søndag, februar 06, 2011

Ei fin helg

 Helga starta med bursdag for eldstejenta, 17 år, og tida går ALTFOR fort!
Kaker og kjekt besøk høyrer med.

Minstemor har delteke i sitt livs fyrste skirenn, eg var skeptisk til korleis det skulle gå, i og med at eg har gått på ski med ho før...
Men kven skulle tru at ho smilte og lo heile vegen! Skigåing var definitivt kjekkare med nr 53 på magen...
Haha...

Kjekt, når det var pølser i brød til premie for mistemor og pappen, og tur i skitrekket i premie for mammo...
Knallkjekt!

Ein bunt med Eskimo ullgarn er plukka fram til rein terapi på ein sundags føremiddag. Tenkte eg skulle hekle meg ei pute, er så utruleg mange flotte strikkaputer der ute i bloggverda. Mi vert hekla, av den enkle grunn at eg hadde heklenål str. 9 og ikkje strikkepinnar...



Sjølv om det er pudderføre og flotte forhold i fjellet, slit me med slaps og utruleg mykje vatn rundt huset her i bygda. Forholda ligg godt til rette for maling og pusling inne...godt me har utstyr til det òg.

Men no ventar neste bursdagsbarn på oss!
Hipp hurra for Britt!
Me er på veg...

Håpar du har hatt ei fin helg òg!

4 kommentarer:

Therese sa...

Skirenn er moro :) Jeg og junior har nettop kommet hjem fra skoleskirenn nå. Helt toppen :)

Nydelig farge på garnet du heller med, håper vi får se resultatet ;0)
Ha en god søndag, klem

... sa...

Elsker Eskimo!!

Linn sa...

nydeleg farge på garnet!

Og det fatet litlejenta har maling på er og kjempefint. Eg har akkurat kjøpt eit liknande på bruktbutikken, og syntes det er veldig fint :O)

Fin sundagskveld til deg!

-klem

Agathes små ting... sa...

Gratulerer med bursdag i huset.
Kommer til å bli superfin den puten du hekler.
Ha en fin kveld.
Klæm fra me