torsdag, april 21, 2011

Påskefri!

 Jodå, det er påskefri her òg...
Men mykje som skjer fort, gjer at tida går så altfor fort...

Flotte nye/brukte eggeglass i tre fant eg på ein bruktbutikk, synes dei var fantastisk fine!
Då gjenstår berre å klare å samle familien til ein felles frokost..
Det er lettare sagt enn gjort...
Håpar...

Litt vasking og rydding høyrer med i påsken. Eg likar faktisk at det er ryddig rundt meg...
Og då er det nesten kjekt å rydde...

Klede til turk på snora, plenen byrjar å bli grøn...
det er verkeleg nokre herlege dagar no framover.

Dokkemor er tidleg våken, og då rekk me å male påskeegg før sola kjem og me må ut.
Me fekk nett nok til å pynte ei lita busk i stova...



Me har allereie hatt nokre flotte dagar på hytta til svigers i fjellheimen, då er det nok skigåing for i år, tenkjer eg.

Vår flotte son var heile 20 år (!) i går...
Og det synes eg det er verdt å feire, sjølv om guten sjølv var vekkreist på dagen.

Me er verkeleg stolt av den flotte guten vår!
Og heile 20 år sidan me var nybakte foreldre og eg berre 18 år...
Spennande og skummelt...

Håpar blogginnlegga kjem litt tettare framover...
Og ikkje minst at eg får tid til å kikke innom alle dei flotte bloggane rundt om kring.

Ha ein fin dag i sola!

laurdag, april 09, 2011

Rom123 og ny lampe...

Heisann, der var eg igjen. Veeldig travlet for tida...treng vel ikkje seie meir...

Eg har vel aldri lagt skjul på at me bur i ein aldri så liten avkrok av landet vårt,
laangt til næraste tettstad, og tungvindt veg dit med ferje tunnellar osv...

Difor er eg ein flittig brukar av internett når kjøpelysta tek aldeles overhand...haha
Eg kan jo glatt innrømme at eg likar forandring...
Ny lampe frå Clas Olsson har funne vegen via nettet til oss!

Har sett slike rundtomkring på diverse bloggar og blader den siste tida, og synes dei er knallfine.


Dei finnes nok i ein dyrare versjon òg...
Denne kostar kr 69,- pluss lyspæra til 49,-

Ein hyggjeleg pris på ei lita forvandling...

Godt og behageleg ljos er det i den òg..


 Så til slutt må eg nett reklamere for det siste bladet frå Rom 123...
Som de kanskje hugsar hadde eg fotograf og journalist på besøk her i mai i fjor.
No er artikkelen kome på trykk!

Eg synes det vart ein fin reportasje, kjekt og litt skummelt...
Kjekt å sjå kor mykje som er endra på berre eitt år, for det er skjedd mykje i heimen etter at desse bileta var tekne...

Men då har eg iallefall sagt det.
No skal eg til fjells på hytta til svigers med ved.

Håpar på ein knall-dag i sola!

søndag, april 03, 2011

Gangen vår..

 Som dei som har vore innom her før kanskje veit, så bygde me på huset i haust.
Eg har igrunnen litt dårleg samvittigheit for at eg ikkje har vist så veldig mykje anna enn kjøkken av det tilbygget.

Men det har sine grunnar...



I dag dristar eg meg til å vise litt bilete frå gangen vår.
Eit rom det skulle vise seg litt vanskeleg å møblere...

Me har valgt å sette opp eit klesskap frå IKEA, det heiter konsmo...
Eg berre måtte få vekk mesteparten av kledna i gangen, og det var det einaste skåpet eg synes var litt fint...


Me har eitt trinn ned frå skapet og til nytilbygget...og resten av gangen.
Her kikkar du rett inn på kjøkkenet frå gangen, eg står med ryggen til ytterdøra...

Elektrikar er ikkje ferdig enno (uendeleg laaang ventetid, visst...), difor stikk det litt ledningar opp her og der...
Trinnet ned har me kledd med ei metalllist laga av ein blikkenslager, den er lik som på kjøkkenet.
Ein av dei tinga eg kanskje angrar litt på i gangen vår, er at me ikkje sette inn eit vindauge ved sida av ytterdøra...

Litt vanskeleg å få godt foto-lys her..


Måtte berre avslutte med nokre litt vårlege bilete...
Sola skin veldig godt innimellom litt regn her hjå oss.

Kjenner at det er reine vitaminbomba å sitje ute i sola no.
Snøen er nesten heilt vekk og eg ser at det spirer og gror i hagen.

Elles i helga har me alle vore samla under same tak att, storebror, eldstejenta og dokkemor, eg kan ikkje få det betre!
Gullklumpane til mammo vil dei alltid vera, same kor store dei blir!

Ei ny veke står for døra,
ein må berre stupe i det...

Håpar veke blir bra!

Klem til deg!


søndag, mars 27, 2011

Eit hekleprosjekt ferdig...

Dei som har kikka innom meg ei stund, hugsar kanskje desse bestemorrutene?
Det er nemleg ei stund sidan eg byrja på det som kanskje skulle bli eit teppe til dokkevogna til trultemor...
Men av og til strandar prosjekt, og eg blir berre lei...
...mest lei av å feste alle trådane på kvar lapp.

Men eg måtte jo gjere noko med dei som var ferdige,
difor hekla eg like godt eit bakstykke i beige og oransje,
sydde alt saman...
Så vart dei ei pute i staden...

Ferdig!

Eg likar ikkje å ha slike halvferdige prosjekt liggande, spesielt ikkje når eg er byrja på eit nytt.
Trur eg får dårleg samvit av alt garnet eg "sløsar" vekk...

Det er ikkje måte på alt ein skal tenke på...

Eg likar fargane på puta, men veit ikkje heilt kvar den skal vera.
Den får leva sitt liv litt rundtomkring...



I går hadde me eit nyydeleg vêr!
Eg fant ein ny plass i sola.
Etter at me bygde på i fjor haust, vart det liksom litt nytt ute òg...
(ei midlertidig trapp laga av mor sjølv, ser de på det eine bilete...hihi, kanskje ikkje så fin lecastein?)

Sjølv om det snøar lett ute no, vel eg å tru at våren er komen!

Eg gler meg uansett!



onsdag, mars 23, 2011

Medan regnet pøsar...



Litt kvistar frå kirsebærtreet vårt fekk bli med inn i dag.
Me har vore ute og plaska, spadd og hakka is...

Det høyrer med ein liten luftetur på fridagen vår...
Kvistane er banka i enden i håp om at søte små kirsebærblomar skal sprette ut i stova, eg har fått det til før...
Håpar...

Ny oppvaskklut er i produksjon, ny farge denne gongen..
Den vart grønn fordi det var den einaste fargen dei hadde att i bommullsgarn i denne vesle bygda vår.

Men grønt er jo fint...
Minnar om våren som kjem snart.

Me har syndeflod her for augneblinken, det verkeleg pøsar ned.
Vatnet fant til og med vegen inn i kjellaren vår...
Ikkje morro!

Me brukte nokre timar på å grave og hakke oss gjennom isen, slik at vatnet fant ein anna veg.
Heldigvis ingen store skadar...

Difor nyt eg kaffikoppen og hekletøyet i dag.

Ha ein super dag du òg!

søndag, mars 20, 2011

Heimelaga



Eg får ei slik god kjensle når eg lagar noko fornuftig.
Det er så utruleg kjekt å kunne lage noko som ein verkeleg har bruk for, som ikkje berre er til pynt...

Men sjølvsagt kjekt om det blir litt fint òg...

Me trengde fleire gryteunderlag, og eg hadde sisal-garn (er det det det heiter??), og på ei lita stund hadde eg hekla meg eit litt stort og godt gryteunderlag.
Kjekt!

Men ikkje nok med det...
Til jul fekk eg av vetlasysto mi ein superfin og veldig god heimehekla oppvaskklut, knallfin!
Sidan då har eg tenkt på at eg skulle laga meg fleire slike, og no endeleg har eg hekla meg ein til.

Neste gong eg er utanbygds skal eg kjøpe masse meir bommullsgarn og sette igang ein stoorproduksjon av slike klutar! Dei er supergode!


Den er hekla i vanleg bommullsgarn, på pinne 4. Eg dikta mønster med tre rader fastmasker og ei rad med stavar..heilt til eg var tom for garn.

Eit nøste = ein klut
(hugsar dessverre ikkje kva garnet heiter..typisk)


Helga er ikkje over enno...
Men til no har me hatt det veldig fint.

Dokkemor kom superstolt heim frå skirenn på laurdag med medalje og pokal!
Trur aldri eg har sett eit stoltare ansikt...
Berre nokre utvalgte får lov å røre gevinstane...

I dag er det husarbeid og ein liten innsats med bilvask...

No skal eg hente eldstejenta på jobb...

Ha ein flott sundag!

fredag, mars 18, 2011

søndag, mars 13, 2011

Litt av ei helg...

Tittelen i dag er noko tvetydig...

Me har sett på TV her òg...

Mållaus...

Men
Her kjem iallefall litt av mi helg...

Ein ny stoor koloss av eit skap har funne sin plass hjå oss, eller det har den igrunnen ikkje, for eg veit ikkje heilt kvar eg har plass til den.

Ikkje at den er såå stor, men utruleg tung!
Eg har ønska meg eit arkivskap lenge, tenk kor smart å samle alt mogeleg oppi dei store skuffene...
Men kva? Det er framleis litt uklart...haha

Meininga mi var å ha den på kjøkkenet, men den var rett og slett for djup (altså ikkje brei, men lengda bakover... korleis forklarar me det??)

Me finn vel ein plass snart, eg har jo fått "nytt" kontor i helga.
Eldstejenta har hatt vinterferie denne veka, og ho har bytta rom. Ho overtok frivillig mitt gamle (og heller vetle) kontor, så fekk eg hennar rom til nytt og romsleg kontor! Supersnill!

Men som de ser, SÅ ryddig kan det jo ikkje bli lenge...
(dette er berre eit ekstrabord eg har ved sida av skrivebordet mitt)
Fargen på veggen heiter Sand, og eldstejenta fekk velge den ut heilt sjølv då ho i si tid flytta inn her. Kanskje den er moden for overmaling?
No har eg iallefall plass nok.

Takkar for alle supre fargetipsa i førre innlegg! Eg trur eg heller mot at sennepsgult blir ein ny favoritt hjå meg, må berre finne noko fint med den fargen fyrst.

Me sjåast!

torsdag, mars 10, 2011

Heklapute


Då var endeleg heklaputa mi ferdig!
Den glir fint inn i sofaen...

Med fare for for mykje grått, må eg kanskje sjå meg om etter andre fargar snart..?
Nokon som har tips? Kva passar til masse grått?? Haha...eg har byrja med litt blått, me får sjå, det ligg jo alltids litt rot innimellom hjå meg òg (tru det eller ei), og det er ofte i riktig skrikande fargar...hihi

Eg har funne fram ein gamal vase frå IKEA, dratt på litt av gensaren eg klipte sund her tidlegare.
Vart litt ny med ljos oppi...

Hekleputa er eigenkomponert med berre fastmasker og hekla med pinne 9 i nydeleg Eskimo-garn, mjukt og godt.
Gjekk veldig fort å hekle når ein fyrst sette i gang (vart berre litt mykje avbrudd for meg...).


Ein nydeleg heimelaga cappuccino er ikkje ei dum avslutning på ettermiddagen...

Kos deg litt du òg!

onsdag, mars 02, 2011

Ny innflyttar på kjøkkenet

Her går det i ein viss fart for tida, mykje som skal gjerast når ein har litt ferie!

Etter mykje om og men har me endeleg fått på plass denne gamle disken på kjøkenet, den har vore oppbevart i hagehytta vår, mykje på grunna av at me ikkje har hatt plass til den, og litt fordi eigarskapet til disken er litt uklart..(hmm kva seier du kjære søte svigerinne??).

No tek eg altså sjansen...

Den kjem får min mann sin familie og var laga av hans bestefar.

Eg synes den er nydeleg...

Eg måla den i fargen "morgenlys" for fleire år sidan, den opprinnelege fargen ser du på innsida av skapdøra lenger nede..(den raude fargen).

Eg synes den passa så fint her, eg elskar å blande nytt og gamalt...


 På bilete til venstre ser du den gamle delen av kjøkkenet vårt som fekk stå igjen etter ombygginga i haust...
På bilete til høgre ser du motsatt side av kjøkkenet.



 Ei fin grøn oljeflaske frå Åhlens...




Inni skapet får den bitte-vetle gamle microen vår plass (arv etter mi bestemor, faktisk..hihi).

Den turkise fargen heiter "isvann", og den raude er den opprinnelege fargen på disken.

No gjenstår det å seie at ingen av skuffene har botn og det andre skapet manglar hylle, så det er litt arbeid med den enno. Men det er berre kos...

I dag skal eg og vetlemor på miniferie til bestemor på Voss!
Me håpar å sjå både søskenbarn, tanter og onklar på turen...

Ha ein fin fin dag!

Her skin sola, jippi...