laurdag, mars 08, 2008

Med løfte om vår...

For eit par veker sidan hadde eg eit lite eksperiment i heimen... Eg las nemleg inne på ein av bloggane (hugsar desverre ikkje kvar...synd), at om ein tek inn kirsebærkvistar og vil dei skal blomstre, så må ein banke enden på kvistane for å lure dei til å blomstre inne!! Og eg hadde jo allereide sett inn kvistar av kirsebærtreet mitt, og trudde dei kom til å blomstre uansett...men no tok eg kjevlen og banka kvistane (den delen som er nedi vasen...). Kjevlen sprakk... eg vart visst litt ivrig...(men det er ei anna historie...). Uansett her får de sjå resultatet...





Det kom fram så søte skjøre små blomar, at det var verdt heile kjevlen og meir til!! Det vart nokre dagar med løfte om vår i stova hjå oss...

Tusen takk for søte kommentarar frå alle de kjekke flotte jenter der ute!! Ha ei kjempefin helg!
Klem

5 kommentarer:

Åslaug sa...

Åh, så nydelege blomar! Det var då verdt eit litt sprukke kjevle når resultatet vart slik :)

hjemme bra sa...

Så flott å få en tidlig vår inne i stua! Nydelig blomst!

Tea sa...

Heeerlig!! :) Kjevler finnes det mange av - litt må man ofre for vårstemningen vel!!! :) :)

Blåbærpai sa...

Så vakre blomar og bileter!

Mimmi sa...

Hej! Det kanske var hos mig? :D Vad fina de blev och jag gillar din uggla, så söt!
Kram