onsdag, august 29, 2012

Ein fin dag


Litt glimt frå ein av mine nye favorittfargar..
Duken på borden,
den er blå-grå
mest blå,
sjølv om det ikkje visar så godt på bilete.
Synes den passa så fint.
Det skal bli min nye beste-duk...

Fin stol
fint golv...
Ja, eg berre seie det, eg...
Likar det fortsatt...


I dag har me gripe sjansen å reist på ein veldig fin fjelltur.
Eg og dokkemor har som kjent fri på onsdagar.

Viktig å gjere det me har mest lyst til...
I dag reiste me på blåbærtur,
men det vart mest tur...


I veldig flott terreng,
med nydeleg utsikt!

Ikkje for å skryte,
men me bur berre 15 min frå 
verdas finaste fjellområde...
Hardangervidda...
-smiler-

I morgon er det jobb att,
men det blir berre kjekt!




laurdag, august 25, 2012

Ny kaffikanne


Å velge kaffikanne er ikkje berre enkelt.
Det veit vel alle interiørbloggarar, med respekt for seg sjølv...?
hihi
Eg har bala leenge med å finne ei som eg likar.
Tidlegare hadde eg ei frå Bodum, ei brun,
som eg synes var ganske fin...

No var det på tide med ei ny.



Denne kanna er frå danske Menu,
og sikkert velkjent for mange...

Eg likar forma..

Helst ville eg hatt svart,
men når eg endeleg fant kanna, hadde dei den berre i aske-grå/kvit...
Jaja, fin den òg...


Då håpar eg den verkar som den skal,
og held kaffien varm...

God helg til deg!

torsdag, august 23, 2012

Haust...


"Mamma, den blomen er vissen!"
Jodå, eg veit det...

Men når skulen er igang igjen, er det haust for meg.
Og med hausten kjem visne blomar...

Som skulpturar står dei der,
dei har gjort sitt...

Det same med døde tre,
dei står og ruvar i landskapet...
Fint

Eg har sagt det før, eg blir utruleg inspirert av naturen sine mange skift.
Blir ikkje du òg?
Eg det ikkje utruleg godt med haust?

I dag har me vore på fjelltur med skulen,
litt regn,
litt skodda,
bittelitt sol,
 og mykje godt humør!

Til å bli glad av!

Ha ein glad dag du òg!



onsdag, august 22, 2012

Det var jammen på tide...


Ja, ikkje sant?
Jammen på tide med ei lita oppdatering frå meg.

Eg kan vel ikkje skulde på at eg har vore så utruleg oppteken,
det er me jo alle heile tida...
Men litt lei av meg sjølv kanskje...?
Det er me vel alle innimellom...
...eller er det berre meg??


Om du ikkje er SÅ veldig lei av meg,
kan du inn å lese litt om meg her...
Utruleg stas!
(Men mest flaut...)

Eg er nok ikkje eigentleg så veldig interessant.
Mest heilt vanleg...

Dette vart litt av ei oppdatering!
Eg har gjort ein del sidan sist, då...
Starta på jobb att, med ein kjekk 7.klasse gjeng!
Vore på moltetur!
I 60års-lag!
På fjellet!
Ved sjøen,
i Bergen.
Hatt besøk,
vore på besøk og 
berre kosa meg heime.

Eg håpar det ikkje blir så lenge til neste innlegg!
Ha ein fin dag du òg!