onsdag, juli 28, 2010

Sommartid...


Det kan jo verke som eg har kopla om til sommartid alldeles, og det stemmer vel ganske bra...hihi.
Synes det er herleg med laange frokostar som startar (berre litt) seinare enn vanleg og slenge på seg eit eller anna og sitte i morgonsola med ein kaffikopp...
Sjølv i dag er det friskt og fint ute etter ein liten regnskyll i natt, når stolar og bord står under tak er det ikkje noko problem å starte dagen ute likevel. Det er vel kanskje noko av det beste eg veit...


Som de ser på bileta er det kome noko "nytt" gammalt i stova mi. Klarte ikkje gå frå denne kjempestore fletta korga på eit bruktmarked, synes den er knallfin. Spesiellt den fine brunfargen...(tenk det er ikkje lenge sidan ALT måtte malast kvitt når det kom i hus...). Korga skal få vera slik den er.


Etter besøket heime hjå mammo har eg og mannen vore på tur heilt åleine, sjølv om det berre var ei overnatting, var det godt å berre vera oss to.




Eldstemann lever livet på vandring med ryggsekk i Europa (interrail), og kjem ikkje heim på godt ei og ei halv veke enno. Me andre skal snart til fjells på hyttetur...

Det er enno litt att av sommartida...

9 kommentarer:

  1. Det var en kjempefin kurv, skjønner godt at du ikke kunne la vær å ta den med hjem! :)

    Koselig blogg du har!

    Klem fra Dorthea! :)

    SvarSlett
  2. Kjempefin kurv. Er så kjekt å se at ikke alt blir malt hvitt bestandig,synes jeg da ;)

    En overnatting aleine hørtes herlig ut ;) Her er det pøsregn idag, og vi satser på Vitensenteret eller jobbing på loftsstuen, eller aller heslt begge deler ;) Hadde tenkt å reise til Mikkelparken en dag, men da må solen skinne!

    Nyt sommeren videre!

    SvarSlett
  3. Nydeleg korg! Og skap! Og som alltid herlege bilete. Det er alltid kjekt å kikke innom hjå deg :D

    Helsing frå Susanne

    SvarSlett
  4. En flott kurv, brunfargen på den er skjønn syntes jeg. Fint å mikse inn litt natur :)

    Så deilig med litt kjæreste tid.
    Fortsatt god sommer!
    klem

    SvarSlett
  5. Nydeleg korg - du må for all del ikkje male den! Står så godt til det kvite heime hjå deg!

    Deilig med feriedagar! - og godt med litt kjærestetid! Kos dykk med resten av ferien. Her har eg begynt på arbeid, men me later som me har ferie likevel, så fort me kan innimellom vaktene mine:-)

    SvarSlett
  6. Så fin, skjønner godt at du måtte ha den med hjem. Passet kjempegodt oppå skapet der.
    Ha en fin kveld.
    Klæm

    SvarSlett
  7. Det var ei kjempefin korg, med nydeleg farge ;) Nyt sommardagane vidare og god tur til fjells :)

    SvarSlett
  8. fet kurv! og nydelige bilder!! god sommer videre noralill:)

    SvarSlett
  9. Hei Noralill! Kan du maile meg på briggslekehus@gmail.com? Jeg lurte på noe..

    ha en fiiiin fredag:-)

    SvarSlett