laurdag, februar 19, 2011

Lys!

 

Endeleg var det vår tur!
SOLA kom inn glaset til oss i dag, for fyrste gong sidan midten av oktober...
Ikkje rart det vert glede i huset!
Iallefall hjå meg...

NO er endeleg vinteren slutt.
Det er iallefall bestemt, for når sola fyrst kjem, går vegen raskt mot lysare tider.

Eg sat stille i ti minutt...



 ute...



Eg er veldig glad i vinteren når den kjem, og at sola er vekke i nesten fire månader (!) gjer ikkje så mykje til dagleg. MEN når den fyrst kjem tilbake har eg lyst å juble!!

Det er fyrst då ein merkar kva ein har gått glipp av...

Vegen er ikkje lang til fjells, der sola er heile året, men det er kjekt å få den inn vindauga heime...

Det er ei hektisk helg i heimen, eldsteguten er heime ein svipptur på perm frå militæret.
Eg bakar bollar og rundstykker, kokar kaffi og prøver alt eg kan for at guten skal ha det bra...

Det er godt å ha alle mine under same tak ei lita stund.

Ha ei super helg alle som er innom!!
:)



måndag, februar 14, 2011

Ei tid for alt...


 Eg kan vel seie som Kari Bremnes; Det fins ei tid for alt...

Ei tid for bursdag til far i huset; hurra!
Ei tid for skikarusell, kjekt.
Ei tid for solfest i barnehagen, morro.
Ei tid for jobb.
Ei tid for morsdag...kjekt å bli hugsa...
Ei tid for fjelltur i strålande sol (og kald vind..).
Ei tid for trening...svett..
Ei tid for måling av kjøleskap...(veldig spontant..hahaha)
....det var berre det at all tida skulle finnas denne veka...

Difor vart det ingen tid til blogg..
Men slik er det.



Bilete frå den delen av Hardangervidda som er "heime" for oss...
Utruleg flott!

..Og ja, det går heilt fint å male kjøleskapet. Eg har brukt tavlemaling (hadde ein skvett att...), og slik ser det ut etter eitt strøk. Vurdere å male heile...iallefall gjenta med eit strøk eller to.
(PS eg har IKKJE grunna...DET hadde eg ikkje tid til..haha..)

Håpar du har det kjekt og travelt du òg!



søndag, februar 06, 2011

Ei fin helg

 Helga starta med bursdag for eldstejenta, 17 år, og tida går ALTFOR fort!
Kaker og kjekt besøk høyrer med.

Minstemor har delteke i sitt livs fyrste skirenn, eg var skeptisk til korleis det skulle gå, i og med at eg har gått på ski med ho før...
Men kven skulle tru at ho smilte og lo heile vegen! Skigåing var definitivt kjekkare med nr 53 på magen...
Haha...

Kjekt, når det var pølser i brød til premie for mistemor og pappen, og tur i skitrekket i premie for mammo...
Knallkjekt!

Ein bunt med Eskimo ullgarn er plukka fram til rein terapi på ein sundags føremiddag. Tenkte eg skulle hekle meg ei pute, er så utruleg mange flotte strikkaputer der ute i bloggverda. Mi vert hekla, av den enkle grunn at eg hadde heklenål str. 9 og ikkje strikkepinnar...



Sjølv om det er pudderføre og flotte forhold i fjellet, slit me med slaps og utruleg mykje vatn rundt huset her i bygda. Forholda ligg godt til rette for maling og pusling inne...godt me har utstyr til det òg.

Men no ventar neste bursdagsbarn på oss!
Hipp hurra for Britt!
Me er på veg...

Håpar du har hatt ei fin helg òg!

tysdag, februar 01, 2011

Heia Husfliden...

Ja, sant den er fin!? Ny drikkeflaske til heimen. Tenkte kanskje minstemor kunne få bruke den, men det kan jo hende eg òg må få låne den litt...


Mogeleg eg er litt treg, men eg har ikkje sett slike før..? Har sett same (gode gamle mjølkekartong-)mønsteret på klær, diverse bodyar og sånn, men altså ikkje drikkeflaskeutgåva.

Så fint den pyntar opp på disken.

Og ja, den kjem frå Husfliden, eg veit ikkje kva merke den har fordi eg har kasta alle lappar som følgde med (typisk). Men kanskje det er nokon der ute i bloggverda som veit?

Sidan sist, har det vore travlet. Og framfor oss ventar masse bursdagar...

Eldstejenta fyller år på torsdag, HURRA! Så i morgo blir det bakedag på meg og minstemor.



onsdag, januar 26, 2011

Frisk...

Det tok si tid, å riste av seg denne sjukdommen...
Eg håpar det går ei stund til neste gong.

Takkar så utruleg mykje for alle god-bedring-meldingane!
Om ikkje ein vert frisk av slikt, blir ein iallefall veldig GLAD...

Me har kosa oss med fridag og besøk av bestemor i dag, stor stas med besøk...
Kaffi, vafler og litt skravling høyrer med.
Godt med slike dagar der alt anna får ligge, iallefall ei lita stund...
 Bileta er av ein Fretex-lysestake eg kjøpte for 15,-kr.
Synes den var fin eg...

Og utsikta frå kjøkkenglasa mine, var ikkje så aller verst den heller, sjølv om eg ser verken hav eller store vidder har det sin sjarm med ein gamal eplealè og fjellvegg òg...hihi

I morgo er det jobb og barnehage att, så er det jammen snart helg!
Ja, eg veit...

laurdag, januar 22, 2011

Oppmuntring...

Ja, me treng verkeleg ei oppmuntring her i heimen for tida. Eg angra skikkeleg på at eg skreiv eg var klar...(sjå førre innlegg...)
For denne veka (og helga) var eg absolutt IKKJE klar for...

Det starta med stakkars vetla dokkemor, klaga over vondt i magen... men som den pedagog eg er (kremt..), sende eg ho i barnehagen likevel (overtala ho til at ho nok berre var litt svolten..osv..)
Uff og nei!
Måtte hente ho i løpet av føremiddagen..
magesjau...



Og sidan har det gått slag i slag.
Fyrst mannen i huset...
...så meg.

Og siste men ikkje minst eldstejenta...(som er heime i helga)

Desse oppmuntrande bileta treng me verkeleg!
Blomane kjøpte eg førre helg, og bileta tok eg på onsdag...
..rett før sjukdommen tok oss...


 
Det beste er at dokkemor er frisk som ein fisk att! Ho et og dansar...
Mannen er så og seie bra...

Eg fekk meg ein ufrivillig heime-dag på fredag, men sit oppreist i dag...
Eg håpar me er over det verste...

Og ute lavar snøen ned...trallala...


søndag, januar 16, 2011

Ei fin helg...


 Ei kjekk og innhaldsrik helg er over. Måndagen kjem før ein veit ordet av det...
Men, det er heilt greitt, iallefall når helga rommar så mykje.

Litt tusling i heimelaga tøfler (takk mamma!) vart det tid til (herleg).
 Det vart sjølvsagt litt rydding og vasking, det er alltid godt (iallfall når ein er ferdig...).

 Perling ved kjøkkenbordet er ein fin innesyssel, etter at me har plaska litt i regnet, sjølvsagt.
Regn gjer ingenting no...berre godt.

Trultemor har vore på bading for fyrste gong (eg veit me er litt trege), pappen tok ho med og det var kjempestas!
...medan mor fekk kvila...(viktig det òg)


Og sist men ikkje minst, har trultemor vore i kjekt bursdagselskap til ein flott 4-åring!

Difor kan måndagen berre komma...
Eg er klar..

Håpar du er klar òg!

onsdag, januar 12, 2011

Frisk luft...

Ja, eg synes faktisk det er utruleg fint ute no.
Reknar med det er snø der du er òg? Iallfall om du er i Noreg...

Me fekk oss ein fin tur ut i dag, aketur med niste.
Det vart ikkje så mykje aking, for mykje snø i bakken...me sank berre nedi..
Det enda med at eg drog dokkemor ned bakken.


 Men me fekk oss ein knallfin tur i frisk luft!
Det er ikkje så mykje snø her, i forhold til andre stader, men veldig mykje i forhold til kva me brukar ha her...
Så eg er nøgd.

Me har så flott turterreng rett utanfor huset vårt. Små fine stiar å vandre på, dokkemor viser veg...
Akkurat passe langt for treåringen.

 Eg håpar snøen ligg på trea leeenge...


Etterpå går me inn og varmar oss, dokkemor kosar med "hesten" sin...


Eg fyrer i ovnen og lagar kaffi...
Hmmm det er verkeleg herleg med ein fridag midt i veka.
Eg veit eg er heldig.

I morgo er det full rulle att.

Sjåast snart!

søndag, januar 09, 2011

Ommøblering...


Veldig ofte etter jul er det ommøblering hjå oss. Tippar eg ikkje er åleine...
Den gamle stolen har stått her i stova heile jula (eg klarar ikkje bestemme meg om den er stygg eller fin...)
Den har uansett fått selskap av bordet som tidlegare stod på kjøkkenet, der står det no eit litt mindre (får vise det ein anna gong..)



Kroken er blitt min favorittstad med ettermiddagskaffien.
Og avisa sjølvsagt..

Berre ei bittalita stund...

Bordet kjøpte eg av ei snill nabodame som skulle kaste det.
Eg har pussa bordplata, men føtene fekk vera slik dei var...


Det er faktisk plass til to...
Om du er snill, så ser du vekk frå irriterande rot under stolen, og dumme ledningar under bordet...
Haha

Helga har vore kjekk og stille.
Ein tur i skitrekket vart det plass til, med herleg nysnø, sjølv om det blas frykteleg..

Då er me klare for ei ny veke, håpar du er det òg!


fredag, januar 07, 2011

God helg!


Allereie ei veke inn i det nye året...
Me starta med å sende guten vår i militæret (saknar han allereie).
Det er tomt utan ungdomar i hus, eldstejenta går på vidaregåande skule og bur på hybel hjå besto si, men ho kjem heldigvis heim i helgene.

Det er jammen godt me har dokkemor att her heime, slik at me har noko å gjere på...
 ...og ho held oss visst i arbeid...


 På øvste bilete har eg lagt på ny "duk" på kjøkenbordet, som eigentleg er ei gardin frå Fretex. Synes den var så fin med "vintertre" på.

Ny flott Jielde-lampe, som me kjøpte før jul er komen godt fram no, etter at julekrybba er pakka vekk.

Og eitt av dei flotte dokkehusa som kom i hus til jul har fått plass på kjøkkenet...

Kjekt med litt opprydding og omorganisering etter jula...

No er det helg att, etter ei hektisk veke.
Håpar du nyt den!

Eg håpar verkeleg på ein skitur i helga.

Ha ei riktig god helg!

søndag, januar 02, 2011

Ein liten (halv) kavalkade


Som så mange andre bloggar, synes eg òg det er kjekt å bla tilbake i arkivet, for å sjå kva bloggåret 2010 inneheldt.

Eg har laga små biletseriar som kvar representerar ein el. to månadar...



Eg fekk med meg mange gode loppekupp i 2010, eit godt loppeår, med andre ord..




 



Siste bilete med eit glimt av fotografen sjølv...titthei!

Grunnen til at kavalkaden ikkje går lenger enn til juli 2010, er ganske enkelt at PC èn eg byrja å bruke etter det, kræsja rett før jul (skikkeleg pyton...). Eg får ikkje tilgang til bileta...
..men eg likar å tru at alt håp ikkje er ute, må berre få den levert til ein ekspert fyrst...

Til slutt vil eg nok ein gong takke for alle flotte kommetarar frå de der ute! Eg tek meg ein runde innom dykk med ein gong..

Eg håpar på masse ny inspirasjon frå dykk alle i 2011!