Sjølv om eg sakte har luka vekk litt av sommarhus-stemninga i mitt eige hus,
så er det reine eksplosjonen av sommarfargar i huset-i-hagen.
Eg rydda litt der ein dag, kasta ut ein gammal sofa,
vaska, og tok inn ei ekstra seng i staden.
Roser frå hagen måtte sjølvsagt på bordet...
Då vart det ein flott fargekombinasjon der inne,
synes eg...
Eg sette dei to borda som var der inne saman,
og vips vart det eit langbord med plass til alle dei "ledige" stolane mine frå garasjen...
(Eg har nemleg eit lite lager med stolar rundtomkring..hihi, men kven har vel ikkje det??)
Den gamle oransje-blomstrete dyna i senga har vore i min familie så lenge eg kan hugse...
Kjekt å få bruke den.
Den raude ljosestaken på bordet skal vel eigentleg hengast i taket.
Den vart spraymalt raud for nokre år sidan,
passa jo fint inn no med desse fine stolane...
Litt av vitsen med eit slikt hagehus er å bruke ting ein har frå før,
her skal me ikkje kjøpe nytt, berre bruke omatt ting me har.
Og ting, ja det har me...
Ein gamal fjellreven-sekk heng på knaggen innom døra,
berre i tilfelle me går ein nistetur...
(den vart kjøpt på ein bruktbutikk for eit par år sidan)
Fiin...
Dokkemor er sjølvsagt med der det skjer..
Ho har funne seg godt til rette i den "nye" senga i hagehuset vårt.
Tippar det blir ein fin stad å sove middag...
for liten og stor.
<3
Ha ein fin kveld du òg.