søndag, mai 30, 2010

Sol ute, sol inne...





Hagen vår er eit lite villniss...det er meir løvetann enn hageblomar akkurat no. Men det er jo blomar det òg..

Sjølv om me tok ei økt i hagen etter at dette bilete var teke, ser det faktisk ikkje så mykje betre ut..hihi. Men no kjennes det at det nærmar seg sommar! Sjølv om det er knallfint å sitte på uteplassen under tak og høyre regnet tromme...er det aller best når me kan sitje der UTAN å fryse! Og i dag skein sola frå nesten blå himmel her hjå oss...


Men me ventar storfint besøk på onsdag...hihi (skal fortelje meir om det seinare), men difor har eg og mannen i huset ein del prosjekt som berre MÅ fiksast, sjølv om sola skin...(fremst på bilete eit stakkars forsøk på frø-planting...). Me har svinga målarkosten i dag òg, rydda og ordna litt før me fekk ut og nyte dagen!


Kirsebærblomen er snart på hell...og no er det epleblomen som står for tur. Nyydeleg...

Håpar du fekk ein fin sundag du òg!
Klem

onsdag, mai 26, 2010

Ikkje i mangel på inspirasjon...




Då gjekk det jammen meg ei stund likevel! Men men eg veit ikkje med deg, men eg kjenner at våren har teke fatt i meg og fått meg til å kaste meg rundt med både målarkost, vaskebøtte og plenklyppar...Helst alt på ei gong, sjølvsagt, haha. 

Men GODT er det iallefall når alt er gjort! Phu!

Men framleis er det litt tidleg å vise nokre av "prosjekta", difor er det nok eit bruktfunn eg viser fram...
Fant denne krakken på ein bruktbutikk på Voss, fekk pruta den godt ned i pris og då tok eg den med meg. Synes fargen var så fin slik den var, sjølv om den ikkje kjem godt fram på bilete...

Foreløpig står den i gangen, kjekk å kvile rumpa nedpå når me kler på dokkemor...hihi



Nedste bilete er frå ommøbleringa i stova...

Håpar verkeleg eg klarar å vise fram noko meir spennande snart...
Ha ein fin kveld!






søndag, mai 16, 2010

Mitt bidrag til 17.mai






Det vart reine 17.mai-stemninga i stova då eg drog inn dette bruktfunnet i går... rødt-kvitt og blått..hihi
Det var vel ikkje heilt planlagt, men eg kom over denne lampen på Fretex i går til kr 79,-. Då tenkte eg med ein gong på den nye "kosekroken" min som burde hatt ein lampe...tenkte eigentleg at ein knall blå lampe gjer litt mykje utav seg, men enn så lenge passa den perfekt. Veldig enkelt å spraymale den om eg skulle bli lei...

No spenner eg beina på stolen og lener meg tilbake med avisa frå i går...mmmm



Men kosen varer ikkje så altfor lenge, for eg har 4 bunadskjorter som skal strykast + 3 forklede. Og enno har eg ikkje prøvd bunaden på verken meg eller eldstejenta..håpar berre me er som i fjor...

Kakene på dei nedeste bileta kjøpte eg for morro skuld i England, synes dei var utruleg søte, og ville vise dei til dokkemor...og ho var storfornøgd og gomla i seg mesteparten...nett nokre smular att til meg og kaffien.

Så vil eg berre takke så utruleg mykje for alle dei knallkjekke kommentarane eg har fått i det siste!! Utruleg inspirerande når alle er så snille!! Eg er på besøk tilbake til kvar einaste ein!

Ynskjer alle ein flott nasjonaldag, og om sola ikkje skin på meg, håpar eg den skin på deg!!
Stor klem til alle!

torsdag, mai 13, 2010

Litt ommøblering igjen...




Det er supergodt å vera heime att og i tillegg ha fri!! No er det skikkeleg langhelg for oss, og det betyr at eg har ekstra tid til å stulle og stelle i hus og heim, noko eg kosar meg skikkeleg med.

Sjølvsagt vart det ommøblering straks etter frokost..eg bar til og med ut ein sofa. Sidan me hadde to like, har eg alltid synes det var ein for mykje i stova...phu, no er den sett på pause ute i hagehytta (sofaen altså hihi).

Dei fine leirkrukkene ovafor kjøpte eg i Whitby for eit pund pr stk. Synes dei hadde utruleg fin farge..og ypperlege til å ha ein liten blom frå hagen i. Selgar sa at dei var 100 år (!) gamle...ikkje veit eg, men eg såg fleire slike på musea me var på...


Flytta dokkemor sin komfyr nærare kjøkkenet, og alt ho treng til koking heng i korga over...enkelt og greit.
(beklagar rotet på disken, blomar som naturleg nok har lidd nød etter ei veke med far...står no til redning ved vasken...haha)

Håpar det er helg for deg òg!

No skal eg på trim-tur opp dei bratte bakkane rundt her...

Ha ein fin dag, uansett!


onsdag, mai 12, 2010

I`m back!




Det vart jammen eit laaaangt opphald her på bloggen!! Igrunnen var det IKKJE meininga, men tida har berre ikkje strekt til! Eg har vore ei veke i vakre nydelege England...hmmm...og lengtar litt tilbake allereie...

Eg har faktisk vore på skuletur, denne gongen som foreldre saman med eldstejenta og klassen hennar. Det viste seg å verta ein super tur, med kjekke ungdommar og veldig kjekt opplegg. Me hadde buss og reiste rundt, vart guida overalt og fekk utruleg mange kjekke kulturelle opplevingar!


Men no er det tilbake til jobb og hus og heim. Knall-kjekt å kome heim til vetle dokkemor då! Og sjølvsagt fekk ho litt forskjellig frå kofferten til både mor og syster...men ho hadde kosa seg sånn med pappen, at nattestid skrik ho berre på pappa! Eg får ikkje røre ho...me får håpe det går fort over!

Sidan eg ikkje har gjort så mange sprell på interiørfronten den siste veka, kan eg nett vise at eg sydde ei pute til ute-benken før eg reiste..vart kanskje litt "forvirrande" med dei stripene?? Me får sjå kvar den endar til slutt. Stoffet er kjøpt på Stoff og Stil i Åsane.


Eg kunne ikkje dy meg...MÅTTE berre vise eit bitte lite glimt av Scarbrough...


No gjenstår det berre å få huset tilbake "i orden", det er rart det, korleis det ser ut når ein mann får lov å bestemme ALT i ei heil veke...hihi...

Snakkast snart...

PS bileta fyrst i innlegget er frå arkivet...noko å lengta etter...snart er det sommar!