søndag, mars 29, 2009

Nytt teppe...


For ei stund sidan bestillte eg masse kjekke stoff frå Stoff og stil.no. No endeleg har eg brukt noko av det til det eg hadde tenkt (ting tar tid...).

Eg vart så sjarmert av dette nydelege fleece-stoffet med rosa prikkar, tanken var at det skulle passe perfekt til eit herleg sengeteppe til minstejenta.... Og meininga var at eg skulle sy slik ein fin kant rundt heile teppet (slik det var avbilda i katalogen...), men neida, det vart altfor vanskeleg for ei som ikkje har tolmodigheit til å være nøyaktig....
Så kom eg på ein super idè, synes eg sjølv iallefall, det var å berre sy på ei bakside på heile teppe slik det var! Genialt! Og superenkelt, trudde eg...
Det viste seg å bli eindel stress bak symaskina...og litt oppkava stemning på hobby/kontor-rommet...Men når alt kom til alt, og eg vrengde teppet slik at alle mine skeive saumar ikkje viste, så vart det ikkje så aller verst, synes eg då...Eg sydde like godt på ein merkelapp òg. Den kjem frå same butikken som stoffet...
Dette blir nok eit sommarteppe! Ute på plenen, i vogna eller på stranda...lett å vaske (håpar eg) og lyst og lett...
Og det var den helga...Utan dei store sprella...men med mykje sol og varme!
Ha ei fin veke som kjem!

10 kommentarer:

Jannicke sa...

Kjempefint teppe..

Likte godt fargekombinasjon,
og det prikkete fleecestoffet var nydelig :o) J.

mi-rachel sa...

knallfint.

Anonym sa...

Så lurt og kjempefint til sommerteppe.
Kommer til å bli godt på sene, kjørlige sommerkvelder :)
Ha en fin søndagskveld.

Therese sa...

Jeg synes det så fint ut jeg. Sommerlig og flott :)

Håper du får en fin start på en ny uke.

mette sa...

sånn et innbydende teppe! deilie farger... og fin stoff kombinasjon!

Brit. (lille meg) sa...

Så flink du er! Jeg er ikke venn med symaskina. Joda, jeg har en, men den er sjelden i bruk. Da vi hadde gården, brukte jeg den til å reparere litt klær. Det hendte jeg sydde i glidelås også. Men nå har den ikke vært i bruk på flere år, faktisk.......
Ha ei flott uke!:)

Den gode feen sa...

Knallfint teppe, det enkle er ofte det beste :) ha ei fin komande veke!

Rosa sa...

Det teppet var herleg sommarlegt! Eg har òg hatt syplanar, men foreløpig ligg stoffet frå den før nevnte butikken i posen sin på loftet. Syns du har vore flink, eg :)

Det er ikkje mykje påskepynt å snakke om her i huset heller (tidleg enno, men det blir nok ikkje dei store mengdene om ei veke heller), men påskeliljer har eg! På butikken vår var dei passande nok på tilbod sist veke, og då måtte eg berre slå til :)

Såg forresten VELDIG kjent ut med "apekattar" på veg opp på kjøkkendisken, eller kvar som helst ellers der det går an å få tak i noko......

god veke i vente!

Hemmafruns hörna sa...

Jättefin filt! Det prickiga tyget är verkligen tufft. Jag blir också glad när jag hör andra med samma sy-temperament. Här går det också undan, och blir ofta fel och krokigt - men ibland lyckas man och dåå är det TOPPEN!

SynnePynne sa...

Oj, flott teppe, no blei eg inspirert, er skikkelig i symodus for tida. Når man ikke er så utrolig nøye på om sømmene er litt skeive, så går det jo så fort å sy seg noe nytt. Så praktisk og ikkje minst kjekt å lage sjølv i stedet for å kjøpe alt, da får man jo noko ingen andre har og i tillegg.

snakkast til veko!