fredag, november 13, 2009

Kosekroken min...




Det er ikkje lenge sidan eg ommøblerte litt i heimen (stova), men eg vart ikkje heilt fornøgd. Det var ikkje det at det ikkje vart greit nok, men meir det at den beste kroken var litt vond å sitje i.... Eg hadde ein korgbenk frå IKEA i denne kroken før, og me kan seie mykje om IKEA (eg klagar IKKJE), men den egna seg lite for ettemiddagskos med vetla trulto på fange (...og kaffikoppen og avisa)...joggebuksa på og tendens til å ville spenne beina litt opp.

Difor måtte eg tenkt litt, og resultatet var å ta inn att ein gammal divan eg kjøpte for 6-7 år sidan på Patina..Den har stått ute i hagehytta vår og egna seg som seng for ei natt og to til spreke ungdommar. Men det er lite overnatting der ute om vinteren, difor står den no og innbyr til ettermiddagskos for (nesten) heile familien... (haha, sjå det for deg...)

Medan eg les avisa prøver truletemor "sprett-eigenskapane", det er veldig god fjøring i slike gamle divanar! Her ligg me altså å kosar oss med fyr i ovnen kvar einaste ettermiddag...Det er verkeleg blitt ein populær stad for både liten og stor...

Merkeleg det der me har jo sofa...hmmm, men eg likar meg ikkje på sofaen, og unngår helst å sitje i den (iallfall ikkje før etter kl 8 om kvelden)...kanskje fordi den står for nær fjernsynet?? Fleire som meg der ute, kanskje??

I morgon er det laurdag og eg skal på min fyrste shoppingtur på over 6 veker(!). Ja det er sant, eg har sjølvsagt handla mat, men slik er livet i distrikts-Noreg. Laaaaangt å køyre og stygge (stengde) vegar, gjer at det går ei stund mellom kvar gong. Men i morgon har eg planar om brukbutikk-handling og juleførebuing! Jippi! Gledar meg!!

Ynskjer alle super-kjekke bloggarar og andre der ute ei super-duper helg!!

12 kommentarer:

mi-rachel sa...

så utrolig koselig krok.
og kos deg med handling.

Rosa sa...

Det såg ut som ein plass å kose seg, ja. Når eg eingong får ny-oppussa stove med sofa som eg likar i eit rom som er kjekt -.... då skal eg nok bruke stova meir. No sitt eg mest på kjøkkenet om kvelden, med laptop på bardisken :)

Kos deg på shopping!

Marte sa...

Den kroken din er kjempefin!
Kan godt forstå du trives der;)

Koose deg på shopping i morgen!
God helg:)

DUNNISMoR sa...

Hei!
Koselegt!
Har gode barndomsminner frå mange kosestunder i mormor sin gamle divan...god sprett i den, hugsar eg..:)
God shopping i morgon!
Og god helg!

Hyttehuset sa...

Herleg krok du har der, Noralill.

Anonym sa...

cheapest uk supplier viagra viagra lawyers viagra australia can viagra be used by women cheap viagra canada viagra and cocaine viagra larger forever cost of viagra what is generic viagra viagra australia how long does viagra last cheapest viagra in uk viagra england effects of viagra

victoria sa...

så ut som en koselig kos.. tror nok den er go og legge seg til rette på ;)
ha en super shopping dag
klem victoria

Tove sa...

Det var en kjempefin kosekrok. Syntes alt du gjør med interiør er utrolig stilig, likte veldig godt både teppet og putene. Kos deg med shopping i dag!

klem
( men du trenger jo ikke å reise for å shoppe, du får jo så flott reklame her på bloggen...)

Marianne sa...

Hei!
Så fin blogg, og hærlig hus du har:)
Klem Marianne

Patina-H sa...

Ein koseleg krok du har laga til, slike divaner får ein alltid bruk for. Kjenner til det med å ikkje setta seg i sofaen, sitt heller på ein pinnestol ved kjøkkenbordet liksom...hm, ja litt rart.
Men no er det helg, og sofaen er god å ha når tv-kvelden set inn ;)
Håpar du har hatt ein fin handledag og ynskjer deg ei fortsatt god helg ! :)

Jannicke sa...

Herlig kosekrok :o)
Liker godt den flaskegrønne fargen :o)

God helg til deg! J.

hjemme bra sa...

Hei. Likte kosekroken din kjempegodt! Forstår godt at den er i bruk kvar dag.