Dette kan vel kanskje reknast som eit pauseinnlegg...? Ja ikkje det at eg har noko form for pause, men dei bileta eg eigentleg ville blogge om ligg på kamera (nede i stova). Går det an å vera sååå lat?? Ja!

Difor viser eg heller nokre eg hadde frå før...hihi. Eg har to nydelege lavendel i hagen min, og det er igrunnen synd dette er eit nærbilet for dei er blitt verkeleg store og fine! Og luktar nydeleg...Og roser blir eg aldri lei av, så eg må slenge med eit bilete av ei av dei fine frå hagen. No er me midt i rosesesongen og eg plukkar inn og prydar kvar ein krok med nyplukka friske roser (nesten kvar dag...)
Så kan eg jo vise noko lite eg kjøpte meg på bytur med jentene mine. Fyrste dag av sommarferien tok me oss ein shopping-tur til Bergen, og der fant eg denne herlege knaggen og (sjølvsagt) nye serviettar...(kjøpt på Ting)
Nok ein herleg rosenknupp...
Så er eg så heldig at svigermor har vore i på helgatur til Haugesund, og ho handlar gåver til både store og små! Sjå kva eg fekk! Ein nydeleg handkrem frå Durance, (midt i blinken for meg!)

Eigentleg så har eg og jentene vore på nok ein bytur, Oslo denne gong. Og det var litt bilete frå den turen eg ville vise, men det får komme seinare...



Og mor i huset har eit brennande ynskje om å bli sett òg (tydlegvis...) for når ho handlar paraplyar så er det ikkje akkurat dei mest praktiske fargane ho tek seg ut...Men men det kan jo hende at med denne nokon vil oppfatte meg som søt og morosam...? Verd eit forsøk er det iallefall....
Ja, de treng ikkje seie meir, det ser unekteleg ganske stusseleg ut! Men eg var jo tvungen å rydde unna bordet som dataèn stod på, og forsåvidt alt det andre der inne...For no skal golvet målast! Kanskje eg tek veggane og taket eit strøk til òg...Fargen på golvet vert lys grå (gråmynte) som me har i det andre soverommet og gangen oppe...(skal ikkje seie kva som er på dei to andre soveromma....men det liknar veldig på tre, og er det IKKJE! Huff...)
MÅ nett ta med eit bilete av ei aldeles nydeleg rose som eg akkurat har planta i hagen...(søren no gløymde eg namnet igjen....) Men det var ein gammal rosetype, men den passar dessverre ikkje godt å ta inn...men for ein dag og to stod den nydeleg i stova mi..! Ha ei fin veke alle! Og eg takkar kjempemasse for hyggjelege kommentarar! Eg kjem nok innom dekan alle i hop...(medan målinga tørkar...hihi)













Nokre bilete av hytta (før festen var igang vel og merke...)Hytta er ikkje heilt ferdig, og møbleringa er samla litt frå både her og der...Men det kjem seg...snart...
Dei litt merkelege kakene i framgrunnen er heimebaka rullekake....(trur dei skal vera slik...) gode var dei iallefall...

Det vart masse fine pakkar. Blant anna desse kjempesøte støvlane, som har vore i skikkeleg bruk etterpå...sidan regnet kom veka etter...
Kort sagt hadde me ein koseleg bursdag, og det trur eg 1-åringen vår synes òg. Ho gjekk å smilte heile dagen og var så fornøgd! Iallefall etter at ho oppdaga bosspannet som eg hadde plassert sånn litt i bakgrunnen....oppi der var nemleg både halvetne muffins og anna godis....hihi...men litt kjekt skal ein vel ha det når ein er 1 år og alt framleis er lov...?





