laurdag, november 08, 2008

Rudolf er komen på plass...

Det er vel strengt tatt ikkje eit reinsdyr...hmmm Men ein kronhjort får vel duga som erstatning...For dei som kjenner den att så stammar den frå loppis tidlegare i haust. No er den kome ned frå hylla over ovnen og etterkvart er planen å kanskje ha advendtsljosa rundt den?? Eg likar den fortsatt veldig godt, og den er akkurat passe stor og blank...hihi

Akkurat no kjenner eg meg mellom barken og veden...eg berre går å ventar på å få setje i sving med litt adventsførebuing...
Difor har eg vore ein tur til næraste handlestad i dag! Jippi! Eg berre lengta etter å sjå julepynt og stas i butikkane...men eg vart faktisk litt skuffa...Det verkar som den gamle julepynten vert dregen fram år etter år...Eg må verkeleg reisa langt avgarde for å få litt inspirasjon...Så full skjerpings Voss!! Eg MÅ visst til Bergen!!
Og der veit eg det akkurat er komen ein butikk som eg iallefall skal innom før jul; Farmors Hus...sjekk ut bloggen! Denne butikken var før berre i Isdalstø, rett utanfor Bergen, men no er den komen til Åsane!!Jippi!! Det vert litt nærare iallefall...

Imellomtida blar eg i mitt Boligliv.... på jakt etter den evige juleinspirasjonen... Som eigentleg ikkje er vanskeleg å finne, men som berre er god å kjenne på når den er der....

Heilt til slutt lurar eg på om det er fleire enn meg der ute som leitar etter ei fin julekrybbe?? Eg har tråla nettbutikkar men finn ingenting der...og sjølvsagt ingenting på Voss heller...Nokon som veit??
Ha ein fin laurdagskveld! No ventar sofaen...
Tudleidu....



5 kommentarer:

mali-mo sa...

Syns Rudolf-hjorten var flott eg ;) Og absolutt julete. Men noen julekrybbbe kan eg nok ikkje hjelpe deg med, desverre.

Skulle innom Farmors hus idag, men var nett ti minutt for sein, så de var stengt. Jaja, får bli i uken, og eg fikk no sett inn vinduene da ;)

Lykke til med juleforberedelse, her er alt satt på vent til etter eksamen ;)

Hulda sa...

Så søtt det var på fatet ditt. Veldig fint med reinsdyret sammen med det lille lysglasset.

Så vakkert skap du har, syns det var så dekorativt med alle de spennende pakkene på toppen der. :)

Når det gjelder julekrybbe, så kjøpte jeg noen nydelige figurer på Linneas Hage i fjor. Jeg kjøpte en til meg selv, og en til søsteren min. Det var figurene til julekrybba, men ikke selve stallen. Så jeg satte de på en liten hylle. Vet ikke om de har de i år, men du kan jo se etter. :)

Rosa sa...

Veit jo ikkje kva jolekrubbe du er ute etter, men eg veit kva eg ysnkjer meg: Jolekrubbe signert Alma Kjærland på Stord. Den gode nyheita er at ein ikkje treng reise dit for å få kjøpt den. Av sikre kjelder veit eg at jolekrubbene til A. Kjærland vert å finne på ein jolemarknad nær meg 7. desember ;)

Hurra!

God sundag :)

Tove sa...

Hjorten var nydeleg, den! Og kan heilt klart vere eit substitutt til Rudolf, som sikkert treng å kvile hovane innimellom... Fine julekrubber er det jammen ikkje lett å finne. Eg var så heldig å få ei med foreldra min, som dei hadde kjøpt i Egypt. Den er utruleg vakker, ikkje jålete og prangande - berre nostalgisk og skjønn.... Lukke til i jakta!

Lille meg sa...

Hjorten er fin, men julekrybbe kan jeg ikke hjelpe med, dessverre.
Du er visst litt julete, du!Ønsker deg en fin søndagskveld!