søndag, november 30, 2008

Er i farta...

Ja er me ikkje alle det no?..I farta altså...? Eg er iallefall! Og mykje får ein gjort om ein berre tek beslutningar på løpande bånd...Eg er blitt ein ekspert i å handle raskt og effektivt for tida..hihi..For eg sa jo at ALLE julepakker skulle vera klare til 1.des!! Og eg har faktisk (nesten) klart det!! Og det er neimen ikkje verst synes eg!


No i helga har me vore aktive nok. Turen til hybelguten vår (som eg tenkte på forrige helg...hmmm) den tok me på laurdag. Trur det er godt når mor og far kjem og ordnar litt i (kaoset??) sakene...handlar litt mat og tek oss litt tid saman. Han er stor, men ikkje SÅ stor! Har trass alt ikkje vore heime på 14 dagar og er ikkje venta heim neste helg heller...travle tider for store gutar... Ellers i heimen har deler av sundagen gått med til ein tur i skogen. Difor bilete av dei herlege konglene...kongler er berre nydeleg synes eg! Å plukke dei saman med vetlatrollet meinte eg var ein smal sak og riktig koseleg...men kvar kongle eg plukka oppi bøtta, kast ho utav...hihi..var sikkert morro for ho...men men...baljen vart full tilslutt og mor nøgd med turen likavel.


Eldstejenta har hatt sitt eige juleverkstad med bestemora, og resultatet vart nokre nydeleg fine englar til å henge på "juletreet" vårt...hihi...det vart faktisk ikkje så verst det heller...

Nokre av grankvistane me tok med frå skogen havna i ei bøtte med vatn inne i stova...ei lita motvekt til det treet UTAN nåler som står i andre enden av stova!! HAHA...

Og etter ein tur i kyrkja (konfirmant-ljosmesse) med eldstejenta, var tida inne for å tenne ljos heime òg .... for håp og glede!!
Me kosar oss i mørket med tende ljos...det gjer vel du òg??
Snakkast snart!

4 kommentarer:

Lille meg sa...

Jo, her er det pyntet til advent! Jeg er helt imponert over at du er ferdig med nesten alle julegavene!
Utrolig! Det er lenge før jeg kan si det samme.
Ha en fin førjulstid!

mali-mo sa...

Nei vet du, her er det ikke et adventslys å se ;) For eg var nemlig så opptatt med å hvile ut etter eksamensinnspurten igår at eg rett og slett ikke kom meg avgårde for å kjøpe kubbelys før butikken stengte! Helt utrolig (fnis) men sånn er det ;) Skal avgårde imorgen da, og ser allerede for meg hva kassadamen tenker når småstresset mor kjøper fire kubbelys første mandag etter første advent hihi.

Men vi har jo andre lys tenkt da, selv om julepynten liksom ikke blir noe særlig her. Vi bor så trangt nå, og dette knallgule "allrommet" vårt ( som i fremtiden bare kommer til å være en gang) det blir bare ikke koselig. Gulfargen sluker alt lys og glorer ihjel alle pynteforsøk. Hmmm.

Har malt panel på nyekjøkkenet hele dagen idag, så nå til helgen er det å begynne å lute og olje det nye gulvet. Så uti NESTE uke tenker eg at eg kan få opp litt pynt (som synest) her og ;)


Dette ble visst en milelang kommentar, håper det går bra ;) Ønsker deg en flott uke!

Tea sa...

Jeg kooooser meg i disse førjulstider, og tenner store mengder stearinlys hver kveld!! :)

Kos deg de første adventsdagene! Klem

Anonym sa...

Hej på dej! Du har en Award att hämta inne hos mej!!
http://rosalucia.bloggagratis.se