse teppet som tidlegare var på divanen er erstatta av eit mørk grått frå Kid, kjøpt til halv pris etter jul...


Av mangel på store interiørsprell, var dette vekas god helg til dykk frå meg!! Eg set utruleg stor pris på kvar og ein av alle de som trufast les og kommenterar hjå meg! Tuusen takk! Eg er alltid innom bloggane til alle som besøker meg... men eg rekk ikkje alltid å kommentera tilbake..dessverre...

Eg gler meg til dagane vert litt lenger...
Ha ei super duper helg alleihop! Eg skal på årets fyrste telemarkski tur i morgon, og håpar at ikkje storasysto mi har trekt seg...hihi..skal bli knall-kjekt!

laurdag, februar 06, 2010

Ein fin laurdag

Helga starta hektisk hjå oss, eg sprang frå jobb og hoppa i bilen for å nå den einaste ferja som gjekk fredagskvelden...(store vanskar og motorstopp hjå ferjene våre). Men kva gjer ikkje ei mor for guten sin...Det var premiere på russerevyen og guten vår var sjølvsagt innvolvert!

Eg hadde ein super-duper kjekk kveld med mykje latter! (sjølv om eg som mor nesten sit å gret litt innimellom...uff) Så då opningssongen kom med futt og klem sat eg og kjempa stort med gråten...typisk..

Ja,ja alt gjekk fint og då eg kom på ferjekaien att hadde ikkje ferja klart å gå sidan eg tok den...så klokka vart over midnatt før alt ordna seg og eg kom meg heim. Der hadde pappen vakt i 16-årsbursdagen til eldstejenta, samstundes som han passa dokkemor (som heldigvis låg og sov)...livet er hektisk!

Men i dag har me hatt ein roleg dag. Me gått ein laang tur med dokkevogn, skridd på rumpebrett i hagen og laga både snømann og snølykt. Kosa oss ute leenge, og tenk at det var plussgrader i massevis! Herleg...
Bileta i dag er bittelitt frå kjøkkenet vårt. Eigentleg eit rom der mykje er feil og med mykje eg kunne tenke meg å ordne på. Sikkert difor det ikkje kjem bilete der i frå så ofte...


Ein bitteliten micro under disken (er arv frå mi bestemor..hihi skulle tru den var antikk..), den er akkurat passe liten, sidan eg ikkje likar microbølgeovnar i det heile. Skapa under disken er heimesnikra av min kjære mann..dei ligg på gardinskinner..hihi...Og der skjuler me blant anna tomflasker. Korga er "brødskuffa" mi, ettersom me berre har to skuffer på kjøkkenet, der den eine er til bestikk og den andre til sleiver.

Det var dagens litt flaue visning.. den fine vekta i glaskarmen er forresten frå Nordhjem.

Og dette var faktisk heile kjøkkenet mitt! Det er berre 6-7 kvadratmeter.

Men no ligg det endeleg teikningar klare for eit tilbygg på denne sida av huset. Slik at me får fire meter ekstra på kjøkkenet, det gler eg meg til!

Ha ein fin laurdagskveld!


tysdag, februar 02, 2010

Hekla-golvteppe og baking


Det får jo vera grenser for kor lenge det kan vera; Endeleg helg på bloggen min...(eg tenkjer på førre innlegg...)

No er me godt uti veka allereide, og kunne eg kjøpt meg nokre minutt ekstra kvar dag, hadde eg nok gjort det...
Bollane i dagens innlegg er forlengst oppetne. Skuleveninna mi og eg kosa oss heile laurdagen og gløymte heilt både tid og stad. Barndomsvenner er liksom dei ekte vennene som sit att langt inne i ryggmargen...som hugsar ting du for lengst har gløymt. Kan ikkje seie anna enn at me fekk og nokre gode latterkuler etterkvart som minna strøyma på...

I tilfelle de lurar på oppskrifter så er kveitebollane regal sin ferdigpakke...og rundstykka er mine eigne heimasnikra, med litt av alt som er godt oppi...hihi (brukar ikkje oppskrift..).

Hekleteppe mitt er ferdig, og fått plass på dokkemor sitt rom. Her er det avbilda i stova...eg har lurt litt på om er skulle hekle ein fin kant rundt heile? Trur nok eg kjem til å gjere det etterkvart...



Det vart nok ikkje fullt så stort som eg hadde håpa på, ca ein meter i diameter. Men eg orka rett og slett ikkje hekle på det lenger...er litt utolmodig etter å ta det i bruk...haha..

Synes fargane vart ok, men det vart litt vêl synleg der omgangen ikkje stemte med fargen...litt ujamn her og der. Men pytt, me skal jo berre tråkke på det...

I morgon skal eg og dokkemor bake kake til storesyster, ho fyller heile 16 år (!!gulp) i morgon.
Me håpar ho får ein super dag!