tysdag, november 30, 2010

1.advent og snart pakketid...

Litt fornying her hjå oss for tida. Det eine tek liksom med seg det andre...me synes me treng opprusting både her og der. Nytt sofatrekk vart det no i helga! Jippi! Eg har venta på dette leeenge...heilt sidan eg såg at IKEA hadde laga grå trekk til Ektorp...No har me bytt trekk og eg synes det vart veldig bra.

Julekrybba frå i fjor er teke fram att, til stor glede for dokkemor som stadig er bort og leikar med figurane. Difor har eg i år laga det litt barnevennleg, med lite som kan velte eller bli øydelagt...


 Det kvite skapet i stova har fått ein omgang med målarkosten og blitt lys grått. Det passe jo perfekt, hihi...
Det kan jo hende at eg er inne i ein litt grå periode...

Adventstaken var til litt i hurten og sturten på sundagsmorgonen, rett og slett fordi eg hadde gløymt heile adventen...(ja det er mogeleg...haha).

Litt av grunnen til at eg har vore litt distrè er rett og slett at me driv og skrur saman kjøkkenet vårt(!).
Juhu, me har kjøpt nytt kjøkken! Og då kan du tenke deg korleis det ser ut DER ute...
Ikkje noko å vise fram enno iallefall...Det gamle kjøkkenet er skrudd ned og teke ut, og alt som var inni står rundtomkring...

Ei mager trøyst er at det berre er eit midlertidig rot.
Gleda må vera at alt sikkert vert klart til jul!

Me gler oss!
Men no må eg pakke pakkar...24 små gleder skal pakkast og hengast opp.
Velkomen desember...(eg er nesten klar...hihi)

6 kommentarer:

Agathes små ting... sa...

Kjempefint i grått stoff. Har helt dilla på grått for tia og så kan man blande mange fine detaljer sammen med den fargen.
Blir spennende med nytt kjøkken, gleder meg til å se.
Adventsklæm

Ellen-Marie sa...

Er så utrolig fin den stjernen du har laget - digger den!
Klem E

IJ sa...

Så koselege adventsdetaljar! - her i huset blir det òg litt improvisering... No er det adventskalender som ikkje er heilt i boks... Trur rett og slett eg skal bruke julestrømpene til ungane, og putte ein liten ting oppi kvar dag. Det er jo lite stress, og miljøvenleg til og med..

Ha ein fin kveld!
Klem

Rosa sa...

Så kjekt å skru kjøkken! Iallefal når ein er ferdig :) Og bilder må det vera, om berre for eige bruk, til seinare mimring om kor mykje jobb det var, og kor kjekt det vart til slutt ;)

Lukke til med kalendargåvene, det står slikt arbeid på tapeten her òg.

minimum sa...

jeg har vært i et grått hjørne hele livet jeg... FIN grå farge - og uber kuult med brune advent lys!!!

manuela sa...

Så fin blog du har, liker stilen din, rent og enkelt;)
velkommen til meg, har også give-away i disse dager! :D
manuela