tysdag, juni 15, 2010

Eit sommarteppe...






I rein panikk over at eg skulle få besøk av Rom123 for ei stund sidan, raste eg rundt på alle nettbutikkar eg veit for å finne noko eg kunne tilføye interiøret mitt...(utruleg kor misfornøgd ein vert med alt i slike situasjonar...). Dette teppet frå House Doctor hadde eg sett meg ut lenge, difor følte eg det var akkurat det eg trengte. Men dessverre bestillte eg det ALTFOR seint til at det nådde fram i tide (typisk meg).
(Kjøpt på den utruleg kjekke butikken: Nettpynt)


Men eg har det no! Og framleis synes eg det er kjempefint! Lurar berre på kvar eg skal ha det? Ute eller inne? I sofaen? Som sengeteppe? Nett no ligg det sånn passe henslengt i stova, berre slik at eg plutseleg ein dag veit akkurat kvar det høyrer til...

I helga var eg og velta dokkemor på ein liten tur utanbygds (eigentleg måtte me flykte, grunna byggeprosjektet vårt og utruleg mykje sand og murpuss overalt ute...). Når  det likevel regna kunne me vandre litt rundt og få litt inspirasjon andre stadar, deriblant ein koseleg bruktbutikk..hihi. Eg var heldig og fant dette Ventolette vaffeljernet, synes slike stål-farga er så fine og trur eg har høyrt ein gong at dei er skikkeleg gode òg...

Eg håpar det! Fant ein kjekk stol òg (sjølvsagt måtte det vera endå ein stol...), tek bilete av den i morgo...

Ha ein kjekk kveld!

PS til alle som lurer på når artikkelen om huset vårt kjem på trykk i Rom123, så veit eg ikkje heilt enno. Eg lovar å gje beskjed!



11 kommentarer:

  1. synes det teppet er så nydelig jeg også, ha veeeeeldig lyst på det :) har jo noen tepper fra før men det er liksom ikke noe man får nok av...hi-hi...

    solklem

    SvarSlett
  2. Vilket underbart täcke:):):)
    Love it!

    kram annaleena

    SvarSlett
  3. Å - nydeleg teppe ja! Plutseleg "ser" du nok kor det høyrer heime:-) Tenker at det kan vere deilig både ute og inne.

    SvarSlett
  4. mmmm....veldig fint!
    Vaffeljernet ditt likeså. Charming.....=)

    SvarSlett
  5. Herleg sommarlegt teppe!

    Og - så stilig med besøk av interiørmagasin, då!! Vert nok ein super reportasje, skal du sjå :)

    SvarSlett
  6. Hei! For et nydelig-nydelig teppe! Her er det "interiørkjøpstopp" for tida, da vi skal bygge hus og bor litt i koffert. MEN - jeg vet at Nettpynt er en av de butikkene jeg skal besøke når det nærmer seg innflytting. Likte så godt det bursdagsinnlegget under. De muffinsene så veldig lekre, og de smakte sikkert godt også! Slik topping må jeg prøve. Gleder meg til å se reportasjen i Rom 123. Ha en fin dag!

    SvarSlett
  7. Er det hos deg et av teppene har havnet:) Passer godt inn, det er helt sikkert, hvor enn det ligger/ henger. Gleder meg til å se reportasjen fra huset deres, men hos meg tok det 14 måneder før det kom på trykk!! For håpe det ikke tar så lang tid for deg:)

    Og en ny brukt stol.... har samme svakhet, vet ikke helt hva det er med stoler/ krakker jeg.. får bare ikke nok av dem:)

    klem

    SvarSlett
  8. Herleg teppe! Og det passar SÅ godt hos deg! :)

    SvarSlett
  9. Kjempeflott teppe som ser ut til åpasse perfekt inni ditt hjem. Jeg har gitt deg en liten award som ligger inne hos meg. God helg til deg og dine. Gleder meg til å se reportasjen når den kommer på trykk.

    SvarSlett
  10. Hei Hei!

    Teppet var kjempelekkert, passar nok fint i ståvo di. No ventar en spent på bilder fra husbygging, håpar dei kjem snart :-)

    Skal nok og følge gost med på Rom123 i nærmaste framtid, gledat med til å sjå.

    Håper alt er bra med deko og at de planlegg ein Østlandstur i løpet av sommaren.

    Hels alle frå oss her borte.

    Klem

    SvarSlett
  11. Det teppet er bare utrolig fint, så flotte farger. Ønske, ønske, ønske :)
    Ha en fin søndag.
    klæm

    SvarSlett