På tide med eit innlegg att... Og sidan eg er ei av dei som stadig er på jakt etter små unike skattar, MÅ eg innom brukthandelen kvar gong er eg i nærleiken...Og denne gongen fant eg eit søtt putetrekk med fine broderte blomar på.
Men det er jo bra for meg då, iallefall at nokon gjev det vekk til ein brukthandel... Eg beundrar alt arbeidet i alle dei små fine blomane...Takk til kven det no var som gjorde det. Synes fargane var så fine på dette putetrekket, spesielt den grønne fargen, eg kjenner at eg likar grønt for tida...



Men den er jo nydeleg då, våren i fjor altså! Og minst lika fin er den i år òg! Det er berre det at eg har enno ikkje hatt tid til å nyte den...men eg håpar helga skal bringe med seg late gode dagar/timar....
Eg skal ikkje leggja skjul på at det er herleg å endeleg ha fri! Etter 14 dagar med altfor masse jobbing, for mange møter og altfor mykje som skjer utanom + for lite søvn...Skal det bli herlig med litt avkobling. Me har planar om ein tur på hytta til svigers, og håpar me kjem oss opp allereide i morgon.

