onsdag, september 14, 2011

Ein liten dekkoperasjon...

Då har eg slengt meg på "moten" med å tape opp bilete på veggen.

Men når me bur sånn litt avsides til,
får ein ikkje alltid tak i rette utstyret...
Eg måtte bruke vanleg blank tape...
hihi
men det går jo det òg...

Grunnen til at noko MÅ vera på veggen her,
er den GRUSOMME kontakten som faktisk er MIDT på veggen!
Tru det eller ei,
men slik kan det gå,
sjølv om me har bestemt alt sjølv...
Difor må me til med ein dekkoperasjon.

(kan jo seie at det finnes NOKO me angrar på etter bygginga vår...haha)



Sidan vår familien er spreidd for "alle vindar" sånn innimellom,
kan det vera greit å sjå dei slik på veggen.

(om me prøver å ikkje sjå på stikkontakten...)

Når me sit ved middagsbordet kan me sjå på storebror og storasysto,
snakke om dei,
tenkje på dei...

Vetla dokkemor synes det er heilt TOPP!
Me skal nok utvide bildeveggen litt til,
det finnes nokre søskenbarn,
besteforeldre og andre søte små bekjente,
 som skal opp på veggen vår etterkvart...

Berre sånn at me ikkje gløymer å hugse dei...

Så måtte eg berre ta med den fiiine teikninga dokkemor teikna i dag,
med mammo som til og med har fått brillene sine på!
Knallsøt!

12 kommentarer:

KROnPRINSESSENE sa...

Ble jo helt topp og jeg så ikke stikkontakten med det første
jeg hi, hi.
Herlige barnestreker... Og ser hun har skjønt at vi mennesker har
navle ;)
Har du heftplaster i hus er det også genialt å bruke til oppheng...
Klem May Helen

loppelilla sa...

..og så du kan jo bruke maskeringstape:) ..bildeveggen vart kjempefin, og teikningane til S var skjønne:)) ...og den kontakten ser du nok aller best sjølv...Takk for praten i kveld..God klem:))

Rosa sa...

Så kjekt med ein slik bildevegg! Eg har planar om bildevegg i trappeoppgangen som me trakkar i kvar einaste dag, men fyrst må den nok få litt tapet. Eller maling. eller begge deler. M.a.o., det vert ei stund til bildeveggen er på plass ;)

har vore så lenge ute av blogginga, og dermed masse innlegg hjå deg som eg ikkje har sett. No var det kjekt å samle opp litt, og sjå alle dei lekre bileta frå deg. Det ser så luftigt ut - det kjenner eg manglar hjå meg.

ha god veke vidare!

Inger Johanne sa...

Kjempefin bildevegg blei det! Jammen merkeleg med slike kontaktar du, midt i "lause lufta"... Me har òg ein, 20 cm over kjøkkenbenken. Kor fint er det liksom. Jaja. Neinei.

Men du - det gjer ingenting å bu der du bur, så lenge ein har Etsy! Gå inn på supplies og søk på washi tape, så har du det... Billig òg. Eg søker mykje på vintage, der er SÅ mykje fint!

Jaja, ikkje det at du TRENG washi tape, du klarar deg fint med andre ting. Berre eit tips sånn i tilfelle du lurte..;-)

Fin dag til deg!

KRUSEDULL sa...

Fin bildevegg!!

takhøyde sa...

HEY - kjempefin bildevegg - og så lurt dag når du har noe å skjule!!
Klart det går fint an med vanlig tape - kunne fort blitt litt mye tape også hvis den var for dominerende. Men jeg må jo innrømme at jeg bestilte litt kul tape på ETSY her en dag... så får vi se!
Heidi :)

takhøyde sa...

HEY - kjempefin bildevegg - og så lurt dag når du har noe å skjule!!
Klart det går fint an med vanlig tape - kunne fort blitt litt mye tape også hvis den var for dominerende. Men jeg må jo innrømme at jeg bestilte litt kul tape på ETSY her en dag... så får vi se!
Heidi :)

Ellen-Marie sa...

N Y D E L I G !!

Haust sa...

Det vart utruleg fint!!! Diggar heile spisekroken din!

Nyt helga! :)

Susanne sa...

Ja, er det ikkje rart... SJØLV om ein bestemmer alt HEILT sjølv, er det som regel noko som skurrar!

Men med bilete og teip vart jo stikkontakten hjå deg ein godt planlagt, KUNSTFERDIG effekt! Artig!

Susanne

farmorhuset sa...

det virket! jeg så ikke kontakten før etter minst tredje kikk. fint var det også, og en koselig ide.

det går vel muligens å skifte ut kontakten med en dekk-plate - hvis den ikke brukes da, selvfølgelig. men det er nok mest du selv som irriterer deg...

kristine :-)

Pusterommet sa...

Kontakten forsvant, så det var effektivt!
Ellers kjenner jeg noen som godt kunne malt kontakten (f.eks) knallrød og hengt opp ei lampe med skjerm i samme knalle farge... :)