Denne svært enkle lysestaken kom eg på etter at ein av elevane mine så fint hadde svidd namnet mitt inn i vedkubben (du skimtar det såvidt...). Synes det vart ein fin og enkel lysestake, som har fått plass i gangen vår.
Elles er det som vanleg travle tider her hjå oss. Har vaska ut hybel for (forhåpetlegvis) siste gong...etter dette må han vaske sjølv (for det har mor bestemt). Eldstemann er i sommarjobb, eldstejenta har berre delvis sommarjobb endå, og vetla trultemor har fått sommarjobb hjå mammo...hihi
Ho målar dokkehuset sitt! Jaja, ikkje heile dagen sjølvsagt og det er vel mest jobb for mammo å sleppa ho til, men kjekt var det...(ei lita stund iallefall).
Trultemor fekk dokkehus til bursdagen hjå snille besto og besten. Pappen har spikra det opp og no er det vår (min) tur å måle heile greia...Har ikkje bestemt meg for farge enno, så eg brukar den kvitmålinga er har att etter huset til grunning....
Og fekk trultemor bestemme skulle det vore ROSA!
Det kan jo hende mammo målar ein vegg eller to inni litt rosa...me får sjå.
Ha ein knallfin dag! Eg pakka saman siste reste på jobb i dag og har bestemt meg for å la hovudet kvila
(el. humla suse..hihi ei stund...)
uttrolig fin lysstake ja - kanskje jeg få r til å stjele den ideen - må pakke light i sommer - det blir alltid at en kjøper noe i Norge...
SvarSlettHer også var ønske sterkt om ROSA dukkestue - så JEG fant ut at mellomtingen var rosa tekstiler inne - rosa gardiner, puter, sofa etc....
ha en fin fin helg!!!
Fin stake til lys!
SvarSlettLiker kjøkkenet ditt, hdde vært gøy med flere bilder av kjøkkeninredningen din. Teppet ditt er kult, hvor er det fra?
God helg!!
Klem E
Jättehärliga bilder du visar!!!
SvarSlettJa, här har jag ett par tjejer som också gärna hade sett att precis allt målas rosa!=))
Kram Camilla