laurdag, desember 31, 2011

GODT NYTT ÅR!

Litt glitter høyrer med på nyttårsaftan!

Me har avslutta det nye året med ein nydeleg skidag i bakken.
Dokkemor debuterte på slalomski, og
det gjekk kjempefint!
(heldigvis)

No er potetene renska,
kålrabien klar,
kjøttet er kome på kok...
Alt ligg til rette for ein fin avslutning på året...

Eg ynskjer alle mine lesarar og med-bloggarar,
eit knallfint nytt år!!

Eg takkar samtidig audmjukt for det gamle,
for alle gleder og sorger,
opp og ned-turar...

Eg veit me vaknar til eit nytt spennande år,
eg reknar med ein og anna overraskande sving,
men håpar mest på dei velkjende stiar...

Kos deg i 2012,
så håpar eg du kikkar innom i det nye året òg!

onsdag, desember 28, 2011

Gode juledagar...

Neidå, eg har ikkje forete meg eller kubba på sofane av utmattelse...
Eg er her!
Julaftan er behørig feira med besta, beste, bestemor (jadå, ingen vil heite farmor...hihi) og oss sjølve.
Åtte til bords gjekk akkurat.

Nissen kom og gjekk til stor skrekk og gru for dokkemor, som låg under
bordet så lenge det stod på...
Men blid og fornøgd etterpå (sjølv om ho er blitt litt skvetten når ho trur det bankar på...uffdå).
Me lagar god mat, og et den òg...
Det går i barneTV og spel, litt lufteturar har me òg klart å få til
(sjølv om Dagmar har vore på besøk her òg..skrekk og gru...)

Men me kosar oss, iallefall me som er heime.
Eg har ein mann som jobbar mest når det er uvær, difor har me ikkje sett mykje til han...
Men ingenting å gjere med det...

Litt besøk hjå famile har me vore mellom strømbrudd og vindkast, neste besøk er i morgon, det håpar eg me klarar må få til, trass meir uvær i vente.

Bileta er frå gode frokostar,
tid til TV-kikking og kos i sofaen.

Men sjølvsagt er det litt jobb med både store og små heime,
eg prøver så godt eg kan å oversjå klehaugen som veks ved vaskemaskina i kjellaren,
saman med alt julepapiret som står stabla og venta på ein vidstille dag...

Håpar du overser litt du òg!
God juleklem frå meg...

fredag, desember 23, 2011

Riktig god jul!

Då håpar eg at alle mine bloggvenner har senka skuldrene
(og kanskje teke eit lite glas vin..?),
Dagen der eg eigentleg berre skulle gjera litt "koseleg" vasking, enda vel eigentleg opp som
ein skikkeleg stress-dag.

Det eine tek det andre,
når eg fyrst skal vaske, må eg rydde,
når eg nett ryddar her og der, så må eg ta det og det, og kanskje litt i kjellaren òg...

Men uansett, er eg endeleg ferdige no!

Liten julebusk på kjøkkenet er alltid koseleg..

Den store "busken" i stova derimot har vore inn og ut heile tre gonger i dag!
Fyrst var det for høgt, og i staden for å klippe (meir) av toppen,
tok me det ut og saga det i stamma.
Så vart det ikkje beint,
me bala og bala...
Då ljosa var kome på og litt av pynten,
velta heile treet!
Å halleluja!
Sjølvsagt med knusande kuler...

(då er det viktig å behalde roen..hihi)
Eg bar treet ut eindå eingong,
etter å ha ribba det for pynt.
Mor (altså meg) saga og saga...
(Mannen i huset er ikkje heime i dag)

Og no står det altså ferdig pynta,
og me tør nesten ikkje puste...
Hahaha....
sjølvsagt redde for at det skal velte igjen...

Her fekk du nokre glimt av herlegheita,
jentene mine har stått for pyntinga heilt sjølve!

Me vart fornøgde til slutt.

Då vil eg ynskje alle mine kjekke tolmodige og snille
lesarar der ute i verda;
Ei riktig god og fredeleg jul!

(eg kjem nok innom att i jula òg..)

torsdag, desember 22, 2011

Det nærmar seg...

Det nærmar seg med stormsteg..
I dag har me hatt ein liten stresse-dag,
med handing av mat og siste rest av småtteri.

Treng eg snakke om null parkering,
slaps, kø, masse folk som har tenkt det samme som meg.
Eg er sikker på at du har kjent på same kjensla....

Phu, då er det såå godt å kome heim til varm stove,
og ein hjelpsom mann...


Med meg hadde eg både hybelbuaren (eldstejenta) og den vaksne
guten vår, det gjorde heile dagen verdt strevet!

No er alle samla under eitt tak igjen.
Godt.

I morgo, skal etter vår tradisjon treet pyntast og resten av jula kome fram.
Gledar meg!

onsdag, desember 21, 2011

Juleferie!

Då var ferien min byrja!
Phu..
Alltid godt å kjenne freden som senkar seg,
og arbeidslysta som tek seg opp att...hihi

Med arbeid, meinar eg sjølvsagt å ta litt tak i heimen,
få orden på skap og skuffer,
vaska litt,
rydda i krokar og hyller...
Eg likar det faktisk!
(iallefall når eg er ferdig med dagens prosjekt FØR kl.10...ein onsdag føremiddag..)

Men eg har fleire prosjekt altså..

Bileta frå i dag er resultata frå Bergensturen vår i helga.
Øvste bilete er ei nydeleg lykt laga av Catrine Kullberg,
veldig fin...
Den Nydelege sukkerskåla på neste bilete har bestefar til kjærasten til eldsteguten vår laga,
utruleg fin! Og eg vart veldig glad då eg fekk den i bursdagsgåve...

Ein fin kjøkkenhanduk frå Rie Elise Larsen måtte òg bli med heim.

Såå kjekt å reise på juleshopping!


Hjå oss er det kome meir snø i natt,
kjekt!
Det blir eit nydeleg lys både inne og ute...

Skikkeleg julestemning med såpelukt i huset og snø ute!
Snakkast snart..

søndag, desember 18, 2011

4. sundag


TO innlegg på ein dag....hjelpe meg kor effektivt...

I dag har det vore såå utruleg fint ute!
Difor vart det litt utebilete òg..

4.sundag i advent i dag..
Me har tent fire lys.

Adventstaken bær preg av å vera i dagleg bruk,
lysa smeltar saman og det ser litt "rufsete" ut..
men men...

De er sikkert allereie lei av denne kjøkkenkroken vår,
men det er her me er..

Difor blir det ein del bilete frå bestesplassen i huset...

Dette er runde to med sviblar i vindauga, dei sprett fort ut,
men luktar nydeleg jul...

Ein flott ny kamerat er komen på plass i hagen..hihi
Skikkeleg staseleg med nissehua og skjerf.

Eldstejenta og mistejenta har styra på i snøen..

Morro å sjå at dokkemor ikkje har gløymt gamle kunster på ski.
Ho var veldig ivrig i dag, MÅTTE gå på ski...

Før ho gjekk over til akebrett.

Heilt nydeleg ute,
flott julestemning!

Siste dagane på jobb gjenstår i neste veke,
før juleferie!

Gledar meg!


Pakke, pakke, pakke...

Siste innspurt no...
Med å pakke inn pakker.

Alle er med,
ei pakkar, ei klistrar,
og ei skriv...


Ikkje sånn super-original innpakking,
men slik vart det i år...

Julemusikk, ljos og kos er tross alt det aller viktigaste!

Etterpå var me ut å testa ski og akebrett
i den fiine snøen...

God søndag til deg!

fredag, desember 16, 2011

Julerødt

Litt juletulipanar på ein fredags ettermiddag...

Ikkje lett å få teke bilete for tida,
dagslyset er på sitt mest sparsomme.

Men til glede for både store og små,
har me i natt fått eit dryss med snø ute!
Nydeleg...

No sit me å nyt kvelden,
 kos deg du òg!
Fin fredag til deg...



onsdag, desember 14, 2011

Enkel jul

Litt enkel jul på kjøkkenet...
Fine stjerner på veggen.
Det er kanskje ingen som ser, men eg har rydda litt plass på disken..
Eg har bytt plass på kaffimaskina og
stativet med koppar og fat..
(som ikkje fekk vera med på bilete denne gongen...)


Bileta er frå helga,
ei typisk storesyster/vetlesyster-stund på kjøkkenet...
Tulling og tøysing på disken.

I dag er den store pakke-sende-dagen...
Skal sende alt som skal sendast,
men ingen julkort med bilete frå oss i år,
men me rekk ikkje alt kvart år...

Kan hende me ikkje rekk å vaske vindauga heller...
men men..gjer det noko?
Dei vert nok vaska når sola kjem..hihi

Ha ein fin dag du òg!




tysdag, desember 13, 2011

...

Synes berre bilete av dei stabla blada,
 saman med veggen og stolen vart eit fint bilete...

Sjølv om det har ingenting med jul å gjera..
Mykje fiin jul på bloggane rundtomkring.
Her går det heller seint framover,
me kosar oss,
nyt eit stearinljos,
freden om ettermiddagen...
butikkane er laangt vekk...

Kikkar litt ut av glaset,
såg ut som eg hadde reinsdyr på bakken..hihi

Men til helga då blir det juleshopping att.
Og forhåpentlegvis møter me vår etterlengta gut, som er så vaksen at han
er ferdig i militæret om TO dagar!

Blir godt å få alle våre heim til jul!
Travle men kjekke dagar framfor oss...
Og best av alt; i morgon er det fridag att...

Ha ein fin kveld, så lenge!





søndag, desember 11, 2011

Julekrybba

Det er alltid stas å ta fram dei fiine figurane til julekrybba vår. Dei er kjøpt på nett frå Danmark hjå Nordhjem, for nokre år sidan. Eg har ikkje sjekka om dei har dei enno.

Men eg hugsar eg leita veldig etter fine figurar til den heimelaga stallen...


Veldig kjekt for 4-åringen å leike litt med desse figurane,
men ho vart veldig lei seg då sjølvaste jesusbarnet mista armen i fjor...

Etter det har det gått litt rolegare for seg i leiken med krybba...



I dag skal dagen gå med til innpakking av gåver.
Då set me på julemusikk, lagar litt gløgg,
og organiserar oss....Eldstejenta skriv på til-og-frå-lappane (for ho skriv finast..hihi)
yngstejenta pyntar lappane og mor sjølv pakkar inn...

Ha ein fin 3.søndag i advent!
God klem til deg!

laurdag, desember 10, 2011

Nye naboar...

De som har kikka innom til meg før, veit at me bur ganske landeleg og fritt til.
Rundt huset vårt brukar det alltid å vera sauer på ein eller anna kant.
No har me fått hestar som næraste naboar,
kjekt synes dokkemor...



Rett som det er må me ut å kaste brødskiver, vafler eller anna restemat til dei...



Som de ser, har ikkje snøen lagt seg hjå oss enno,
men me har utsikt til snøen...
på fjellet...
Fint!

I dag har eg og jentene våre på julehandel,
alltid kjekt å kikke litt i butikkar...
masse folk og liv,
og slaps og snø..

Men no er pakkene snart i havn,
heldigvis, for då kan me kose oss resten av tida før jul!

No er resten av kvelden i sofaen,
kos deg du òg!


onsdag, desember 07, 2011

Jula snik seg inn...

Sidan me har hatt ein etterlengta fridag i dag,
har jula fått snike seg litt meir inn på kjøkkenet i dag.

Litt granbar, kongler og nokre reinsdyr frå IKEA.
Meir skal det ikkje til..

Dei som har vore innom meg før, ser at eg har snudd kjøkkenbordet.
ALLTID kjekt med litt forandring..
(no er det berre lampen som må flyttast bittelitt..haha)

På denne måten blir det litt betre plass rundt bordet òg.
Noko me treng når alle kjem heim til jul!



Litt reinsdyr i adventskalenderen òg, etterkvart som pakkene blir færre,
kjem sikkert meir av andre ting opp på strengen...

Dokkemor drikk kakao etter ein luftetur i den kalde vinden.
Hjå oss er ikkje snøen komen skikkeleg,
men på fjella ligg den som eit lysande teppe.
Nyydeleg, spør du meg...

Kjenner kor eg verkeleg gler meg til ski, fjell og snø!

I dag har me rydda i skap og skuffer,
godt å renske opp litt, det trengs verkeleg.

Ha ein flott kveld!
:)

søndag, desember 04, 2011

Adventskalender

Sjølvsagt har vetla dokko vår ein adventskalender i år òg.
Den heng rett og slett i kjøkkenvindauga...

Der hadde me ein streng frå før der me heng opp 
 dagens kunstverk.

Men no framover blir det pakkepynt i glaset.

Må jo rekna med at pakkene ikkje får henge heilt stille og fint på eine sida,
dei får danse litt att og fram i løpet av dagen...
(For dei som tel pakkene, så manglar det framleis altså tre stk...)

Klistremerketal har eg kjøpt på Panduro,
enkelt og greit.




Dei kvite papirstjernene hang akkurat her i fjor òg..
Såå kjekt å finne ferdig laga ting i kjellaren...
hihi

Eg likar jo eigentleg å lage litt nytt kvart år,
men best av alt likar eg når eg er ferdig...

Veit ikkje kor mange papirstjerner som gjekk i bosset før eg endeleg klarte å lese
skikkeleg korleis eg skulle gjere det...

Slik er det når me trur me veit og kan alt..

No tenner me det andre ljoset...trallalalla..
Gjer det du òg!